Midsund – Norborg 1-1 (1-0)
Vinterserie damer 7’ar, Sunnmørshallen, 30.01.05
Mål Norborg: Jannicke S. Gjerseth
Norborg sitt damelag spelte ein god kamp då det vart 1-1 mot det langt meir rutinerte laget frå Midsund. Kampen var jamspelt, men Midsund kom seg til flest sjansar. Heldigvis for Norborg utnytta dei mogelegheitene dårleg.
På slutten av 1. omgang begynte Norborg sine spelarar å bli slitne. Noko som resulterte i fleire unødvendige feil. Fem minutt før paue tek Midsund leiinga på corner etter at eiav spelarane deire får stå fritt å heade ballen i mål.
I 2. omgang er det Midsund som startar best og legg press på Norborg. Men trass store sjansar greier ikkje blåtrøyene å auke leiinga. Så tek Norborg over og skaper fleire gode sjansar, men målet let vente på seg. Når det står igjen 15 minutt kjem så endeleg utlikninga ved Jannicke Gjerseth. Målet etter eit fint angrep der Jannicke sette ballen inne ved venstre stolpe frå 5 meters hald. Norborg fortsette å styre kampen, men greidde ikkje å score fleire mål. Dermed vart det 1-1 og poengdeling.
Misund hadde eit langt meir rutinert og fysisk sterkare lag enn Norborg. Likevel var Norborg fullt på høgde med romsdalingane og fekk vist kva som bur i laget. Spesielt kom kondisjonen til jentespelarane hos Norborg veldig godt med i dag.
Laget: Terese Brusdal, Jannicke Gjerset, Sandra Larsen, Mona Kvammen, Camilla Krogsethagen, Frida Ahrens, Henriette Johannesen, Ingrid Gamlem, Monica Alvestad, Ingrid Antonsen