Norborg2 – Giske 3-0 (2-0)
6. divisjon, Uggedal stadion, 27.05.07
19 sjansar 3
5 cornere 4
1-0 Christian Søvik (40)
2-0 Geir Ove Grønli (42)
3-0 Edward Laverton (90)
Tilskodarar: 34
Dommar: Oddmund Kaldhussæter (Blindheim)
Tre beste:
Bee
Eivind Fjørtoft
Roger Grytten
Laget: Kenneth Vegsund – Christian Søvik (Adrian Holmeset, 75), Kjell Terje Brusdal, Jan Even Drønnesund, Roger Grytten – Eivind Fjørtoft, Bee , Kristian Furnes (Ole Johan Urke, 61) – Edward Laverton (Amund Terøy, 39) (Edward Laverton, 75), Geir Ove Grønli, Skjalg Volstad (Amund Terøy, 83)
Norborg2 dominerte store delar av denne kampen, men svak effektivitet hindra større siger. Tre flotte mål vart det likevel, og aldri før har eit seniorlag i Norborg fått ein betre start på sesongen.
– Vi gjer vel vår dårlegaste kamp for året, men det viktigaste i dag var å få tre poeng, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Svak start
Etter det svakaste opningskvarteret i manns minne, starta Norborg2 å få grep om kampen. Geir Ove Grønli fekk dei to første sjansane, men verken med hovud eller bein greidde han å finne vegen til nettmaskene.
Store sjansar
Heimelaget kom seg ofte rundt på kantane, men endten var legga for dårleg, eller avslutningane for svake. Det tok dermed heile 40 minutt før ein fekk hol på byllen. Målet vart scora av Christian Søvik på eit volleyskot etter god corner av Bee. Minuttet etter kjem Giske seg til sin første sjanse i omgangen, men skotet frå god posisjon går langt utafor. I staden for utlikning er det Norborg2 som fortent aukar til 2-0 då høgrekant Amund Terøy spelar fri Geir Ove Grønli. Åleine med keeper gjer ikkje den rutinerte sogningen nokon feil å sette ballen sikkert i nota.
Norborg2 skapte mange sjansar i løpet av omgangen sin siste halvtime, og burde ha leia med meir enn 2-0 til pausen.
Sjanse på sjanse
Norborg2 fortsette i 2. omgang der ein slapp før pausen, og skapte sjanse på sjanse. Mål vart det likevel lite av. Endten gjekk avslutningane utafor, i tverrliggjar eller ein god keeper Eldar Røsvik stod i vegen. Heller ikkje på straffe greidde Ole Johan Urke å overliste keeper Røsvik. Amund Terøy fekk eit mål tvilsamt annullert for offside då han og Skjalg Volstad kom i to mot ein mot keeper Røsvik. Dommar Kaldhussæter meinte Terøy var framføre Volstad når pasninga frå sistnemnde gjekk. Norborg2 vart elles særs ofte avblåst for offside i denne kampen mot eit Giske-lag som stod særs høgt med forsvarsfiraren sin.
To minutt på overtid greier endeleg heimelaget å få sitt første mål etter pausen. Keeper Kenneth Vegsund spelar langt ut, Geir Ove Grønli stussar i bakrom til Edward Laverton, som spring frå alle, runder keeper, og sette ballen i tomt mål.
Det var liten tvil kvar poenga skulle hamne i denne kampen, og Norborg2 gjorde ikkje meir enn nødvendig for å ta desse tre poenga. Konsentrasjonen framføre mål var ikkje av beste merke i denne kampen, men ein fekk iallfall trena på avslutningar.
Bee dominerte
Norborg2 sin beste var midtbanegeneral Bee. Han fekk god tid til å slå pasningar på Jan Mølby vis gjennom heile kampen, og sette i gong mange av Norborg2 sine farlegaste angrep. Han var også ein av dei få som verkeleg stod på å jobba gjennom 90 minutt. Eivind Fjørtoft tok seg av det meste i lufta, jobba godt og dei fleste sperra nok opp augene då han viste eit fantastisk rykk forbi to Giske-spelarar. I forsvar var Roger Grytten tilbake å spelte sin første kamp sidan bygdakampen i slutten av oktober. Stor ro i forsvar, og overraskande mange løp offensivt.