28. mai 2015 vart Tarjei Gjerset Urkedal tidenes målscorar i Norborg då han sette inn sitt 214. mål, men i antall seriemål har han vore bak Kim Idar Krogsethagen (134 seriemål / 213 totalt). Dei fleste trudde nok også at Tarjei si tid som storscorar var forbi sidan det berre vart eitt seriemål i 2016 og ingen i fjor. Men, i løpet av dei siste kampane har tømraren og bondesonen frå Gjerset verkeleg satt inn støtet. På dei siste fire kampane har han scora sitt 132. (mot Stranda), 133. (mot Guard), 134. (mot Herd2), og i det 58. minutt mot Sæbø klinka han inn sitt 135. seriemål på heil volley og tronar åleine på topp som tidenes målscorar for Norborg også i serien.
Det er heller ikkje så altfor mange gongar ein Norborg-spelar har scora i fire seriekampar på rad, men Tarjei har sjølvsagt også gjort dette før. Sist gong i 2009. Norborg-rekorden er mål i sju strake seriekampar. Denne rekorden satte Kim Idar Krogsethagen i 2000. Kim Idar scorte også i dei fem siste kampane i 2002 og dei to første i 2003. Tarjei sjølv tangerte rekorden i 2008.
Liste over best målsekvens i Norborg etter at vi starta å føre statistikk i 1996:
7 strake kampar: Kim Idar Krogsethagen (2000, 2002/03), Tarjei Urkedal (2008)
6 strake kampar: Kenneth Gamlem (2000), Kim Idar Krogsethagen (2003)
5 strake kampar: Tarjei Urkedal (2005)
4 strake kampar: Tarjei Urkedal (2018, 2009), Øyvind Sundnes (2015), Kristoffer Søviknes (2014), Cato Longva (2013), Steffen Grytten (2005), Kim Idar Krogsethagen (2004), Jan Egil Alstadsæter (1996), Ståle Hurlen (1996)