Ellingsøy – Norborg 4-13

Ellingsøy – Norborg 4-13 (2-6)
Damer 5-er, Ellingsøy KGB, 18.10.11

Mål: Anette Ulla Vegsund 6, Frida Ahrens 3, Kine Kvammen, Jannicke Synnaland Gjerseth, Natalia Groot og eit sjølmål.

Norborg avslutta sesongen på best tenkeleg måte med å rundspele naboen på andre sida av Grytafjorden. Norborg hadde full kontroll kampen igjennom og kunne ha vunne med større siffer om ikkje stolpane stod i vegen. Berre i 1. omgang trefte ein stolpane fem gongar. 2. omgang vart ein parademarsj for oransjetrøyene som verkeleg har funne haustforma. Med denne sigeren passerte ein Ellingsøy på tabellen.

Anette Ulla Vegsund vart toppscorar med totalt 25 mål.