Norborg2 – Stranda2 5-0

Norborg 2. lag – Stranda 2. lag 5-0 (4-0)
Uggedal stadion, 20.08.07

19 sjansar 4
7 cornere 3

1-0 Skjalg Volstad (6)
2-0 Skjalg Volstad (20)
3-0 Geir Ove Grønli (35)
4-0 Geir Ove Grønli (38)
5-0 Geir Ove Grønli (73)

Dommar: Arild Steinsbu (AaFK)

Tre beste:
Geir Ove Grønli
Stein Erik Reitan
Kristoffer Engeset

Laget: Kurt Erik Grytten – Kristian Furnes (Vebjørn Grytten, 59), Stein Erik Alvestad (Kenneth Vegsund, 59), Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Engeset – Eivind Fjørtoft (Erlend York, 34) (Eivind Fjørtoft, 65), Geir Ove Grønli (André Larsen, 78), Stein Erik Reitan – Skjalg Volstad (Martinus Grytten, 69), Martinus Grytten (Edward Laverton, 34), Ole Johan Urke (Adrian Holmeset, 74)

Norborg2 styrte kampen frå start til slutt og hadde sjansar nok til å score langt fleire enn fem mål. Spesielt før pausen varta oransjetrøyene opp med festfotball.

Norborg2 trygga tabelltoppen i 6. divisjon med sin niande siger då ein tok i mot Stranda sine nest beste. Avstanden ned til Lepsøy på 2. plass er no 8 poeng. Med fire kampar igjen å spele ser ting lyst ut for det unge Norborg-laget.

Denne kvelden hadde trenar Kristian Søviknes mange spelarar å ta av. Ei sterk lagoppstilling og heile seks spelarar på benken, fleire av dei med mange A-kampar bak seg. Det var difor ikkje overraskande at Norborg2 tok kommandoen frå start av. Kampens store profilar Stein Erik Reitan og Geir Ove Grønli stod for den første sjansen då Reitan la eit perfekt slått frispark på hovudet til Grønli, men keeper fekk ei hand på ballen.

Volstad laga nettsus
Nokre minutt seinare vart det kveldens første nettsus då den talentfulle 91-modellen Skjalg Volstad klinka ballen like ved krysset frå 18 meter. Heimelaget produserte sjanse på sjanse, men det tok eit kvarter før neste mål kom. Denne gong også på ei utsøkt avslutning av Volstad etter framspel av Martinus Grytten. 2-0, og det var berre snakk om kor stor sigeren skulle bli.

Punkterar kampen
Nok ein gong måtte ein vente eit kvarter på neste mål, og det til trass for særs store sjansar. Aktive og offensive Kristoffer Engeseth slo eit godt innlegg til Geir Ove Grønli, som heada via keeper og ein forsvarar før ballen gjekk over streken. Tre minutt seinare får same mann nok eit perfekt innlegg som han heada i mål. Denne gong frå Ole Johan Urke, og kampen er punktert.

Norborg2 spelte særs god fotball i 1. omgang. Det var ein nytelse å sete på tribuna å sjå laget leike seg i angrep gong på gong. Diverre var ikkje effektiviteten heilt på topp, men fire vakre mål fekk vi sjå. Ein corner og eit langskot var alt Stranda2 fekk til i denne omgangen.

Frisk opning
Norborg2 starta også 2. omgang friskt, og både Skjalg Volstad og Edward Laverton var åleine med keeper utan å score. Likevel, det vart litt lenger mellom kvar sjanse i denne omgangen, og Stranda2 fekk også prøve seg nokon gongar. Då vi nærma oss timen var gjestan svært nær mål etter corner, men Kristian Furnes fekk redda på strek.

Hat-trick
Eit kvarter kvarter før slutt kom omgangens einaste mål då Geir Ove Grønli fullførte sitt hat-trick. Målet kom etter eit flott oppbygd angrep på venstresida. Edward Laverton la lågt inn til Grønli som banka ballen i mål til 5-0. Vertane var nær fleire mål, men både Stein Erik Reitan og Edward Laverton sine forsøk gjekk over.

Flott kamp av Norborg2, som no har spelt 13 kampar utan tap. Trenar Søviknes seie dette om kampen: – Vi var litt bekymra etter ei litt sløv oppvarming, men måten vi gjennomfører første omgang på er vi svært godt nøgd med. Stor løpsvilje, stort tempo og eit lag som vil framover for å angripe og skape fleirtal. Einaste minuset må vere alle dei brente sjansane, men effektiviteten får vi spare til ein kamp der den trengs. No ventar sesongens fire tøffaste kampar, så vi går ei spennande tid i vente.

Fleire gode spelarar på heimelaget denne kvelden, men vi må trekke fram midtbana med Geir Ove Grønli og Stein Erik Reitan. To rutinerte karar som vann alt av duellar og sette i gong angrep etter angrep. Langt yngre Kristoffer Engeseth på høgreback var også strålande med mange flotte offensive løp.