Norborg/Brattvåg2 – Guard 8-0 (2-0)

Norborg/Brattvåg2 – Guard 8-0 (2-0)
5. divisjon, Uggedal KGB, 26.10.2018

Sjansar: 22-1
Cornere: 19-2

1-0 Magnus Austbø Seth (4)
2-0 Magnus Austbø Seth (11)
3-0 Nikolai Jensen (57)
4-0 Magnus Austbø Seth (61)
5-0 Magnus Austbø Seth (69)
6-0 Kristoffer Søviknes (72)
7-0 Magnus Austbø Seth (74)
8-0 Magnus Austbø Seth (89)

Kampen mot Guard var berre ein formalitet, men sidan ein kunne nå 100 seriemål for første gong, så var det spenning likevel. Etter ein tafatt 1. omgang der ein opna bra med to raske mål, så vart det langt meir underhaldande etter kvila. Heimelaget var då på hogget og sko knock-out på Guard. Minuttet før slutt greidde ein også å få inn det åttande målet som var sesongens mål nummer 100. Ein imponerande prestasjon!

Spelarane gjekk nok til denne kampen med tankar om kor stor sigeren skulle bli. Ein får då sjeldan ut sitt beste. Så også for Norborg, men ein starta kampen bra med to raske mål. Først fekk Magnus Austbø Seth notert seg eit “gratismål” då han står i vegen for Nikolai Jensen sitt skot frå 18 meter. Skotet hadde retning tre meter til side for mål, men med Seth si berøring gjekk ballen fint i mål. Seth trengte heller ikkje å gjere så altfor mykje på sitt 2-0 mål då han pirka den i mål frå kloss hald etter at Guard ikkje fekk klarert ein innlegg frå Ole Johan Urke.

Etter denne gode opninga leverte Norborg ein svak siste halvtime av omgangen. I alle fall svak ut frå forventingane. For ein hadde god defensiv kontroll og skapte også ei fire store sjansar, men let i grunn la Guard få kampen inn i sitt spor. For Guard var i Uggedalen for å begrense tapet, og lykkast med det før pause. Når eit lag går til pause med 2-0 leiing så brukar stemninga å vere god, men ikkje denne gong. Vi har aldri før sett ei so deppa stemning og ein forbanna trenar i pausepraten på ei slik leiing.

Etter pause løfta Norborg seg fleire hakk. Norborg styrte frå ende til annen og scora jamt og trutt. Nikolai Jensen hadde ein del forsøk før pause utan å lykkast. Dryge ti minutt etter pause kunne han ikkje unngå å score sitt første a-lagsmål då han og Kristoffer Søviknes kom åleine med keeper Muriaas. Søviknes spelste usjølvisk til Jensen, som putta i det tomme målet. Magnus Austbø Seth scora sitt tredje for dagen då han lobba ballen over keeper etter eit gjennomspel av Ole Johan Urke. Seth scora også 5-0 målet. Denne gong med eit presist skot oppe ved vinkelen etter pasning frå Søviknes. Kristoffer Søviknes heada inn 6-0 etter ein corner frå Urke. Kvarteret før slutt curla Seth inn 7-0 etter pasning frå Søviknes. Norborg stod no på 99 seriemål og jaga sitt hundrede, men det skulle ta si tid før det ettertrakta målet kom. Ikkje før i det 89. minutt gjekk ballen endeleg i mål, og sjølvsagt var det storscorar Seth som trilla ballen i tomt mål etter pasning frå Per-Stian Alvestad. Aldri før har ein A-lagsspelar for Norborg scora 6 mål i samme kamp. Seth har for øvreg også scora i 9 strake kampar. Det er det heller ingen i den oransje trøya som har gjort.

Magnus Austbø Seth vart kåra til banens beste framfor Kristoffer Søviknes og Nikolai Jensen.

Dette var siste kamp for året. Vi takkar spelarane for god underhaldning, trenarane for ein god jobb, Helge Uggedal for sin innsats som kampvert og støtte, samt tilskodarane for oppmøte. Takk også til Brattvåg for godt samarbeid. Vi ser fram til sesongen 2019.

Laget: Benjamin Rørhus – Anders Toven (Jonas Holmeset, 77), Kjell Terje Brusdal (Lars Mikalsen, 86), Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne (Magnus Jenssen, 86) – Ole Johan Urke (Markus Hurlsen, 86), Nikolai Jensen (Per-Stian Alvestad, 77), Gard Rogne (Siver Davik, 68), Jesper Vos (Vidar Nilsen Rogne, 46) – Kristoffer Søviknes, Magnus Austbø Seth.