Vi har sett på laga sin innsats opp mot “ekspertane” sine tabelltips når 2/3 av sesongen er gjennomført. Før sesongen var det venta at trioen Langevåg, Norborg/Brattvåg2 og Blindheim skulle kjempe om dei to opprykksplassane, medan Guard, Ellingsøy og Sæbø skulle få slite i botnen.
Norborg/Brattvåg2
Samarbeidslaget frå Haramshalvøya trøbla i starten med berre 4 poeng på dei 3 første, men har sidan det funne forma å klatra opp til 1. plassen. Står med fem strake sigrar og 29-3 i målskilnad på desse kampane. Banka også sin argaste konkurrent Blindheim med 5-2 på bortebane i sist kamp. Det ser unekteleg bra ut der spelarar som Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal og Ole Johan Urke har fått ein ny vår saman med ungdomar som har tatt nye steg i løpet av sesongen. Likevel, kampane i vår viste at også dette laget må ha 100% fokus og innsats for å vinne.
Blindheim
Den nye trenaren Preben Austnes Lorgen fekk implementert sin spelestil raskt og Blindheim leia divisjonen frå 1. til 14. serierunde, men måtte sjå seg passert av Norborg/BIL2 denne veka. Vann imponerande 8 av dei 9 første kampane, og hadde då 5 poengs forsprang på Norborg/BIL2. Hadde då ei imponerande angrepsrekke i Eivind Skovly, Tobias Aasen og Bjørnar Johansen. Desse er av ulike grunnar ikkje med no, men har fått inn erstattarar som også held eit godt nivå. Om vi skal trekke fram ei svakheit så er det poengfangsten mot dei beste laga. Har berre eitt poeng på tre kampar mot dei to andre førehandsfavorittane. Vi trur likevel at Blindheim blir å finne i 4. divisjon 2019. Ekspertane hadde for øvreg Blindheim på 3. plass i eit samla tabelltips.
Skodje
Vart før sesongen spådd på ein 7. plass, og har så langt levert over det som var forventa med sin 3. plass og “berre” 5 poeng opp til opprykksplass. Spelar ein litt anna type fotball enn dei to laga framfor på tabellen, og spesielt då Blindheim. Her er det streng defensiv struktur, kriging og direkte fotball. Har fått overraskande mange poeng basert på scora mål, og har etter 15 runder noko so sjeldan som fleire poeng enn scora mål. Av dei 48 laga i krinsseriane for menn på Sunnmøre så er det berre Emblem og Ørsta som kan vise til same statistikk. Har ei eiga evne til å avgjere jamne kampar, fem eittmålssigrar, og unngår som regel tap. Har rusta seg til haustinnspurten med å få Håkon Opsal tilbake på bana. Vil det halde i tøffe bortekampar mot Blindheim og Norborg/BIL2?
Langevåg
Vart spådd som krinsmeistrar, men har skuffa. Spesielt starten med tre uavgjorte og eitt tap på dei fire første øydelagde mykje. Misbrukte også sjansen til å knappe inn på opprykksplassane når ein rauk 0-2 for Hovdebygda i sist runde. Det haster å finne forma om Langevåg skal spele i 4. divisjon komande sesong. Mangel av ein skikkeleg målscorar og eit heilt kobbel av spelarar i “utlendigheit” i betre naboklubbar, gjer sitt til at Langevåg har hatt ein svak sesong hittil.
Stranda
Dei blå har levert ein sesong som forventa. Tippa på 6. plass, ligg på 5. Gjer sine saker bra på heimebane, men slit borte. Fysisk sterkt lag, men kvaliteten blir noko ujamn til å halde følge heilt i toppen. Sisteårs junior Tobias Hjelle scorar jamt og trutt, men får nok ikkje Stranda noko høgare opp på tabellen enn dei er no.
Hovdebygda
Vart spådd på 5. plass, ligg på 6. Overraska oss med å vere særs ballbesitjande, og overraskar også med å få inn nokren fine skalpar som ikkje minst har hjelpt Norborg. To sigrar over Langevåg og hittil ein over Blindheim. Daniel Malakzadeh scora 9 mål på dei første 8, men han har slukna med berre 1 på siste 7. Han må tilbake i form om Hovdebygda skal avansere.
