100-målsklubben!

Då Magnus Austbø Seth sette inn 8-0 målet mot Guard sørga han for at Norborg/Brattvåg2 kom inn på den eksklusive lista for klubbar som har nådd minst 100 scora mål i ein sesong. Norborg/Brattvåg2 er det 16. herrelaget på Sunnmøre som har greidd denne bragden. Kvamsøy var det første i 1989. Eit lag som for øvreg også spelte i oransje drakter. Skarbøvik sitt 2. lag har målrekorden med 123 i år 2000.


At eit lag slepp inn minst 100 mål skjer langt hyppigare. Heile 31 gongar har dette skjedd, med Dalsfjord som det første i 1987. Hildre er dei flittigaste på lista. Dei slapp inn over 100 mål fire år på rad (1989-1992). Norborg gjorde dette i 1997, og med 2. laget i 2011. BAUFIL/Haddal har rekorden med 301 mål imot i 2004. Den rekorden trur vi vil stå ei god stund.