Tomrefjord – Norborg2 4-3 (4-2)
Treningskamp, Vestnes KGB, 14.02.07
1-0 (4)
1-1 Sjølmål (25)
2-1 (27)
3-1 (33)
3-2 Asgeir Kalvø (38)
4-2 (42)
4-3 Kristoffer Søviknes (59)
Laget: Trond Elstad – Kenneth Vegsund, Elling Mikal Kalvø, Kristian Furnes (Bee, 46), Kristoffer Engeset (Geir Magne Grande, 72) – Martin Grytten (Skjalg Volstad, 46), Eivind Fjørtoft, Erlend York, Asgeir Kalvø – Ole Johan Urke, Kristoffer Søviknes.
Snittalder: 20,93
Norborg2 tapte 4-3 for Tomrefjord på Vestnes KGB i onsdag kveld. Norborg2 sleit med posisjonane og gjorde ein del feil val i 1. omgang. Sjansemessig var ein likevel fullt på høgde med Tomrefjord, men effektiviteten var langt høgare hos romsdalingane. Dermed låg ein under 4-2 ved pause. I 2. omgang la ein om formasjonen og starta å kjøre over Tomrefjord, men trass 7-8 store sjansar var det berre Kristoffer Søvik-nes som fann vegen til nettmaskene. Dermed vart det eit ufortent 4-3 tap i debutkampen for Norborg2. – Ein kamp vi heilt klart burde ha vunne, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
* Norborg2 fekk tre forfall til denne kampen. Jan Even Drønnesund, Amund Terøy og Christian Søvik måtte melde avbod.
** Jamn 1. halvtime, men TIL mest effektiv.
*** 4-2 til Tomrefjord ved pause.
****Norborg2 har lagt om formasjonen og pressar kraftig etter pause. Kristoffer Søviknes har redusert.
***** I det 83. minutt slo lyset seg av og Norborg2 tapte sin første kamp.