5. divisjon runde 9

Vårsesongen nærmar seg slutten, og det som lenge var ein jamn divisjon, har no verkeleg slått sprekker. Blindheim har stukke frå i front, seks lag ligg temmeleg tett i kampen om 2. plassen, medan det har skilt seg ut fem lag i botnen. To av dei ventar framleis på sin første siger. Vi trur begge botnlaga kan ta sin første siger denne runda, som spelast torsdag.

Ellingsøy – Fjørtoft
Ellingsøy står med to strake tap og 180 minutt utan scoring. Vi har sett Ellingsøy to gongar i år, og offensivt så har dei i desse to kampane skapt utruleg lite. Har eit fysisk sterkt mannskap, som bør skape panikk hos motstandar på kvar dødball. Skal Ellingsøy overleve, så må det utnyttast. Fjørtoft har spelar for spelar eit betre mannskap enn vertane sjølv om tabellen seie noko anna. Vi trur på bortesiger sjølv om Mathias Fjørtoft ikkje er med grunna raudt kort i sist kamp. B.

Hovdebygda – Norborg/Brattvåg2
Sju år har gått sidan desse to laga møttes sist. Den gong vann Norborg 8-0 på Hovdebygda si kunstgrasbane etter blant anna fem mål av Cato Longva. Longva er ikkje med denne gong, men ei handfull andre spelarar som var med på den sigeren blir å sjå denne gong også. André Larsen er på fjelltur i Jotunheimen og står over denne gong. Gard Rogne og Tarjei Urkedal er vonleg tilbake etter å ha stått over sist. Hovdebygda har hatt ei grei opning på sesongen. Har scora mykje mål. Faktisk to meir enn Norborg. Daniel Reza Malakzadeh har putta ni og kjempar om toppscorartittelen i divisjonen. Han har tidlegare scora mot Norborg som Skarbøvik-spelar. Norborg varierer veldig i prestasjonane, men på ein normal dag så skal poenga bli med heim til Haram.  B.

Langevåg – Volda2
Langevåg var nær poeng mot Norborg sist, men måtte sjå seg slått for første gong sidan 3. mai. Må vinne denne for å halde følge i toppen og ha eit godt utgongspunkt til hausten. Langevåg burde hatt eit mannskap som skulle ha møtt Volda sitt 1. lag, men med så mange i “utlendigheit” så er det Volda2 som står på motsett halvdel. Volda2 har hatt ein oppløftande sesong så langt og er med på øvre halvdel, men i denne kampen blir det tap. H.

Skodje – Blindheim
Skodje har hatt ein oppløftande sesong og ligg på 3. plass. Vi høyrte seinast sist veke på “breddepodden” at Skodje har eit ungt lag. Det er berre vås. Skodje har eit av dei mest rutinerte laga i divisjonen, og det var denne rutina som gjorde at dei slo Norborg for to veker sidan. Greit nok av benken er fylt opp av tenåringar, men 7-8 av dei startande var over 24 år. Veldig bra av Skodje å få med så mange i “vaksen” alder. I denne kampen hjelp det nok heller ikkje med rutine. Blindheim er eit betre lag. Noko dei viste i siste treningskamp før seriestart då dei vann stort over Skodje. Her blir Skodje sprunge over. B.

Stranda – Herd2
Stranda er særs gjerrige på heimebane og har fortsatt ikkje sleppt inn mål på tre kampar. Herd2 har søkke som ein stein og har fire strake tap. Tapte sist 0-4 for Hovdebygda sjølv om ein stilte med spelarar som Henrik Grimstad, Mohammed Ian Elkington og Jonas Austnes, Sidan Stranda ikkje har stått for målorgier på heimebane, så trur vi på ein jamn kamp og ein knapp heimesiger. H.

Sæbø – Guard
Ein kamp Sæbø må vinne for å få kontakt med laga over nedrykksstreken. Har fått med seg to poeng etter 10-0 fadesen mot Blindheim. Stille Sæbø med heile kavaleriet så skal dei bryte den Guard. Guard har slått lekk dei siste vekene og står med to strake tap. Ein lang bortetur mot Sæbø står nok ikkje lengst oppe på ønskelista. Mangler Adrian-Radu Pantelimon grunna raudt kort sist. Vi trur Sæbø tek årets første siger. H.