Det nærmer seg slutten på årets 5. divisjon. Spenninga i toppen tok ein endeleg slutt sist veke då Norborg/Brattvåg2 feira opprykket etter siger over Langevåg, og samstundes sørga for at Blindheim er 98% sikker på 4. divisjonsspel i 2019. I botnen er det langt meir opent, og laga her ventar også spent på onsdagens kampar i 3. divisjon mellom Spjelkavik og Rilindja og Herd-Ullern. Sigrar sunnmørslaga her, så blir det etter alle solemerker berre tre lag ned frå 5. divisjon. Vi har sett litt på kampane i 5. divisjon si runde 20.
Onsdag
Guard – Sæbø
Guard haldt hendene ned og fekk seks smellar i fleisen mot Stranda sist. Har framleis heng på ståplass, men må vinne denne mot Sæbø, som fekk ein opptur med siger sist. Den første sidan dei møtte nettopp Guard, 14. juni. Vi trur Guard tek revansje og vinn denne. H.
Torsdag
Herd2 – Stranda
Stranda vann vårkampen og vann også begge oppgjera i fjor. Stranda har også eit godt tak på laga på nedre halvdel (8-1-1). Herd2 ligg utsatt til på 9. plass, 3 poeng framfor Guard på nedrykksplass. Eit lag dei skal møte i neste runde. Stranda har fysikken som sin fordel, medan Herd2 har teknikken. Vi trur det blir ein jamn kamp på Moa. U.
Blindheim – Skodje
Vi trur Blindheim sikrar opprykket i møtet med Skodje. Skodje fekk ein opptur sist med siger over Volda2 og meldte seg på kampen om 3. plassen. Likevel, Blindheim har eit betre mannskap og tek ein grei siger. H.
Volda2 – Langevåg
Volda2 har på heimebane vunne over både Norborg og Blindheim, men har vist svakheiter i det siste med tre strake tap. Langevåg var lenge gode mot Norborg sist, men måtte sjå seg slått. Er innsatsen i nærleiken av det den var då, så tek Langevåg ein grei siger. B.
Norborg/Brattvåg2 – Hovdebygda
Norborg har hatt ein formidabel haustsesong og kan ta sin 10. strake siger. Har eit godt tak på Hovdebygda og skal på ein normal dag vinne. Meir om denne kampen kjem seinare. H.
Laurdag
Fjørtoft – Ellingsøy
Sist runde vart ein gedigen nedtur for Fjørtoftkameratane. Ikkje berre tapte dei for botnlaget Sæbø, men Ellingsøy vann over Volda2. Dermed vart avstanden opp til Ellingsøy 6 poeng, i staden for at laga stod likt framfor dette oppgjeret. Dei teoretiske sjansane for ståplass er framleis til stede, men sjølv tre strake sigrar treng ikkje vere nok. Vi trur Fjørtoft er innstilt på å vinne sin siste heimekamp for året og tek poenga mot Ellingsøy. H.