5. divisjon runde 11

Då har vi kome fram til siste serierunde før sommaren. Skodje og Ellingsøy har allereie tatt ferie sidan dei spelte sin kamp i går. Det enda med 2-1 siger til Skodje, som dermed ligg på opprykksplass før resten av runda spelast. Runda sin toppkamp er Hovdebygda-Blindheim, medan dei andre laga på øvre halvdel på papiret skal ha eit enkelt kampprogram.

Hovdebygda – Blindheim
Toppoppgjeret denne runda spelast onsdag. Medan Norborg fekk æra av å spele på naturgras når ein møtte Hovdebygda, så blir denne kampen spelt på kunstgras. Truleg har Hovdebygda funne ut at det gir størst sjanse å få poeng når kampen spelast på ei lita kunstgrasbane, enn ei stor grasbane. Der har dei vår fulle støtte. Hovdebygda hadde mykje balltrilling og lita framdrift då vi såg dei mot Norborg. Skal det bli poeng mot Blindheim må ein få opp aggressiviteten og spele meir direkte. Blindheim på si side liker også å halde ball i laget, men har langt betre kvalitet i sitt spel og fleire målfarlege spelarar. Skal vinne 9 av 10 kampar mot Hovdebygda. B.

Guard – Norborg/Brattvåg2
Denne kampen spelast onsdag grunna banesituasjon. Guard ligg i botnstrid, men etter fire strake tap fekk dei ein opptur sist med tremålssiger over Herd2. Joakim Bendal var den store spelaren med tre mål. Norborg har vist god form i det siste, men haldt på å gå på ein smell mot Stranda sist. 0-4 ein halvtime før slutt vart likevel reddda inn med 4-4. På ei stor bane som Color Line stadion skal Norborg vere eit betre lag enn Guard. B.

Sæbø – Herd2
Eit skikkeleg botnoppgjer. Sæbø vil passere Herd2 med siger. Kven hadde trudd det for to månader sidan? Herd2 har seks strake tap og stiller Sæbø med sitt sterkaste mannskap, så blir nok rekka utvida til sju. Det er nemleg ikkje enkelt å spele på ei lita kunstgrasbane mot duellsterke heimespelarar. Bjørnar Holen fikser tre poeng til heimelaget. H.

Stranda – Volda2
Stranda bit seg fast i toppen med sin fysiske og innsatsfylte fotball. Er solide heime, og har berre fått eitt mål imot på fire heimekampar. Volda2 har berre tatt eitt poeng på dei tre siste kampane. Har likevel nedrykkslaga på trygg avstand. Vi trur Stranda vinn denne kampen utan altfor store problem. H.

Fjørtoft – Langevåg
Fjørtoft spelar jamt med dei fleste, men går aldri av bana med siger. Møter no eit av dei betre laga i divisjonen og vi kan ikkje sjå anna enn at Fjørtoft går gjennom vårsesongen utan siger. Langevåg greidde uavgjort mot Blindheim sist. Har eit betre kollektiv enn Fjørtoft og tek med seg tre poeng heim til Sula. B