God innsats på Øyacup
Både herre- og damelaget gjorde sine saker godt på årets Øyacup under strålande forhald på Harøya. Herrelaget måtte sjå seg slått 3-2 av HaNo i finalen, medan det svært unge damelaget tok heim 5. plassen etter 2-1 siger over Lepsøy søndag.
Innleiande spel
Norborg – Brattvåg 2-1 (0-1)
Sjansar: 5-2
Cornere: 4-3
0-1 Lars Martin Vestre (9)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (29)
2-1 Kristian Søviknes (31)
Laget (4-2-3-1): Kurt Erik Grytten – Kristian Furnes (Stig Wold), Roger Grytten, Jan Even Drønnesund, Steffen Grytten – Adrian Håbet, Tarjei Urkedal – Kristian Søviknes (Vegard Vegsund), Eirik York, Lennart Holmem (Kristoffer Søviknes) – Kim Idar Krogsethagen
På ei perfekt spelematte var det Brattvåg som tok leiinga i kampen etter at dei utnytta slurvete forsvarsspel av Norborg. Lars Martin Vestre fekk æra av å sette inn målet. Like etter var Alexander Beadle nær å auke leiinga på eit godt skot, men Kurt Erik Grytten var med på notene.
Etter dette tek Norborg over kampen og spelar seg fram til to store sjansar ved Kristian Søviknes, men på første forsøket stod Espen Wold i vegen, mens det andre skotet strauk tverrliggar.
Norborg fortsette kjøret etter kvila, og fire minutt ut i omgangen brukar Kim Idar Krogsethagen fysikken, kjem seg framfor forsvaret og sette ballen sikkert i nota. Flott mål av Kim. Like etter får vi sjå strålande angrepsfotball av oransjetrøyene. Kim Idar er møtande spiss, slår direkte til Lennart Holmem på høgrekanten som avanserar ned til kortlinja og legg flott inn til Kristian Søviknes, som enkelt breisidar ballen i mål frå kloss hald. Fortent 2-1 leiing til Norborg.
Etter målet fekk Norborg fleire sjansar til å auke leiinga. Spesielt Lennart vart meir og meir aktiv og kom seg til tre gode sjansar, men banens beste, keeper Espen Wold, haldt Brattvåg inne i kampen. I sluttminutta greidde Brattvåg å legge eit lite trykk på Norborg, utan at det resulterte i nokon store sjansar. Dermed fortent siger til oransjetrøyene.
Norborg testa i denne kampen ut den såkalla VM-formasjonen med stort hell. Adrian var god i Pirlo rolla, Kristian aktiv på venstrekanten og Kim Idar solid på topp.
Norborg – Fjørtoft 0-0
Laget: Kurt Erik Grytten – Kristian Furnes, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund, Steffen Grytten – Adrian Håbet, Tarjei Urkedal – Kristian Søviknes, Eirik York, Lennart Holmem – Kim Idar Krogsethagen.
Innbyttarar: Stig Wold, Knut Ivar Bjørlykhaug, Edward Laverton, Kristoffer Søviknes.
Fjørtoft var nærmast sigeren i ein særs svak kamp. Norborg gjekk til finalen med uavgjort og gjorde ikkje mykje for å ta alle poenga. 4. divisjonskamp fredagskvelden og kamp mot Brattvåg før på dagen gjorde nok sitt til at spelarane var slitne også. Jan Even Drønnesund får bestemannsprisen hos Norborg. Mest fordi han utførte Øyacupens viktigste tackling. Ei tackling som riktignok var i knehøgde, men som iallfall hindra eit mål.
Finale:
Norborg – HaNo 2-3 (0-1)
Sjansar: 6-10
Cornere: 2-2
0-1 (25)
0-2 (35)
0-3 (37)
1-3 Kristian Søviknes (55)
2-3 Kristian Søviknes (60)
Laget: Kurt Erik Grytten – Kristoffer Søviknes, Steffen Grytten, Jan Even Drønnesund, Kristian Furnes – Eivind Fjørtoft, Tarjei Urkedal – Kristian Søviknes, Eirik York, Adrian Håbet – Lennart Holmem
Innb: Stig Wold, Kim Idar Krogsethagen, Knut Ivar Bjørlykhaug, Stein Erik Alvestad, Edward Laverton.
Med stort humør og engasjement frå benkeslitarane “Kølla & Wold, her blir det gåll !” hadde Norborg ein artig finale trass hissig mygg, “Katzenjammer” og tap.
Sjølv om kapteinen tok oppvarminga på Mix Steinshamn var det Norborg som kom best i gong og rundspelte HaNo dei første ti minutta. Eirik, Lennart og 2 x Tarjei Urkedal hadde store sjansar til å sende oransjetrøyene i føringa. Men sjølv med Håkon Sæterøy i mål, greidde ikkje Norborg å putte.
Etterkvart tok HaNo fullstendig over, noko som ga Kurt Erik sjansen til å vise fram sine Casey Keller utspark til stor fryd. Fire minutt før pause scora HaNo på ein av sine mange sjansar i denne perioden. Truleg fordi Norborg hadde basert seg på at kampen gjekk som 2 x 25 minutt, og ikkje 2 x 30…..
2. omgang starta som første avslutta, med stort HaNo overtak. Dette resulterte i to raske mål før Norborg satte inn sluttspurten. Fem minutt før slutt kjem første reduseringa ved Kristian då han demper eit innlegg frå Stig på brystet og klemmer ballen i mål. I sluttminutta sette samme mann inn 2-3 på straffe etter at Tarjei vart felt av keeper Sæterøy. I siste angrep var Norborg nær mål, men Eddie fekk håret i augene då han skulle spele igjennom Stig og ballen gjekk til ein HaNo-forsvarar. Dermed 2-3 tap i finalen. Vi gratulerer HaNo med fortent 1. plass.
Kristian vart også delt toppscorar i turneringa saman med HaNo sin Erik Åkre.
Damelaget var også på Øyacup. Referat kjem så snart notatane dukkar opp igjen… Laget vann iallfall kampen om 5. plassen med 2-1 over Lepsøy. Camilla Krogsethagen scora begge måla, medan Mona Kvammen var kampens store spelar.