Siger og tap i bronsefinalane for Norborg!

Under strålande tilhøve så gjekk arrangørlaget Harøy til topps i dameklassa og Lepsøy i herreklassa på årets Øyacup. Norborg vann bronsefinalen i herreklassa med 6-0 over HaNo, medan damene tapte bronsefinalen 1-6 for Lepsøy. Eit lag damene vann 6-5 over i gruppespelet. Det er for øvreg første gong sidan 2011 at Norborg spelar ein damekamp. På biletet ser vi Ida Marie Holmeset, Monica Otterlei, Silje Helen Søvik, Kristine Ringstad Midtlid og Caroline Giske i andre rekke. Framme frå venstre; Ingrid Ahrens, Linda Flem Stavik, Trine Sofie Haram, Yvonne Engeset Remme og Iselin Otterlei. Tuva Bjørbekk mangla på biletet.

Damekampane:
Kl. 11.15 Harøy – Norborg 5-3 Mål: Iselin Otterlei 3
Kl. 11.15 Lepsøy – HaNo 2-6
Kl. 13.30 Lepsøy – Norborg 5-6 Mål: Linda Flem Stavik 3, Iselin Otterlei 2, Tuva Bjørbekk
Kl. 13.30 Harøy – HaNo ?-?
Kl. 15.45 HaNo – Norborg 8-0
Kl. 15.45 Harøy – Lepsøy ?-?
Kl. 17.15 (Bronsefinale) Lepsøy – Norborg 6-1 Mål: Caroline Giske
Kl. 17.15 (Finale) Harøy – HaNo 4-0

Ei gruppe damer har dei siste månadane hatt trening ein gong i veka i Uggedalen og var modig nok til å melde på eit lag til årets Øyacup. Saman med eit knippe innlånte spelarar gjorde Norborg seg absolutt ikkje bort og slo Lepsøy i gruppespelet, men etter kvart som skadene kom og kreftene tok slutt så vart det 4. plass. Likevel, flott innsats av damene.

Herrekampane:
Kl. 09.30 Harøy – Norborg 3-1 Mål: Per-Stian Alvestad (Kjell-Terje Brusdal sin A-kamp nr. 200)
Kl. 10.15 Lepsøy – HaNo 1-0
Kl. 12.00 Harøy – HaNo 2-0
Kl. 12.45 Lepsøy – Norborg 3-2 Mål: Magnus Austbø Seth, Ole-Kristian Aarseth
Kl. 14.15 Harøy – Lepsøy 1-0
Kl. 15.00 HaNo – Norborg 0-2 Mål: Anders Toven, Ruben Holmeset
Kl. 16.30 (Bronsefinale) Norborg – HaNo 6-0 Mål: Ruben Holmeset 2, Jesper Vos 2, Ole-Kristian Aarseth, Gard Rogne
Kl. 18.00 (Finale) Harøy – Lepsøy 1-4

Norborg sin tropp: Tor Abelseth (keeper), Ole-Kristian Aarseth, Ruben Holmeset, Siver Davik, Jesper Vos, Kjell-Terje Brusdal, Vidar Nilsen Rogne, Magnus Jenssen, Nikolai Jensen, Anders Toven, Gard Rogne, Magnus Austbø Seth, Per-Stian Alvestad og Kristian Søviknes.

Norborg var tittelforsvarar, men med eit klart tap for Harøy i første kamp og eit overtidstap for Lepsøy i den andre, så måtte ein ta til takke med 3. plass.