Onsdag 16. mai er det klart for den første seriekampen mellom Norborg og Fjørtoft på nær 20 år. Mykje har skjedd på desse åra. Norborg gått frå botn 6. divisjon og spelt mange år i 3. og 4. divisjon. Fjørtoft har stort sett vore utan A-lag, men har dei siste 18 månadane gjort eit fantastisk stykke arbeid og kome seg ut av koma. Den jublande spelaren til høgre på biletet over har mykje av æra for det. På onsdag håper og trur vi det er dei tre andre som fortsatt smiler.
Vi tok ikkje Hans Edvard Nordang på alvor då han sat ved lunsjbordet på Vard Electro med “tøvpratet” sitt om at ein liten kompisgjeng ville starte opp igjen A-lag på Fjørtofta. Koffor i alle dage skulle han som etablert spelar i 4. divisjon starte på nytt i 6. divisjon? Ana han ikkje kor godt han hadde det i Norborg der den einaste oppgåva han hadde var å møte opp til trening og kamp? Og kven i alle dage vil reise utpå Fjørtofta annakvar veke for å spele kamp? Vi gadd jo knapt nok å reise dit for å spele Øyacup kvart femte år.
Tida gjekk og Nordang haldt fast på at dei skulle stille lag i 2017 i høve 100-årsjubileet. Dødfødt, tenkte vi. Men han var stadig innom for rådgjeving, seinare var han frekk nok til å kome for å få spelarar. Først spelarar som vi ikkje hadde sett på ei stund, så spelarar som vi ønskte å behalde. Skjalg Volstad, Adrian Håbet, Torgeir Finnanger Garshol, Peter Elias Grytten, Steffen Grytten, Martin Sundnes, Mathias Fjørtoft, Jan Tore Fjørtoft, Hansemann sjølv, og i år, Christian Sæther. Tek vi med Martin Løken Lie og Joakim Roald, som begge aksla den oransje trøya i 2016 før dei gjekk til Brattvåg2 seinare på året, så har vi over ein 11-ar med tidlegare Norborg-spelarar. Vi skal heller ikkje gløyme Kristoffer Hildrestrand, som fekk tilbake lysta på fotball då han vart lokka med av Norborg i 2014 og gjekk til Brattvåg framføre 2016 sesongen. Fjørtoft har dermed ein tropp med mange kjente namn i stallen, og skulle vi gå inn i feil garderobe på onsdag, så vil vi i alle fall føle oss heime.
Fjørtoft feide som kjent gjennom 6. divisjon, men har fått eit tøft møte med 5. divisjon med eitt poeng på fire kampar. Dei to siste har enda med stortap, men alle kampane til no har blitt spelt på bortebane. Noko som igrunn skal vere nærmare spelarane sin bustad enn det heimekampane er. Fjørtoft er truleg historiske på Sunnmøre. Ingen spelarar bur på idrettslaget si adresse. Det kan vi ikkje tru har skjedd før.
Det har blitt nokre stygge tap, men på papiret ser ikkje laget så verst ut. Fleire av dei har mange kampar i 3. og 4. divisjon. Ein av spelarane å sjå opp for er midtbanemotor Steffen Grytten. Stor løpskraft og ein ballvinnar av rang på dette nivået. Kristoffer Hildrestrand er i år Fjørtoft sin toppscorar med to mål. Med fart og teknikk så er han i stand til å skape stor uro for sine motstandarar. I fjor banka Vegard Nybø inn 18 mål og vart lagets toppscorar. Han har ikkje scora hittil, men absolutt ein å sjå opp for. Vi skal heller ikkje gløyme Nordang. Sølv om måsen alltid leve utrygt når han er på ei fotballbane, så finn han av og til nettmaskene. I fjor vart det faktisk heile 12 mål. Vi håper at han viser sopass respekt for sin tidlegare klubb at han ventar ei runde med å score årets første.
Norborg/Brattvåg2 si opning har vore variabel. Det starta og avslutta bra i serieopninga mot Herd2. Den siste halvtimen mot Sæbø var også god. Mot Volda2 så kunne ein spelt heile kvelden utan å score, medan sist kamp mot Blindheim var av god gamalt Norborg-merke. Hard jobbing og effektiv fotball. Trenar Kristian Søviknes rapporterer at alle spelarane som var med då, er med no. Laget har også fått gjennomført treningar på gras.
Vi trur at denne kampen blir meir krig enn finfotball. Ikkje minst sidan det er første graskamp. Det skadar då ikkje at Norborg har børsta støv av krigarar som Kjell Terje Brusdal og Elling Mikal Kalvø. I tillegg har Norborg dei to i lokalfotballen du aller helst vil gå i krigen med, nemleg Tarjei Urkedal og Kristoffer Søviknes. Fjørtoft kjem til å gå hardt ut, men over 90 minutt skal Norborg/Brattvåg2 vere eit betre lag.
Om du vil ta turen til Fjørtofta denne kvelden, så går ferga frå Brattvåg kl. 1730. Du kan jo kombinere det med ein “Stikk Ut!” tur på Fjørtoftneset.
Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)
Assistentar: Edward Tennøy (Herd) og Matz Giske (Herd)
Historie
Norborg sin første seriekamp kom mot nettopp Fjørtoft. Det var den 12. mai i 1968. Totalt så har klubbane spelt i same divisjon 8 gongar. Det siste møtet var i september 1998. Vi har ikkje alle resultata i desse kampane, men ser ein tendens at Fjørtoft har gjort det best. Vi set i alle fall ikkje med ein lystig statistikk på bortebane. Ser vi bort i frå perioden 1972 til 1983, så har også Fjørtoft vore eit betre lag fram til dei trakk laget etter 2000 sesongen (unntak i 1997 då dei heller ikkje stilte lag).
Resultat på Fjørtoft stadion:
1968: Fjørtoft – Norborg 9-1
1972: Fjørtoft – Norborg ?-?
1973: Fjørtoft -Norborg 0-0
1984: Fjørtoft – Norborg ?-?
1985: Fjørtoft – Norborg ?-?
1986: Fjørtoft – Norborg ?-?
1989: Fjørtoft – Norborg 5-1
1998: Fjørtoft – Norborg 10-0