Giske – Norborg2 0-5

Giske – Norborg2 0-5 (0-0)
6. divisjon, 14.08.2007

0-1 Elling Mikal Kalvø (56)
0-2 Erlend York (63)
0-3 Martinus Grytten (64)
0-4 Ole Johan Urke (80)
0-5 Martinus Grytten (85)

Dommer: Birger Brevik, Volda

Laget: Kenneth Vegsund – Kristoffer Engeset, Elling Mikal Kalvø, Kristian Furnes, Adrian Holmeset – Asgeir Kalvø, Erlend York (c), Edward Laverton – Ole Johan Urke, Martinus Grytten, Espen Solheim

Norborg2 reiste til Giske med kun 11spelera grunna spelera bortreist på jobb og skader. Likevel skulle dette vise seg å være meir enn bra nok for å vinne komfortabelt mot Sunnmøres bunnlag.

Bortelaget styrer første omgang uten at man får heilt opp tempo på ball og bein slik man ønskjer. Kanskje var det den tunge regntreninga frå dagen før som lå igjen i beina, eller kanskje det var tanken på at man med to sesongdebutanter på bana ikkje måtte tømme alle krefter i første omgang. Nærmast mål kom Martinus Grytten då han smelte ballen i tverrligger og ned på strek etter tolv minutt spel. Utenom dette hadde de orange fleire gode sjansar, men ubesluttsomhet i avslutningsfasen og lysten på ei ekstra finte satte ein effektiv stopper for mål. Giske på si side fekk produsere ein farligheit halvveis i omgangen etter nølande forsvarsspel frå gjestene. Men utespeler Vegsund i Norborgmålet greidde dei ikkje å overliste. Vegsund stod som vanlig ein god kamp, og haldt nullen for tredje gang på fire kampar i år! Sunnmøres beste utespeler i mål ?

Sett tempo – punkterer kampen
I pausen vart Norborgspelerane enige med seg sjølv om å få opp balltempoet og breidda i spelet sitt. Og lojale som dei er med kvarandre, så var det det som skjedde. Etter å ha brent nokre gode sjansar dei første ti minutta, blant anna eit susande langskudd frå sesongdebutant og kaptein Erlend York like utafor stolpen skulle endelig målet kome. Elling Mikal Kalvø er med opp på sin første dødball i kampen, og når han får ballen i beina på sytten meter viser han ingen nåde. Ballen klistrer han med innsiden av foten oppe i vinkelen. Minuttet etterpå raider Espen Solheim igjennom på høgresiden, og blir lagt ulovlig i bakken. Straffen sett diverre ein av Norborg sine beste spelarar denne kvelden i innsida av stolpen og ut til målspark!

Dei orange gir seg likevel ikkje, og er fast bestemt på å punktere kampen raskt. Minuttet etterpå setter Erlend York inn 2-0 frå seksten meter etter pasning frå Ole Johan Urke. På den påfølgjande avsparket roter Giske det til for seg sjølve. Ein svært aggressiv Martinus Grytten stjeler ballen frå Giskeforsvaret, spurter igjennom midtforsvaret med tre mann hengane i skjorta og sparkande etter bakleggane sine medan han sett ballen sikkert i nota. Sterk prestasjon, medan ein av Giske sine midtstoppera får gult kort for eit av sine forsøk på å knerte Tini i bakken bakfrå.

11 serie- og treningskampar utan tap
Etter dette roer Norborg2 litt ned, men får to mål til før slutt etter ei rekkje gode sjansar. Ole Johan Urke setter inn 4-0 med eit skot frå skrått hald åleine med keeper, før Martinus Grytten avslutter ballet med eit volleyskot nede ved nærmaste stolpe etter innlegg frå ein alltid offansiv og løpsvillig høgreback Kristoffer Engeset. Dermed ender det med ein fortent 5-0 siger til serielederane frå Norborgland, og lagets 11 kamp på rad uten tap.

I ein kamp der alle gjorde ein god kamp for kvarandre er det verdt å nemne gutespeler Adrian Holmeset som gjorde ein solid figur på venstreback. Asgeir Kalvø var variabel, men viktig som indreløper, medan Martinus Grytten var eit mareritt for Giske sine midtstoppera heile kampen igjennom. God andre omgang av Espen Solheim også, medan Ole Johan Urke holdt oppvisning i finter mot Giske sin venstreback i andre omgang. Verdt å nemne Erlend York også som sesongdebuterte, og holdt ein heil kamp etter tre måneder skademareritt.