Tapte generalprøva

Norborg/Brattvåg2 – Midsund 3-4 (1-0)
Treningskamp, Uggedal KGB, 16.04.2019

Sjansar: 11-10
Cornere: 7-3

1-0 Magnus Austbø Seth (17)
1-1 ? (51)
1-2 ? (65)
2-2 Magnus Austbø Seth (65)
2-3 ? (77)
2-4 Sjølvmål (82)
3-4 Per Kristian Helle Hildre (87)

Det vart ein sjanserik og underhaldande kamp i Uggedalen når Norborg tok imot 4. divisjonslaget Midsund. Heimelaget starta best og burde ha leia meir enn 1-0 ved pause. Diverre greidde ein ikkje å følge opp etter kvila. Trenar Søviknes fekk kort tid ut i omgangen spørsmål om laget hadde tatt badstu i pausa. For spelarane var sløve i presset, det var stor å avstand mellom lagdelane og Midsund fekk ofte fritt spelerom. Leiinga vart dermed snudd til tap. Det positive vi tek med frå kampen er at ein skaper godt med sjansar sjølv i ein svak omgang.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik (Jonas Holmeset, 46), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth (Tobias Jensen, 55), Kristoffer Søviknes – Vidar Nilsen Rogne (Erik Vågnes, 61), Siver Davik (Jesper Vos, 61), Gard Rogne (Davik, 74), Magnus Jenssen (Nilsen Rogne, 74) – Fredrik Hurlen (Per Kristian Helle Hildre, 61), Magnus Austbø Seth.