Norborg/Brattvåg2 – Larsnes/Gursken 2-1 (0-1)

Norborg/Brattvåg2 – Larsnes/Gursken 2-1 (0-1)
4. divisjon, Uggedal KGB 25.04.2019

Sjansar: 5-4
Hjørnespark: 4-4

0-1 Sondre Bringsvor (35)
1-1 Magnus Austbø Seth (49)
2-1 Magnus Austbø Seth (90+2)

Heimelaget trakk til slutt det lengste strået i ein tett og lenge sjansefattig kamp i Uggedalen. Gjestane leia til pause då Sondre Bringsvor scora på omgangens einaste sjanse. Norborg starta og avslutta 2. omgang best og snudde kampen etter to mål av Magnus Austbø Seth. Larsnes/Gursken hadde eit par store sjansar mellom Norborg sine mål, men alt i alt så var det greit at Norborg til slutt stod igjen som vinnarar. Ikkje minst sidan ein vart snytt for eit soleklart straffespark sju minutt før slutt.

-Episk slutt på kampen. Vi er skikkeleg misfornøgd med det vi gjer i 1. omgang. Responsen frå spelargruppa i 2.omgang er fantastisk. Vi liknar meir på oss sjølve og gjennomfører ein god omgang. Når vi då avgjer kampen med ein innøvd variant to minutt på overtid så blir ikkje det betre, sa trenar Kristian Søviknes.

Det var to godt organsierte og hardkjempande lag som møttast i Uggedalen til serieopning i 4. divisjon. Gjestane starta med vinden i ryggen, men greidde ikkje å utnytte dette med sjanseskapande fotball. Det vart mange duellar og lite konstruktivt spel. Magnus Jenssen var nærmast scoring då han snappa opp ei svak utboksing frå gjestane sine keeper, men forsøket frå Jenssen frå 17 meter gjekk via eit par spelarar og ut i ingenting.

Ti minutt før pause beinar ein Norborg-spelar i duell ballen feil veg på bana. Ballen gjekk i bakrom mot eige mål der ein Gulars-spelar har fått eit forsprang på Norborg sitt forsvar. Assistentdommar vinkar for offside, men dommar vinkar spelet vidare sidan ballen kom frå Norborg. Gulars kom rundt på kant og fann Sondre Bringsvor framfor mål som tuppa ballen i nota til 0-1. Resultatet stod seg til pause i ein omgang meir prega av godt forsvarsspel enn godt angrepsspel. Norborg fann aldri rytme og samhandling i sitt spel.

Etter pause vakna heimelaget. Niklas Rekdal kom inn på midtbana, tok tak i ballen og Norborg fekk stå høgare i bana. Få minutt ut i omgangen kom utlikninga då Magnus Austbø Seth snappa opp ei svak pasning og banka ballen i nota frå 30 meter. Etter utlikninga var det lenge stillingskrig, men i dei siste tjue minutta opna kampen seg opp. Begge lag fekk sine sjansar, men sleit med avslutningane. I tillegg vart Norborg snytt for straffe då Gard Rogne vart hekta innafor 16 meteren. To minutt før slutt såg mange ballen i mål då Kristoffer Søviknes fekk eit innlegg på bakarste. På ein normal dag hadde nok headinga gått innafor, men denne gongen gjekk den ti centimeter utanfor.

På overtid får Larsnes/Gursken corner. Gard Rogne klarerer langt mot Magnus Austbø Seth i bakrom. Seth jagar oppspelet, får eit nydeleg medtak, spring frå forsvaret og scorar sikkert åleine med keeper. 2-1, og tre herlege poeng til Norborg/Brattvåg2.

Neste kamp er borte mot Blindheim fredag 3. mai kl. 1830. Vi håper mange tek turen til Blindheim slik som i fjor.

Laget: Neydson Da Silva – Nikolai Jensen (Per Kristian Grytten Søvik, 58), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Patrik Hjelmseth (Jensen, 86) – Ole Johan Urke (Kristoffer Søviknes, 58), Emil Mordal (Niklas Rekdal, 46), Gard Rogne, Magnus Jenssen (Jesper Vos, 74) – Fredrik Hurlen (Siver Davik, 74), Magnus Austbø Seth.