Norborg2 – Stranda2 5-3

Flotte mål då Norborg2 vann

Norborg2-Stranda2 5-3 (1-0)
1-0 Geir Ove Grønli (19)
2-0 André Larsen (49)
2-1 ? (52)
2-2 ? (61)
2-3 ? (64)
3-3 Geir Magne Grande (66)
4-3 Bee (70)
5-3 Per Kristian Stavik (87)
Dommar: Oddmund Kaldhussæter

Norborg2 vann 5-3 over Stranda2 under gode speletilhøve på Uggedal stadion. Geir Ove Grønli scora det einaste målet i ein temmeleg jamn-spelt 1. omgang. Etter pause vart det meir underhalding. André Larsen dobla heimelaget si leiing på det som må vere årets scoring på Uggedal stadion. Han vippa ballen over same spelar eit par gongar, triksa litt og fyrte av frå 35 meter over keeper og i mål. Vakkert! Etter dette gjekk Norborg i dvale og lot Stranda2 snu kampen med tre raske mål før 2. omgang var halvspelt. Norborg2 kom så til hektene igjen. Geir Magne Grande heada inn 3-3 på sin første ballberøring, Bee sette inn 4-3 på reinaste Eiður vis, medan Per Kristian Stavik fastsette sluttresultatet til 5-3 på eit skot frå 16 meter. Norborg2 hadde fleire store sjansar i 2. omg., men greidde å bomme på dei utrulegaste. Samstundes slapp ein motstandaren særs billeg til grunna dårleg konsentrasjon og kommunikasjon.

Sjansar: 12-7

Laget: Joakim Kjærstad – Kenneth Vegsund, Kjell-Terje Brusdal, Jan Even Drønnesund, Amund Terøy – Per Kristian Stavik, Bee, Steffen Grytten, Noralf Gamlem – André Larsen, Geir Ove Grønli. Innbyttarar: Marius Gamlem, Martin Holmeset, Geir Magne Grande og Alexander Holmeset.