Herrer 7ar 2013

Norborg sitt 7-ar lag fekk ein tøff sesong og enda sist. Trenar/lagleiar var Noralf Gamlem. Årets spelar vart Ole Henrik Hildrestrand, medan Kenneth Gamlem vart toppscorar.

Utdrag frå årsmeldinga: Norborg bestemte seg for å melde på eit 7’ar lag i sesongen 2013. Gjennom heile vinteren var det bra oppmøte på treningane og målet var å kunne plassere seg midt på treet i 7’ar serien. Dei første kampane i vårsesongen gav god poengfangst og ein kjempa heilt i toppen av tabellen. Like før sommarpausen snudde lukka og ein tapte dei siste kampane knepent. Problema fortsette i haustsesongen og målet vart å unngå sisteplassen. På grunn av at Lepsøy vart tilkjent 3-0 siger over AaFK i ein av kampane gjekk Lepsøy forbi Norborg på tabellen.

Tidvis var det vanskeleg å få med folk og den viktigaste årsaka til dårleg poengfangst gjennom sesongen var nok at laget var dårleg samspelt på grunn av dei mange utskiftingane frå kamp til kamp. Lyspunktet var siger over Emblem i siste kamp. Noko som hindra dei 2. plassen.

Det vart nytta 35 ulike spelarar. Noralf Gamlem (13), Ole Henrik Hildrestrand (12) og Knut Øyvind Grytten (12) spelte flest kampar.

Aalesunds Old Boys 9 2 4 90 – 48 42 29
FK Sykkylven Ikornnes 8 1 6 92 – 69 23 25
FK Sykkylven Kvit 8 1 6 68 – 53 15 25
Emblem 8 0 7 67 – 70 -3 24
Lepsøy 5 1 9 56 – 106 -50 16
Norborg 4 1 10 62 – 89 -27 13

 

http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=136436