Lukkast ikkje denne gongen heller
Norborg hadde klar målsetting om finale når ein drog til Giskehallen for å spele sluttspel i Rica Parkett Cup for herrelag, men også denne gongen vart Brattvåg og Arnel eit nummer for stor. – Vi har trena ein gong sidan innleiande spel i Godøyhallen for tre veker sida, medan Brattvåg trenar tre gongar i veka, ikkje rart vi ikkje presterar betre, sa Norborg-spelar Kristian Søviknes etter at 5. plassen var eit faktum.
Norborg-Hareid 5-5
1-1 Adrian Håbet
2-1 Stein Erik Reitan
3-2 Kim Idar Krogsethagen
4-2 Lennart Holmem
5-2 Tarjei Urkedal
Etter ei litt nervøs og famlande opning starta Norborg på stillinga 2-2 å få igong spelet mot 3. divisjonslaget Hareid. Resultatet vart tre raske mål og tilsynelatande kontroll på kampen når mindre enn 8 minutt stod igjen. Men så starta dei personlege feila å kome, og Norborg mista til slutt meir eller mindre hovudet. Anført av Andre Skotheim kom Hareid seg inn i kampen og med mindre enn eitt minutt igjen å spele utlikna dei til 5-5. Surt, ikkje minst sidan Norborg hadde eit skot i tverrliggjar på stillinga 5-3. Stemninga i Norborg si garderobe etter kampen var svært svært dyster. Dette var nemleg ein kamp oransjetrøyene burde ha rodd i land.
Brattvåg-Norborg 5-4
0-1 Lennart Holmem
5-2 Adrian Håbet
5-3 Lennart Holmem
5-4 Kim Idar Krogsethagen
Begge lag starta svært defensivt og med stor respekt for kvarandre, men ti minutt ut i kampen fekk Norborg til eit flott angrep som opna opp Brattvåg. Stein Erik Reitan spelte fint fram til Lennart Holmem som klinka inn leiarmålet. Men så mista oransjetrøyene konsentrasjonen for nokre minutt, og med Arnel Colic som motstandar gjer ein ikkje det ustraffa. Brattvåg scora 5 strake mål og nærmast avgjorde kampen frå det 15. til det 20. minutt. Norborg måtte ofre hus og heim og pressa Brattvåg høgt. Dette fungerte godt og ein reduserte tre gongar, men diverre var det for seint. Brattvåg rodde i land ein 5-4 siger mykje takka vere ein god Espen Wold i mål.
Hovdebygda-Norborg 3-8
0-1 Adrian Håbet
1-2 Edward Laverton
1-3 Tarjei Urkedal
1-4 Lennart Holmem
2-5 Adrian Håbet
2-6 Edward Laverton
2-7 Tarjei Urkedal
2-8 Kim Idar Krogsethagen
Utgangspunktet for Norborg var klart. Ein måtte knuse Hovdebygda med 6 mål, samtidig så måtte Brattvåg vinne over Hareid. Norborg pressa på gjennom heile kampen, men bortsett får ein periode midtvegs i kampen, hadde ein problem med å sette sjansane. Åtte minutt før slutt hadde ein likevel 6 målsleiinga som var nødvendig for å nå bronsefinale dersom Brattvåg vann med eitt mål over Hareid, men ca. 30 sekund før slutt vart ein litt for ivrig framover og Hovdebyda fekk redusere til 3-8. Dermed måtte Brattvåg vinne med to mål over Hareid.
Kampen Brattvåg-Hareid vart svært spennande. Brattvåg var det førande laget stort sett gjennom heile kampen og hadde på stillinga 3-2 fleire sjansar til å score, men diverre vart avslutningane for svake og gjekk endten midt på Hareid sin keeper eller utafor. I staden for både 4 og 5 Brattvåg mål var det Hareid som utlikna like før slutt og kunne spele bronsefinale mot Godøy. Noko som enda med 7-4 siger til Godøy. Brattvåg på si side vann finalen mot Volda med 4-3.
Norborg enda dermed for 3. året på rad på 5. plass. Laget bar preg av å ikkje ha trent dei siste vekene og var ikkje så stødig defensivt som ein normalt brukar å vere i innefotball. Heile 13 baklengs vart det på desse tre kampane. Det er meir enn det doble samanlikna med i fjor, og då møtte ein AaFK! Angrepsmessig kan vi ikkje utsette så mykje sidan ingen scorte fleire enn oransjetrøyene. Likevel, vi kan ikkje seie oss misfornøgd med å vere 5. best på Sunnmøre. Det er ikkje gitt at eit lag på nedre halvdel av 4. divisjon år på år skal kjempe om KM-tittelen. Så alt i alt flott innsats av Norborg sine utvalgte.
Målscorarar:
Lennart Holmem | 4 |
Adrian Håbet | 4 |
Tarjei Urkedal | 3 |
Kim Idar Krogsethagen | 3 |
Edward Laverton | 2 |
Stein Erik Reitan | 1 |
Desse var med: Kurt Erik Grytten, Stein Erik Reitan, Kristian Søviknes, Eirik York, Kim Idar Krogsethagen, Morten Kalvø, Arian Håbet, Lennart Holmem, Edward Laverton og Tarjei Urkedal.