Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 3-0

Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 3-0 (2-0)
5. divisjon, Uggedal KGB, 03.05.2018

Sjansar: 6-5
Cornere: 2-7

1-0 Magnus Austbø Seth (4)
2-0 Magnus Austbø Seth (24)
3-0 Per-Stian Alvestad (50)

– Det viktigaste er å vinne, sa Kjell Terje Brusdal etter kampen. Det var nemleg ingen vakker siger Norborg tok mot topplaget Blindheim, men kynisk og effektivt. Norborg gjekk aggressivt ut og pressa Blindheim knallhardt. Det ga tidleg resultat iført mål av Magnus Austbø Seth. Når same mann dobla leiinga halvvegs i omgangen roa heimelaget seg og Blindheim kom høgare og høgare opp i bana. 2. omgang starta som den første med eit tidleg mål til Norborg då Per-Stian Alvestad stussa eit utspel frå keeper Joakim Kjærstad i mål. Etter dette låg Norborg lågt i bana og hadde defensiv kontroll.

Vi kan vel trygt seie at Norborg drog nytte av at det var tidlegare Norborg-trenar Preben Austnes Lorgen som er Blindheim sin trenar. Norborg kjente dermed til spelestilen og la taktikken etter det. Med knallhardt høgt press frå start og eit tidleg mål fekk Norborg kampen inn i sitt spor. 1-0 vart sett inn av Magnus Austbø Seth etter at han vann duellen med ein Blindheim-forsvarar på eit langt oppspel av Elling Mikal Kalvø. 2-0 sette same mann inn tjue minutt seinare då han heada eit innleg frå Tarjei Urkedal i mål frå ca. 10 meter. Bortsett frå desse to måla, var det lite som skjedde. Norborg hadde kontroll defensivt på eit Blindheim-lag som trilla ball på eigen halvdel. På slutten av omgangen vart det meir trøkk i Blindheim. Først er ein spelar nær ved å flikke inn eit frispark ute ved cornerflagget. Så må keeper Joakim Kjærstad vise det beste i seg på eit skot frå Bjørnar Johansen frå ca. 18 meter. Trass desse to sjansane, så var det fortent at Norborg gjekk til pause med leiing.

Norborg kom også best ut av startblokkene etter kvila. Først heada Seth eit innlegg over mål, før Per-Stian Alvestad stusser inn 3-0 etter eit langt utspel av keeper Joakim Kjærstad. Få minutt seinare er Alvestad nær eit nytt mål, men ballen gjekk i stolpen. Norborg vart den siste halvtimen frykteleg defensivt. Ein greidde heller ikkje å halde på ballen innad i laget og Blindheim kom seg til nokre sjansar. Først ein farleg corner som etter litt klabb og babb gjekk inn til keeper. Så eit godt skot av Eivind Skovly frå 18 meter, før Norborg klussa det til på overtid med eit svakt tilbakespel, men keeper Kjærstad rydda opp.

Bra defensiv kamp av Norborg, men sjølv om ein scora tre mål, så har ein noko å jobbe med offensivt. Vi sakna frekt kombinasjonsspel og variasjon i spelet. Ein fekk også ein del overgangar som vart misbrukt på grunn av enkle pasningsfeil. Vi satsar på at dette er på plass i komande kamp mot Fjørtoft, 16. mai.

Keeper og forsvarsfirer var dei beste på Norborg/Brattvåg2 i denne kampen. For øvreg den eldste bakre femmer sidan 25. september 2010 då Espen Wold, Kristian Søviknes, Morten Kalvø, Kjell Terje Brusdal og Jan Even Drønnesund spelte. Dei hadde ein snittalder på 28,2 år mot denne kampens 27,6.

Laget: Joakim Kjærstad – Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Tarjei Urkedal – Gard Rogne (Vidar Nilsen Rogne, 84), Ruben Holmeset (Ole Johan Urke, 67), Kristoffer Søviknes, Ådne Hellandsvik (Jesper Vos, 19) (Anders Toven, 87) – Magnus Austbø Seth (Tobias Vatle Faksvåg, 88), Per-Stian Alvestad (André Larsen, 76).