Volda2
Spådd på 9., ligg på 7. plass. Er divisjonens mest gjerrige heimelag. Fire mål imot på sju heimekampar er imponerande. Fekk i fjor peppar for å “dope” laget i sesonginnspurten for å redde plassen. Det er det ingen behov for i år om Herd og Spjelkavik gjer jobben sin i 3. divisjon.
Ellingsøy
Har gjort ein sesong betre enn spådd. Dei fleste spådde Ellingsøy ned ein divisjon, men har halde seg unna botnstriden med ein god heimestatistikk. Etter det vi har sett av laget så er 18 poeng på 15 kampar det beste ein kan få ut av mannskapet. Vi må vel kunne få seie at både Herd2 og Fjørtoft har sett betre ut. Har mykje pondus, og det ser ut til å vere nok til å overleve.
Herd2
Er det laget som har skuffa mest saman med Langevåg. Samtlege fem tabelltips vi har registrert spådde Herd2 på 4. plass. Rykta før sesongstart gjekk også på at Herd ville opp ein divisjon med 2. laget sitt. Det skjer ikkje. Lid nok også over at 1. laget slit kraftig med å overleve i 3. divisjon. Har likevel stilt sterkt mot både Blindheim og Norborg/BIL2. Kanskje ein heller burde ha prioritert å stilt sterkare mot dei svakare laga i divisjonen?
Fjørtoft
Vart spådd på 8., ligg på 10. plass. Fekk ein svak start på sesongen og måtte vente heilt til den 12. runda før det vart siger. Har tatt 9 poeng av dei 12 siste og det fører til håp om ståplass. Når vi ser på startelleveren i mange av Fjørtoft sine kampar så er her mange med erfaring frå 3. og 4. divisjon, men har svikta totalt framfor mål og scorer desidert minst i divisjonen. Vart det for mykje løpetrening og for lite fotball i vinter?
Guard
Spådd på 10., ligg på 11. plass. Når Guard først vinn, så vinn dei stort. 6-1 over Fjørtoft, 5-0 over Skodje og 3-0 over Herd2, men det har også blitt ein del stortap. Greidde ikkje å mønstre mannskap til den viktige botnkampen mot Fjørtoft og det kosta dei kanskje ståplass. Men det er kanskje ikkje så farleg for Guard? Spiss Joakim Bendal er den som leverer varene for det ærverdige laget, men elles er det stort sett spelarar som har sett betre dager på fotballbana. Likevel, vi håper og trur Guard fullfører sesongen.
Sæbø
Samtlege ekspertar tippa Sæbø på sisteplass. Det har dei innfridd til no. Var tidlegare eit frykta heimelag, men hittil har det berre blitt ein heimesiger på åtte forsøk. 4-3 over Guard er også den einaste gongen Sæbø har gått jublande av bana for siger. Elles har det vore fjøre sjø for Sæbø med fattige sju poeng. Offensivt har dei divisjonens toppscorar, Bjørnar Holen, med 17 mål. Han står dermed for over halvparten av laget sine mål. Holen har scora i 20 heimekampar på rad. Det er imponerande uansett divisjon. Defensivt så bidreg dei i alle fall til mange mål. Totalt har det blitt scora 99 mål i dei 15 kampane Sæbø har vore involvert.
Nokre tal:
Flest scora mål: Blindheim og Norborg med 57.
Flest innslept: Sæbø med 61.
Færrast scora mål: Fjørtoft med 17.
Færrast innslept: Blindheim med 16.
Største siger: Blindheim med 10-0 over Sæbø.
Beste heimelag: Blindheim med 19 poeng.
Beste bortelag: Norborg med 18 poeng.
Svakaste heimelag: Guard med 4 poeng.
Svakaste bortelag: Sæbø med 1 poeng.
Flest sigrar på rad: Blindheim og Norborg med 5.
Flest tap på rad: Herd2 med 6.
Ekspert tabellen | Reell tabell |
Langevåg | Norborg/Brattvåg2 |
Norborg/Brattvåg2 | Blindheim |
Blindheim | Skodje |
Herd2 | Langevåg |
Hovdebygda | Stranda |
Stranda | Hovdebygda |
Skodje | Volda2 |
Fjørtoft | Ellingsøy |
Volda2 | Herd2 |
Guard | Fjørtoft |
Ellingsøy | Guard |
Sæbø | Sæbø |