Toppoppgjer mot Blindheim

Torsdag kl. 1830 er det klart for toppoppgjer i 5. divisjon mellom Blindheim og Norborg/Brattvåg2. Norborg vann oppgjeret i vår med 3-0, men det blir nok tøffare denne gong framfor Blindheim si nye tribune.

Sidan kampen i mai så har begge laga ein del endringar i troppen. Blindheim vil mangle sine to fremste målscorarar frå i vår. Toppscorar Eivind Skovly har flytta og meldt overgong til 4. divisjonslaget Våg, medan Bjørnar Johansen er skada. I tillegg har også Tobias Rotnes Aasen mangla i haust. Inn i troppen har Hans Skovly og Stian Skaar kome. Norborg vil mangle keeper Joakim Kjærstad, Elling Mikal Kalvø, André Larsen, Ådne Hellandsvik og Tobias Vatle Faksvåg. Tre av desse starta i vårens kamp. Frå sist vekes kamp mot Volda2 så ønsker vi Kristoffer Søviknes tilbake frå USA, medan Thomas Aarsund har blitt kvitt sin skade og er klar for kamp.

Norborg har normalt eit godt tak på Blindheim og har vunne dei tre siste seriekampane mot dei utan å sleppe inn mål. Vi håper denne trenden held fram.

Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Daniel Refsnes (Herd) og Kristoffer Nevstad (Aksla)

Andre kampar:
Ellingsøy – Guard
Ellingsøy fekk stryk sist mot Stranda, men mot Guard bør det bli tre poeng uansett om sistnemnte møter eller ikkje. H.

Fjørtoft – Herd2
Viktig botnoppgjer. Vi trur det blir jamt og målfattig. U.

Langevåg – Hovdebygda
Langevåg må vinne for å henge med i opprykkskampen. Sidan minst eitt av dei to laga framføre må avgi poeng denne runda, så passar det godt å møte eit Hovdebygda ute av form (0-1-2 etter ferien). H.

Skodje – Stranda
Begge lag treng å vinne for å ha håp om opprykk etter å ha tapt terreng etter ferien. Skodje står med to uavgjorte på rad, medan Stranda har tapt 2 av 3 etter ferien. Vakna sist torsdag og feide Ellingsøy av bana. Vi trur det blir ein jamn og sjansefattig kamp mellom to godt organiserte lag som liker å krige. U.

Sæbø – Volda2
Sæbø overraska litt mot Langevåg sist veke, men måtte til slutt sjå seg slått 3-1. Volda2 vart utspelt av Norborg, men har nok langt større poengsjansar mot nabo Sæbø. Likevel, vi trur dette er kampen Sæbø kan vinne i haust. H.