Ellingsøy – Norborg2 10-1

Det vart nok ein tøff dag på jobb for spelarane som stilte til kamp for Norborg 2 borte mot Ellingsøy i dag. Mannskapsmangelen på A-laget smittar sjølvsagt over på B-laget også og etter at alskens fantasi til både oppmann og andre gode hjelparar var oppbrukt stod ein att med 9 mann ved avreise frå Coop kl 17:00.

Ein hadde framleis håp om å få med i alle fall eit heilt lag, men det vart berre Marius som kom via Ålesund og dermed måtte det leggjast taktikk ut frå 10 spelarar og ingen innbyttarar…

Og det var faktisk dei oransje som kom best i gong og Bjarte Hånes sjokkerte både dei blågule på bana og på tribuna med eit susande volleyskot som small i tverrliggaren etter berre eit par minutt. Men heimelaget kom seg til hektene og fekk trille mykje ball ettersom Norborg la seg lavt, men dei kom ikkje til dei store målsjansane. På ein sjeldan visitt inne i Ellingsøy sitt felt er det derimot Norborg som får straffe etter ein hands! Etter litt interne diskusjonar blir det yngstemann på laget, Nikolai Ulvestad, som tek straffa: Han let seg ikkje affisere av diskusjonane og sender keeper til høgre og ballen til venstre, dermed noko ufortent 1-0 til dei 10 i oransje.

Lukta vi ein sensasjon? For no var gjestane både taktisk gode og disiplinerte, og forsvaret rydda stort sett opp det som kom av halvsjansar for heimelaget. Halvsjansar kom også Norborg seg til, men heller ikkje dei spesielt farlege.

Til slutt vart det likevel slik at heimelaget fekk hol på byllen og utlikna, for like etterpå å gå opp i 2-1 leiing. No var det tydeleg at gjestane ikkje hadde så frykteleg mykje å by på framover, men ein greidde å ha ein viss kontroll bakover. Utover i omgongen aukar dei blågule til 3-1 og 4-1 før det blir pause og eit heroisk kjempande Norborg-mannskap kan ta seg ein fortent kvil. Fleire av spelarane skulle nok gjerne sett at friske bein kunne settast innpå, men alle måtte rusle ut på bana til nye 45 minutt.

I andre omgong hadde heimelaget gjort nokre taktiske grep og pressa gjestane høgare oppe på bana, noko som førte til at ein aldri fekk spelt seg sakte og sikkert framover. I staden mista ein ballen nesten kvar gong den vart spelt opp over midtbana. I tillegg prøvde dei oransje seg på ein litt dristig offside taktikk som i ettertid nok vart litt for risikabel når motstandaren kunne byte inn friske og raske bein mot gjestane sine trøytte og slitne.

Utover i omgongen trilla det inn ein del fleire mål og teljeverket til dommar Steinsbu stoppa på 10-1 til heimelaget når 90 minutt var over.

Likevel, ein flott innsats av samtlege 10 som stilte opp på kampen. Tusen takk til alle saman!

Laget: Kenneth Hånde, Marius Gamlem, Audun Mikalsen, Geir Magne Grande, Noralf Gamlem, Per Kristian Stavik, Bee, Bjarte Hånes, Nikolai Ulvestad, Børt Tore Marthinussen.

Stjerner: Bee (3), Audun (2), Geir Magne (1) – Eigentleg vil .com sin utskremte gje 1 stjerne til alle for moral og innsats!

Som mot Harøy var det ein spelar hos motstandaren som gjorde den store skilnaden når det gjaldt mål, denne gongen scora Geir Nøstdal 5 mål – “so mange mål he ej ikkje scora sia ej spelte på gutelaget”, kommenterte han fornøgd etter kampen. 🙂