Vårsesongen er over halvspelt og sjølv om det er veldig jamt frå 3. til 10. plass, begynne vi å sjå konturane av laga sine styrkeforhold. To lag har starta å skilt seg ut i toppen og det same i botnen, men det kan snu seg fort. Her er kampane i runde 7.
Ellingsøy – Volda2
Heimelaget har vist enkelte gode resultat i vår, men det dei viste i Uggedalen sist var tynt. Likevel så ser vi ikkje bort ifrå at det kan bli tre poeng mot Volda2, eit lag som med det mannskapet dei har brukt hittil i sesongen har fått godt betalt, og nok er kunstig høgt på tabellen med sin 4. plass. Vi trur det fysisk sterke heimelaget beheld poenga. H.
Fjørtoft – Blindheim
På papiret har Fjørtoft eit mannskap som burde ha tatt langt meir enn to poeng, men det er noko som ikkje fungerar for dei kvite og blå. Med nokre taktiske justeringar og Steffen Grytten inn meir sentralt i bana, så trur vi mykje hadde ordna seg. Blindheim har vunne 5 av 6 kampar og fossar mot 4. divisjon. Sist vart det heile 10-0. Så mykje blir det ikkje no, men favorittstempel må dei tole. B.
Hovdebygda – Guard
På Sunnmøre si minste 11-ar bane (?) er Hovdebygda gode og det er her laget skal ta nok poeng til å kome på øvre halvdel. Akkurat no så er ikkje tabellposisjonen så fin, men det er kort avstand opp til 4. plassen. Har divisjonens toppscorar i Malakzadeh. Han vil nok ordne poenga mot antatt svakare Guard. H.
Langevåg – Herd2
Langevåg fekk ein svak start på sesongen, men har no to strake sigrar og fortsatt ei viss kontakt med laga på opprykksplass. Likevel, med den svake starten så har Langevåg litt kniven på strupen. Eit tap i ei runde som dette og det kan begynne å bli avstandar opp. Langevåg skal jo basert på historie og befolkning ikkje spele i 5. divisjon. Herd2 seiast å ha ambisjonar om opprykk, men dei taktene har ikkje laget vist sidan Vegard Bruland spelte dei første 80 minutta i 1. serierunde. Om dei ikkje stille med nokre rutinerte A-lagsspelarar så blir det enkelt for Langevåg. H.
Skodje – Norborg/Brattvåg2
Vi kjem nærmare tilbake til denne kampen i morgon, men kan avsløre at vi held Norborg som knapp favoritt. B.
Sæbø – Stranda
Sæbø har fått eit tøft møte med 5. divisjon og står med fattige 1 poeng og 23 minus. Offensivt har det vore bra heime, men defensivt så fungerer det verken heime eller borte. Stranda har hatt ein grei start på sesongen, men slit med å score mål. Berre Fjørtoft har scora færre. Vi trur Sæbø er innstilt på å reise seg etter 10-0 tapet sist, så det blir ein jamn kamp, men Stranda stikk av med poenga til slutt. B.