Norborg med utfordringar før torsdagens heimekamp


Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kl. 1830 imot Ellingsøy til årets første graskamp i Uggedalen. Heimelaget har vore i god form den siste tida og har krabba seg opp på ein 2. plass, men før kampen mot Ellingsøy har laget utfordringar. – Ja, vi kan kome til å mangle ein del spelarar i denne kampen, men eg kan love at vi stiller med 11 mann, seier trenar Kristian Søviknes.

Både Kristoffer Søviknes og Magnus Austbø Seth er tvilsame grunna skade, medan Magnus Jenssen og Ruben Holmeset slit med sjukdom. I tillegg er Tarjei Urkedal og Nikolai Jensen uaktuelle. Trenar Søviknes kan dermed bli tvinga til å gjere tre endringar på det laget som starta sist kamp.

Ellingsøy har hatt hittil hatt ein god vårsesong og ligg på 4. plass. Laget vart av dei fleste spådd langt nede på tabellen etter at dei berre var tre poeng unna nedrykk i fjor, samt leika med tanken om å slå seg saman med Ravn i vinter. Då Norborg møtte Ellingsøy i vinter, så var det berre ein god keeper som hindra dei frå eit langt større tap enn 2-0. Norborg skal likevel ikkje ta lett på oppgåva. Ellingsøy framstår som eit betre lag no.

Marius Hagen er lagets toppscorar med tre mål. Han har dei siste åra eit bra snitt med 25 mål på 29 kampar. Stian Ristesund er ein annan spelar vi kan nemne. Han har fleire år bak seg i Larsnes/Gursken og dermed erfaring frå 3. og 4. divisjon.

Spelar Norborg med tolmod og konsentrasjon, så skal alle poenga bli verande i Uggedalen. Ein skal både vere betre trent og ha meir tempo i kroppen. Vi trur på Norborg/Brattvåg2 i denne kampen.

Sjølv om Norborg og Ellingsøy kan skule på kvarandre over Grytafjorden, har ein sjeldan møttast i serien. Dette er berre 6. året laga er i same divisjon. Ellingsøy var lenge klart betre enn Norborg, men i 2003 kom tronskiftet då Norborg for første gong i historia kom framfor sine naboar i sør på tabellen og har vore der sidan.

Seriemøter:
2005: Norborg – Ellingsøy 3-3, 8-1
2004: Norborg – Ellingsøy 0-0, 4-1
2003: Norborg – Ellingsøy 7-2, 2-3
1997: Norborg – Ellingsøy 0-4, 1-8, 0-12 (trippel serie)
1981: Norborg – Ellingsøy 1-1, ?-?

Dommar: Daniel Refsnes (Herd)
Assistentar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Kenneth Sørensen (Tustna)