Norborg2 – Brattvåg2 3-1 (0-0)
6. divisjon, Uggedal stadion, 25.06.07
9 sjansar 6
8 cornere 5
1-0 Ole Johan Urke (60)
1-1 Azem Maksumic (62)
2-1 Martinus Grytten (86)
3-1 Geir Ove Grønli (90)
Dommar: Palmar Blindheim
Laget: Geir Roar Gamlem – Øyvind Farstad, Kjell Terje Brusdal, Elling Mikal Kalvø – Amund Terøy (Bjørnar Engeset, 35) (Amund Terøy, 46) (Skjalg Volstad, 80), André Larsen, Geir Ove Grønli, Kristian Furnes, Kristoffer Engeset (Vebjørn Grytten, 68) – Skjalg Volstad (Martinus Grytten, 68) (Amund Terøy, 86).
Norborg2 kom med ein sterk sluttspurt og avgjorde ein jamn kamp til sin fordel. Ole Johan Urke vart dagens mann for Norborg2 med eitt mål og forarbeid til dei to andre.
– Oss spring meir enn Brattvåg, og det avgjer kampen. Det siste kvarteret så greie vi å sette inn eit ekstra trøkk mot Brattvågmålet, og skaper mange gode sjansar. Viljen til å bevege seg utan ball i denne perioden avgjer kampen til vår fordel. Ein glimrande lagsiger der samtlege bidreg! Ekstra pluss til Krenges, Urke og Elling, pluss ei imponerande stjerne til Tini som overraskar stort den stunda han har krefter til å spele, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Topplaget Norborg2 opplevde ein del fråfall før kampen, og la dermed om til 3-6-1 formasjon før kampen. Noko av grunnen til dette var nok at Brattvåg2 stilte med ei sterk midtbane med Frank Dalhaug i spissen.
Taktikken med ei overbefolka midtbane fungerte bra defensivt, og etterkvart kom ein seg til gode sjansar også. I opningskvarteret var det derimot Brattvåg2 sin Lars Martin Vestre som hadde dei største sjansane, men avslutningane hans skremde ingen. Det same kan ein seie om André Larsen sitt forsøk frå 16 meteren.
Ferdigscora innlegg, men nei
Etter ein jamn halvtime med få klare sjansar kom heimelaget inn i ei god periode. Brattvåg sin keeper måtte strekke seg på ei god heading frå Elling Mikal Kalvø, medan Geir Ove Grønli burde ha gitt oransjetrøyene leiinga då han fekk fritt gå opp å heade eit praktfullt innlegg av Øyvind Farstad, men headinga gjekk i stolpen. Dermed stod det 0-0 til sidebytte.
To raske
Etter kvila starta Brattvåg2 best og kom seg til eit par halvsjansar før midtbanegeneral Frank Dalhaug får ein stor sjanse, men frå litt skrått hald klinkar han ballen over mål. Etter ein time spelar Geir Ove Grønli ballen i bakrom til Ole Johan Urke, som spurtar frå Brattvåg-forsvaret, rundar keeper og scorar i det tomme målet. Gleda varer ikkje lenge for vertane. To minutt etter kjem Azem Maksumic seg fri med ballen etter kamp mot to Norborg-forsvararar. Åleine med keeper Gamlem gjer han ingen feil og utliknar.
Tini sette fart
Dryge tjue minutt før slutt sette Norborg2 inn sin heimvende son Martinus Grytten. Sjølv utan balltrening sette han umiddelbart fart i angrepet. På sitt første touch er han nær å score, men keeper får redda. Nokre minutt seinare får han stå fritt på ti meter å heade eit innlegg frå Urke, men rett på keeper. Fire minutt før slutt skulle han så lykkast då Urke kjem seg rundt på kant, driblar seg inn mot 5-meteren og legg inn. Ballen hamnar til slutt hos Martinus som scorar frå kloss hald. 2-1 til ellevill jubel. Ein sliten Martinus gir seg etter målet, men det gjer ikkje Norborg2, og på overtid blir Urke sprunge ned av keeper og dommar Blindheim dømme straffe. Geir Ove Grønli sette denne sikkert i mål og fastsette resultatet til 3-1.
Norborg2 vann fortent basert på sin sterke sluttspurt. Ein fekk då opp presisjonen og var flinke til å true bakrommet. Mange gode fotballspelarar i Uggedalen denne kvelden, men best synes vi Ole Johan Urke var. Han scorte det første, la opp til det andre og var spelaren som vart felt då det vart straffe. Utmerket 2. omgang av Urke, som då kom til sin rett. Elles god kamp av samtlege mot vanskeleg motstand.