Uggedal kunstgras

Uggedal kunstgras

11-ar bane
Lengde: 100m
Breidde: 64m

7-ar bane
Lengde: 50m
Breidde: 35m

Utbygging av kunstgrasbane:
Kort om det arbeidet som skal utførast:
Dagens parkeringsplass ved sidan av klubbhuset skal utvidast oppover mot riksvegen, og det skal lagast ei anleggsgarasje ovanfor klubbhuset (40-50m2). Nokren meter før der dagens nedkjørsel til parkeringsplassen kjem ned, skal det skytast ned på same nivå som grusbanen. På dette nivået skal det anleggast ein parkeringsplass med plass til 120 bilar. Dagens grusbane blir vridd slik at den komande kunstgrasbanen blir parallelt med dagens grasbane. Dvs. at det skal fyllast ut litt på søraust hjørnet og mot Hamnsund. Mellom 11´ar banen og grasbanen vil det bli ei 7´arbane med mål mot klubbhus og mot fjorden. Her vil det bli fylt ut mest masse. Begge banene blir bygd opp med eit forsterkingslag, bærelag og avrettingslag som skal gi ei god drenering. På oppsiden av heile anlegget vil det bli oppretta drenering som skal sørge for at vi får ei tørt og fint anlegg. Det vil bli satt opp eit nytt lysanlegg på heile kunstgrasflaten. 8stk 16m master skal opp, og anlegget skal gi eit lys som tilsvarar 200 lux. På aust og sørsiden av anlegget blir det satt opp ballfangernett, og i område mellom 7´arbanen og grasbanen, samt 7´arbanen og klubbhuset må vi opp med ein slags form for mur (naturstein ?) og tribune for å redusere høgdeforskjellene. Det vil også bli anlagt gjerde på heile oppsida av anlegget, og det vil bli satt opp autovern langs parkering og veger som har fall ned til kunstgrasanlegget.

Fakta i tal:
10322m2 kunstgras
13000m3 fjell skal skytast bort
7200m2 ferdig komprimert masse skal tilkøyrast
4800m2 parkeringsplass
5-6000m3 med masse for oppbygging av forsterkningslag, bærelag og avrettningsmasse skal tilkøyrast.

Første «spadetak» vart gjort fredag 12. juni 2009.

Utklipp frå norborg.com:

Norborg sa ja til kunstgras
12-10-2008 19:43
-Norborg sa søndag kveld ja til å oppgradere grusbana i Uggedalen til kunstgrasbane. Dei 48 stemmeberettige som møtte var einstemmig.

Stor dag for fotballen!
– samla kommunestyre sa ja til Norborg og Brattvåg!
7-05-2009 17:56
-Haram Kommunestyre handsama i dag søknaden frå Norborg om kommunal støtte til bygging av kunstgrasbane i Uggedalen. Innstillinga frå formannskapet om ei årleg leige på 50000,- i tre år fekk kjapt eit motframlegg. Ordførar Bjørn Sandnes fremma eit forslag om ein 10-årige leieavtale mellom kommuna og Norborg. Leieinntekta dei to første åra blir sett til 50000,- for deretter å bli justert dei siste åtte åra slik at det totale beløpet blir 1/3 av samla utbyggingskostnader. Dette betyr ei støtte på inntil 3.246.000,- kroner. I tillegg til at kommuna kompenserer for rentekostnader som følge av ei 10-årig utbetalingsplan. Ordføreren sitt framlegg fekk positiv støtte frå dei fleste partia, og etter berre nokre få minutt så sa eit samla kommunestyre ja til ordføraren sitt framlegg. Brattvåg sin søknad om støtte til fotballhall fekk same behandling, og dermed så var det ein stor dag for Norborg og Brattvåg som begge då er særs nær ei realisering av sine prosjekt. Vi takker kommunerepresentantene for støtta!

Kunstgrasleverandør er valgt
24-06-2009 22:01
-Norborg Anleggsutvikling AS inngjekk i dag kontrakt med Unisport Scandinavia om levering av kunstgrasdekke til utbygginga i Uggedalen. Kunstgrasdekket som blir lagt er av siste type fiber frå TenCate og heiter Prestige XM Ultra. Dette er ei vidareutvikling av det kunstgras-dekket som ligg på Telenor Arena. Leveringen omfattar også diverse vedlikehaldsutstyr, og ein oppfølgingsplan på vedlikehald dei første fem driftsåra. Unisport er leverandør av kunstgrasdekke som i dag ligg på blant anna tippeligarenane Telenor Arena, Skagerak Arena og Aspmyra stadion.

Bygg lysanlegg på dugnad
30-08-2009 22:27
-A-laget til Norborg består av ekstremt mange elektrikarar. Denne kompetan-sen kjem no til nytte når ein får bygge lysanlegget på dugnad. Søndag møtte 8 spelarar på dugnad for å bygge skap. – Vi sparer nærare 100000,- på dette, kjem det frå kunstgraskomiteen.

Legging av kunstgras
6-10-2009 21:09
-Legging av kunstgrasdekket tek til denne veka. Sjølv om dekket er på plass skal ikkje bana takast i bruk før alt er ferdig, dvs. ballfangarnett, etc. er på plass. Grunnen er så enkel, at viss vi tar i bruk anlegget før alt er ferdig ihht prosjektets sin ide, så vil vi få redusert momsrefusjon. Så dermed kan det koste oss opp mot ein halv million ekstra om nokon tek i bruk banen til trening/kamp før det blir gitt grønt lys.