Herd jr – Norborg 15-12

Herd jr. – Norborg 15-12 (9-9)
5-ar damer, 26.09.11

Mål: Anette Ulla Vegsund 3, Frida Ahrens 2, Nathalie Dale 2, Kine Kvammen 2, Sandra Larsen 1, Sunniva Johansen 1 og eitt sjølvmål.

Norborg-damene fekk ein grusom start i bortemøtet med Herd og låg under 8-1 når det var spelt 20 minutt. Men så slo oransjetrøyene kraftig tilbake og laga gjekk til pause med 9-9. I 2. omgang så fekk Norborg ein god start å leia 10-11, men kreftene tok slutt og Herd snudde kampen til sin favør. – Eg er imponert over Norborg, for i dag hadde vi med fleire som spelar i 3. divisjon. Norborg bør vurdere å melde på eit lag i inne-KM, sa Herd sin trenar etter kampen.

Anette Ulla Vegsund scora i dag tre mål og befesta sin posisjon som toppscorar. Anette har 14 mål, medan Sandra Larsen og Frida Ahrens har 9 kvar.