Ørskog – Norborg 5-4

Ørskog – Norborg 5-4 (4-1)
Sunnmørshallen, 14.02.04

1-0 (23)
2-0 (26)
2-1 Firda Ahrens (38)
3-1 (43)
4-1 (44)
4-2 Camilla Krogsethagen (51)
4-3 Ingrid Ahrens (61)
5-3 (68)
5-4 Camilla Krogsethagen (75)

Dommar: Odd Arne Grande, Skodje

Troppen: Frida Ahrens, Ingrid Ahrens, Terese Brusdal, Karen Elise Erikstad, Jannicke Gjerset, Linda Hansen, Linda Holmeset, Camilla Krogsethagen, Silje Nogva, Jannike Rysgård, Linda Stavik og Inger Ann Søvik.

Norborg tapte 5-4 for Ørskog i denne vinterseriekampen for damelag. Oransjetrøyene gjorde ein svak 1. omgang og låg under med tre mål. Etter kvila kom Norborg sterkt tilbake, men måtte likevel sjå seg slått.

Ørskog gjekk hardt ut å pressa Norborg tilbake på bana, men det er likevel Norborg som får første sjansen etter cirka 10 minutt ved Ingrid Ahrens. Diverre går hennar skot i nettveggen. I dei neste ti minutta er det stillingskrig på midtbana, men etter 22 minutt får Camilla Krogsethagen til eit bra skot, men utan resultat.

To raske mål frå Ørskog
Så får Ørskog to sjansar og to mål på 3 minutt. Norborg kjem seg raskt etter denne kalddusjen og har ballen mykje, men klarer ikkje å skape dei heilt store sjansane. I det 38. minutt skulle likevel Norborg få ei fortent redusering. Frida Ahrens får tåa på ballen og den rulla så vidt over streken til 2-1. – Kanon mål, var trener Kenneth Vegsund sin umiddelbare kommentar.

Etter reduseringa skaper Norborg nokre gode sjansar, men får ikkje utteljing. Så i løpet av dei siste minutta av omgangen får Ørskog tre store mogelegheiter. På den første sjansen får vi sjå ei feberredning av Silje Nogva, men på dei to neste blir det diverre mål. Dermed kan Ørskog gå av bana med ei 4-1 leiing etter ein omgang langt under pari av Norborg.

Nytt håp for Norborg
Etter kvila er Ørskog raskt frampå, men Silje reddar nok ein gong godt. Etter dette tek Norborg over kampen og reduseringa let ikkje vente lenge på seg. Camilla Krogsethagen dribla seg fram og dunka ballen sikkert i mål. Ørskog er nær ved å auke leiinga då dei får ein dobbeltsjanse, men stadig 4-2. Etter dryge kvarteret av 2. omgang redusera Norborg på eit nydeleg mål av Ingrid. Først finter ho vekk ein spelar og så frå skrått hald på 16-17 meters distanse skyt ho perfekt i mål til redusering 4-3.

Ved halvspelt 2. omgang ser Ørskog ut til å punktere kampen med eit litt billeg mål, men oransjetrøyene gir ikkje opp. Eit kvarter før slutt sentra Frida til Camilla som scora frå 7 meter. Etter målet får Ørskog annullert eit mål for angrep på keeper, medan Norborg får ein god sjanse til å utlikne heilt på slutten då Camilla skyt frå 10 meters hald, men keeper får slått ut til corner. Fleire mål vart det ikkje og kampen endar dermed med 5-4 til Ørskog.

Norborg spelte ein god 2. omgang og må bygge vidare på den. Før pause vart det litt for svak defensiv jobbing og ein fekk dermed 4 mål imot. Alt i alt var det ein jamspelt kamp som kunne ha bikka begge veger.

Neste kamp i vinterserien for Norborg er mot Vigra søndag 28. februar. Eit lag som for øvreg vann 18-0 over Tjørvåg i dag.