Norborg – Ørskog 3-4

Norborg – Ørskog 3-4 (2-1)
Damer 7’ar, Søvikdalen, 05.05.04

0-1 Mali Rødset (9)
1-1 Henriette Johannessen (30)
2-1 Camilla Krogsethagen (45)
3-1 Linda Holmeset (53)
3-2 Cecilie Anderson (61)
3-3 Cecilie Anderson (90)
3-4 Mali Rødset (90+3)

Dommar: Geir Ove Grønli (Kaupanger)

Ørskog tok ein fortent siger over Norborg i Søvikdalen onsdag kveld, men den sat langt inne. Når klokka viste 90 minutt leia nemleg Norborg 3-2, men ein solid sluttspurt førte til tre nye poeng til laget frå Sjøholt.

Etter jamne opningsminutt var det Ørskog som tok leiinga i kampen då Mali Rødset kom seg igjennom og dunka ballen i mål via keeper. Etter scoringa fortsette kampen å vere jamspelt, men med eit lite initiativ til Norborg. Etter eit kvarters spel var heimelaget svært nær utlikning, men Linda Flem Stavik sitt skot trefte stolpen. Femten minutt seinare kom så utlikninga. Linda Stavik og Henriette Johannessen spelar vegg og opnar opp Ørskog sitt forsvar. Henriette kjem så aleine med keeper å scora sikkert.

Begge lag har sine mogelegheiter etter utlikninga, og spesielt Ørskog sender av garde nokre gode distanseskot, men ballen sneik seg som regel like utafor. På overtid i 1. omgang kjem så Camilla Krogsethagen seg igjennom forsvaret til Ørskog og scorar via keeper. Dermed leia heimelaget 2-1 i ein jamspelt 1. omgang.

Etter kvila er det Norborg som kjem best i gang og aukar leiinga til 3-1 ved Linda Holmeset. Ho vart spelt gjennom av Silje Nogva og sette ballen presist inne ved lengste stolpe. Etter dette tek Ørskog over kampen, og er svært nær scoring etter ein times spel, men Norborg får avverja på streken. Minuttet etter får så Ørskog reduseringa si då Cecilie Anderson får til eit godt skot som går stolpe inn. Etter reduseringa dominera Ørskog kraftig og skapar fleire gode sjansar, men avslutningane går enten utafor, eller blir stoppa av Silje Nogva som har kome inn i Norborg-målet for ei skadd Terese Brusdal.

Når klokka passerar 90 minutt får så Ørskog si fortente utlikning, men målet var av det heldige slaget. Cecilie Anderson skyt frå ca. 10 meter, ballen stussar i bakken framføre keeper Silje Nogva, som er uheldig å bringer ballen vidare i mål. Men jentene frå Sjøholt er lyst på siger og gir seg ikkje. Eitt minutt på overtid er dei svært nær leiinga i kampen, men Norborg sin beste spelar Frida Ahrens, får blokkert forsøket. To minutt seinare skulle likevel Ørskog få vinnarmålet. Mali Rødset skyt frå litt skrått hald, Silje Nogva får hendene på ballen, men må likevel sjå at den går i nettmaskene til ein fortent Ørskog siger.

Dermed står Ørskog med 6 poeng på 2 kampar, mens Norborg er poenglause. Ørskog skal i neste kamp spele borte mot Vigra, medan Norborg møter Lepsøy/HaNo borte.