Romjulsturnering 2005

Utslått på golden goal

Norborg hadde som mål å vinne årets Romjulsturnering i Brattvåghallen etter å ha vore tapande finalist i fjor. Men det skulle ikkje gå heilt etter planen..

Norborg-Brattvåg jr. 3-1
1-1 Tarjei Urkedal
2-1 Ståle Hurlen
3-1 Eirik York

Brattvåg sitt juniorlag sjokkopna ved å ta leiinga over oransjetrøyene. Norborg sine spelarar stressa voldsomt, men fekk etterkvart kontroll på kampen og vann til slutt sikkert 3-1.

Ravn-Norborg 1-5
0-1 Tarjei Urkedal
0-2 Ståle Hurlen
1-3 Lennart Holmem
1-4 Tarjei Urkedal
1-5 Tarjei Urkedal

Norborg hadde kontroll på Ravn og vann komfortabelt 5-1. Tarjei Urkedal vart kampe sin store spelar med tre mål, samt eit tverrliggarskot mot eige mål…

Norborg-HaNo 3-2
1-0 Kim Idar Krogsethagen
2-0 Lennart Holmem
3-0 Tarjei Urkedal

Norborg såg ut til å avgjere kampen då ein leia 3-0 med fem minutt igjen å spele, men HaNo ga ikkje opp, og reduserte to gongar før sluttsignalet gjekk. I tillegg fekk dei ein stor sjanse til å utlikne like før slutt. Norborg var klart best i ti minutt, men fall totalt saman i sluttminutta.

Kvartfinale:
Norborg-Skodje 3-2 golden goal

1-1 Tarjei Urkedal
2-1 Lennart Holmem
3-2 Kim Idar Krogsethagen

Skodje skremde norborgarane ved å ta ei tidleg leiing i denne kvartfinalen, men Norborg kom etterkvart til hektene og snudde kampen etter mål av Tarjei og Lennart. I hektiske sluttsekund kom likevel Skodje tilbake og utlikna. Dermed ekstraomgangar. Her tok Kim Idar saka i eigne hender og dunka ballen i mål til 3-2 og Norborg-avansement.

Semifinale:
Norborg-HaNo 4-5 g.g.

1-1 Kim Idar Krogsethagen
2-2 Tarjei Urkedal
3-4 Kim Idar Krogsethagen
4-4 Tarjei Urkedal

HaNo var i føringa nær sagt heile kampen, og såg ut til å avgjere kampen med sitt 4-2 mål. Men norborgarane ga aldri opp og kjempa seg til 4-4. Vi kan ikkje huske sist HaNo slo Norborg i ein innandørskamp, men litt ut i ekstraomgangen kjempa Lars Åkre inn HaNo sitt sigersmål, og norborgarane sitt gullhåp fall i tusen steinar.

Bronsefinale:
Norborg-Team Rekdal 2-3

1-0 Ståle Hurlen
2-2 Lennart Holmem

Etter tapet i semifinalen var det rett over til bronsefinale for Norborg. Norborg starta best og tok leiinga ved Ståle Hurlen. Men Team Rekdal snudde kampen for Lennart Holmem utlikna. Dei fleste forberedte seg på ekstraomgongar då Team Rekdal avgjordekampen 5 sekund før slutt. Dermed endte Norborg for første gong sidan 2002 utan medalje i denne turneringa.

Målscorarar:
8 mål Tarjei Urkedal
4 mål Lennart Holmem og Kim Idar Krogsethagen
3 mål Ståle Hurlen
1 mål Eirik York

Spelartropp: Kurt Erik Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Eirik York, Lennart Holmem, Adrian Håbet, Kristian Søviknes, Asgeir Kalvø, Tarjei Urkedal, Ståle Hurlen, Edward Laverton og Roger Grytten.

Resultater Romjulsturnering i Brattvåghallen 28. desember

Brattvåg- Hildre 8-0 Pulje 2
Team Rekdal- Fjørtoft 8-1 Pulje 1
Norborg- Brattvåg jr. 3-1 Pulje 3
Helland Spesial- Harøy 3-2 Pulje 2
Midsund- Skodje 0-0 Pulje 1
HaNo- Ravn 2-1 Pulje 3
Harøy- Brattvåg 2-8 Pulje 2
Skodje- Team Rekdal 4-1 Pulje 1
Hildre- Helland Spesial 1-7 Pulje 2
Fjørtoft- Midsund 0-8 Pulje 1
Ravn- Norborg 1-5 Pulje 3
Brattvåg jr.- HaNo 0-2 Pulje 3
Skodje- Fjørtoft 5-0 Pulje 1
Team Rekdal- Midsund 0-5 Pulje 1
Harøy- Hildre 5-2 Pulje2
Brattvåg- Helland Spesial 2-2 Pulje 2
Ravn- Brattvåg jr. 0-2 Pulje 3
Norborg- HaNo 3-2 Pulje 3


Kvartfinaler:

Midsund- Brattvåg jr. 4-1
Brattvåg- Team Rekdal 0-2
Norborg- Skodje 3-2 g.g.
Helland Spesial- HaNo 0-3


Semifinaler:

Midsund- Team Rekdal 3-2
Norborg- HaNo 4-5 g.g


Bronsefinale:

Norborg- Team Rekdal 2-3


Finale:

Midsund- HaNo 4-3 g.g