Langevåg – Norborg/Brattvåg2 0-1 (0-1)

Langevåg – Norborg/Brattvåg2 0-1 (0-1)
5. divisjon, Langevåg KGB, 04.10.2018

Sjansar: 2-7
Cornere: 2-5

0-1 Magnus Austbø Seth (27)

Norborg/Brattvåg2 kunne sleppe jubelen laus etter 90 minutt med kjemping i øsende regnver på Langevåg KGB. Magnus Austbø Seth sitt mål i det 27. minutt var nok til å ta tre poeng mot eit heimelag som gjorde det vanskeleg for dei oransje. – God prestasjon mot ein god motstandar. Vi gjennomfører igjen solid å gjer den jobben vi skal gjere. Deilig å avgjere opprykket tre runder før slutt, og føler det er særs fortent med tanke på det vi har gjort denne hausten. Spelarane har stått på og prestert prima. Nå gjenstår det tre kampar og dei skal brukast til å sikre KM-tittelen, sa trenar Kristian Søviknes.

Alt press låg på heimelaget før kampen. Dei måtte vinne for å halde liv i draumen om opprykk, medan Norborg ville med siger eller uavgjort, vere klar for 4. divisjon allereie tre runder før slutt. Det var lenge stillingskrig på den regntunge bana. Ingen av laga greidde å skape sjansar eller få eit spelemessig overtak.

I det 27. minutt gjorde Langevåg feilen Norborg venta på. Per-Stian Alvestad mottok eit dårleg utspel 15 meter inne på Langevåg sin halvdel. Han spelte direkte i bakrom til Magnus Austbø Seth, som tok med seg ballen inn på 16 meter og sette ballen sikkert i mål åleine med keeper til 0-1 på kampens første sjanse. Nokre minutt seinare var Vinjar Vedde nær ved å utlikne då han raga høgast på Vetle Nossen sitt innlegg, men ballen gjekk over mål. Ole Johan Urke fekk sjansen til å doble Norborg si leiing eit par minutt seinare då han fekk lade skotfoten på 15 meter, men over og ut. Dermed 0-1 i ein sjansefattig omgang med mykje kjemping.

Langevåg pressa Norborg i starten av 2. omgang, men bortsett frå at Kristoffer Søviknes sette ballen i eigen tverrliggar etter eit frisparkinnlegg, sleit heimelaget med å skape sjansar mot eit defensivt solid bortelag. Etter kvart starta Norborg å ta over kampen og skape sjansar med Magnus Austbø Seth i hovudrolla. Fire sjansar vart enten stoppa av keeper, eller av ein lite medgjerleg stolpe. To av sjansane vart skapt av herlege stikkarar av Marius Fylling Rogne. Joakim Barstad var ein centimeter for kort til å heade inn ein corner, medan Kristoffer Søviknes ikkje hadde finstilt skotfoten frå 15 meter. Dermed enda det med 0-1, og fortent siger til Norborg/Brattvåg2.

Keeper Henrik Hansen var stort sett arbeidsledig, men dirigerte laget på ein suveren måte. Stoppar Joakim Barstad har lenge vore ute med sjukdom, men viser at forma er i anmarsj og var solid.

Laget: Henrik Hansen – Nikolai Jensen, Kjell Terje Brusdal, Joakim Barstad, Tor Abelseth – Ole Johan Urke (Vidar Nilsen Rogne, 55), Gard Rogne, Kristoffer Søviknes, Patrik Hjelmset (Marius Fylling Rogne, 64) – Thomas Aarsund (Per-Stian Alvestad, 4) (Ruben Holmeset, 55), Magnus Austbø Seth.