“Kvar er alle hen” spurte redaktøren av norborg.com tidlegare i kveld og det same kan vi nok gjere når det gjeld Norborg 2…
Medan spelarane nærast måtte trekkje kølapp for å få spele før sommarferien, så har det i haust vore tungt å få med ei kjerne i laget som held godt nok nivå. All ære til dei som stiller opp, men det blir tøft mot dei fleste laga i haust ser det ut til.
Tøft vart det også i kveldens kamp mot Harøy, men sjølv om sifra vart stygge så kan faktisk Norborg 2 vere bekjent av spelet i det meste av kampen. Ein hang godt med, anført av ei god sentral midtbane med dagens kaptein og ex-Harøyspelar Stian Myklebust og Alf Røren. Men det var berre slik at Harøy, og i all hovudsak Stian Harnes, scora på det dei hadde av sjansar medan heimelaget stort sett berre kom seg til halvsjansar.
Til slutt vart det altså 1-9 og fortent siger til Harøy, men alt for stor etter “spel og sjansar” (dog er det no slik i fotball at det er måla som tel).