Norborg2 krinsmeistrar

Sæbø – Norborg2 2-4 (1-3), samanlagt 4-5
Sæbø gras, 27.10.07

9 sjansar 13
3 hjørnespark 4

0-1 Martinus Grytten (24)
1-1 Terje Øye (30)
1-2 Skjalg Volstad (35)
1-3 Martinus Grytten (39)
2-3 Marius Riise (74)
2-4 Eivind Fjørtoft (90)

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Ass. dommarar: Oddmund Kaldhussæter (Blindheim) og Tor Henning Andersen (Hareid)

Laget: Kurt Erik Grytten – Kristian Furnes (Jan Even Drønnesund, 58), Knut Ivar Bjørlykhaug, Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Engeset (Kristian Furnes, 63) – Eirik York (Eivind Fjørtoft, 31), Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Martinus Grytten, Geir Ove Grønli (Kenneth Vegsund, 88), Skjalg Volstad (Erlend York, 78)

Norborg2 var det beste laget på Sæbø laurdag og tok heim KM-tittelen i ein underhaldande og spennande finale. Dermed vart det krinsmeisterskap på første forsøk for oransjetrøyenes 2. lag.

– Fortent siger og krinsmesterskap. Vi har eit klart betre lag enn Sæbø spelar for spelar, og viser til tider fin fotball på ei sleip, tung og vanskeleg grasbane. All honnør til samtlege spelarar som har bidratt i løpet av sesongen, og vi viser styrke i dag med å kunne skifte inn friske folk uten å falle i kvaliteten på det vi gjer ute på bana, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Grep for å stoppe Frøland
Trenar Søviknes gjorde nokre grep frå 1. KM-finale som enda med 2-1 til Sæbø. Ein gjekk tilbake til 4-3-3, men denne gong med to defensive indreløparar og med Steffen Grytten som offensiv sentral midtbane for å gjere arbeidsforholda til Sæbø sitt gode midtbaneanker Espen Frøland vanskelegare. Med raske vingar og luftsterke Geir Ove Grønli som sentral spiss, så vart det skapt langt fleire sjansar enn sist.

Sæbø nær leiing
Det var likevel heimelaget som skulle skape dei første sjansane. Dryge fem minutt ut i kampen kjem Marius Riise seg igjennom, men avsluttar svakt frå skrått hald. Minuttet etter er Terje Øye igjennom etter at Norborg2 har dårleg konsentrasjon på eit innkast til Sæbø. Keeper Kurt Erik Grytten reddar Øye sitt skot meisterleg til corner. Corneren er også farleg, men headinga frå ein Sæbø-spelar går rett på keeper Grytten.

Tini sette standarden
Etter desse tre store Sæbø-sjansane får Norborg2 stadig eit betre grep om midtbana, og ved omtrent havlspelt omgang viser Martinus Grytten kvifor samtlege i Norborg vil at han skal satse på 1. laget igjen. Han lurer to mann med ei finte ute på venstresida, rykker inn mot 16 meter og finn den lille luka mellom keeper Valset og stolpen. 1-0 til Norborg2 og ein flott prestasjon av unge Tini.

Norborg2 er no på hogget, og tre minutt seinare legg høgrekant Skjalg Volstad inn til venstrekant Grytten, men frå kloss hald sette Grytten ballen like utafor. I staden for 2-0 er det Sæbø som utliknar etter at Norborg2 nok ein gong er sløve på eit innkast til Sæbø. Marius Riise skjer inn mot mål frå venstresida og legg fint ut til betre plasserte Terje Øye på 16 meter. Han styrer ballen i mål heilt inne ved stolpen bak ein sjanselaus keeper Grytten.

Skrur opp tempoet
Oransjetrøyene er det beste laget før pausen, og i dei siste ti minutta sette ein opp eit tempo heimelaget ikkje greidde å halde følgje med. Skjalg Volstad får æren av å sette inn 2-1 etter at Sæbø sitt forsvar hadde store problem med å klarere eit innlegg frå Martinus Grytten. To gongar sette Sæbø-forsvaret ballen i eigen tverrliggjar før ballen hamna hos Skjalg på 10 meter. Etter å ha brent eit par store sjansar får vi 3-1 ved Martinus Grytten. Nok ein gong leiker han seg med høgrebacken og tek med seg ballen mot 16 meteren og avsluttar.

Norborg2 kjempa godt og spelte tidvis god fotball på den regntunge Sæbø-bana. Einaste minuset var svak konsentrasjon i forsvar ved nokre høve.

Ny spenning
I 2. omgang gjekk Norborg2 hardt ut for å puntere kampen, men Geir Ove Grønli greidde ikkje å omsette to store sjansar i mål. Sæbø kjempar seg etterkvart inn i kampen, og spelet bølgjar fram og tilbake. Eit kvarter før slutt skapar Marius Riise meir spenning då han reduserer til 2-3 på eit særs godt angrep der han spelte vegg med Espen Frøland og er igjennom. Åleine med keeper gjer han ingen feil å sette ballen sikkert nede ved lengste stolperot.

Tvilsame offside-avgjersle
To minutt seinare trur alle Norborg2 har punktert kampen då Stein Erik Reitan driblar seg gjennom Sæbø-forsvaret og sette ballen i mål, men assistentdommar vinkar for offside. Norborg lurte sjølvsagt på korleis ein spelar som driblar seg gjennom eit forsvar kan vere offside? Grønli låg i offside og var nær Reitan som dribla seg igjennom, kom det frå assistentdommar.

Fem minutt seinare er det derimot Sæbø som blir avvinka for offside då Terje Øye sette ballen i mål etter eit innlegg frå Sæbø og vidareforlenging av ballen av Steffen Grytten. Dersom Øye var offside når det første innlegget kom var det ei korrekt avgjersle.

Fjørtoft avfeier all tvil
Norborg2 får mange overgangar mot eit offensivt og slitent Sæbø-lag, men diverre er det for svak presisjon i dei avgjerande pasningane. Eit minutt på overtid får Norborg2 corner. Kristian Furnes legg inn på hovudet til Kenneth Vegsund, keeper reddar, men ballen hamnar hos Eivind Fjørtoft som dunkar ballen i nota frå kloss hald. 4-2, og Norborg2 kan juble for klubbens fjerde KM-tittel.

Etter det flaue 1-2 tapet på heimebane tok spelarane langt meir ansvar i denne kampen og var eit hakk betre enn Sæbø. Best hos krinsmeistrane i denne kampen var Martinus Grytten, som sprang og sprang, finta og scorte. Stein Erik Reitan spelte seg stort opp etterkvart som kampen gjekk og fekk grep om midtbana saman med alltid oppofrande Steffen Grytten. Keeper Kurt Erik Grytten var også ein stor bidragsytar til at pokalen kom til Uggedalen.

Kampforløp:
0-15: Jamnt i opninga, men så tok Sæbø over og skapte tre store sjansar på tre minutt. Sjansar: 3-0
16-30: Norborg2 med initiativet, men Sæbø farlege på kontringar. Sjansar: 2-3
31-45: Oransjetrøyene skrur opp tempoet og kjører over heimelaget: 1-4
46-60: Gjestane opnar hardt for å punktere kampen: Sjansar: 0-2
61-75: Sæbø med eit lite initiativ. Sjansar: 2-1
76-90: Norborg2 med mange overgongar og har store sjansar til å punktere kampen. Sjansar: 1-3

Desse 37 har spelt for Norborg2 i år: Martinus Grytten, Skjalg Volstad, Edward Laverton, Erlend York, Martin Grytten, Geir Ove Grønli, Christian Søvik, Elling Mikal Kalvø, Ole Johan Urke, Kristian Furnes, Bee, André Larsen, Kristoffer Engeset, Kurt Erik Grytten, Eivind Fjørtoft, Kenneth Vegsund, Kjell Terje Brusdal, Amund Terøy, Jan Even Drønnesund, Roger Grytten, Espen Solheim, Adrian Holmeset, Kristian Søviknes, Øyvind Farstad, Stein Erik Alvestad, Asgeir Kalvø, Trond Elstad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Geir Roar Gamlem, Stein Erik Mårstøl, Stein Erik Reitan, Vebjørn Grytten, Bjørnar Engeset, Eirik York, Kristoffer Søviknes og Steffen Grytten.