Rica Parkett Cup 2005 – innleiande

Fekk god trening i å løyse

Rica Parkett Cup vart ein liten nedtur for Norborg sine to lag som deltok i Godøyhallen. På dei 8 kampane vart det null poeng og 19-80 i målforskjell. – Eg fekk iallfall mange svar til junior-KM, seie juniortrenar Kristian Søviknes.

Først ut var Norborg2, eller det såkalla trimlaget. Karane reiste utover til Godøya med åtte mann og med håp om 6 poeng, samt å score på Brattvåg-keeper Espen Wold, men det skulle så langt derifrå gå slik.

Norborg2-Hildre 3-5
1-2 Bjarte Søviknes (10)
2-3 Biarte Hånes (20)
3-4 Andre Larsen (24)

Even Otterlei var den store forskjellen på desse to naboklubbane. Han ga Hildre ei tidleg to-målsleiing, ei leiing dei skulle greie å halde på resten av kampen.

Brattvåg1-Norborg2 16-0

Norborg2 haldt bra følge i 2 minutt, men så kom storkanonene frå vågen inn og audmjuka oransjetrøyene med 16-0 siger. Arnel Colic og Roger Dalhaug scora 5 mål kvar.

Skarbøvik1-Norborg2 14-2
1-6 Geir Magne Grande (12)
2-11 Øyvind Davik (25)

Imponerande av Norborgs trimmarar å putte to mål på 3. divisjonsspelarane frå Skarbøvik. Dette greidde hverken Hildre eller Fjørtoft. Geir Magne Grande og Øyvind Davik pynta på resultatet for oransjetrøyene.

Norborg2-Fjørtoft 5-8
1-1 Andre Larsen (4)
2-2 Sjølvmål (7)
3-3 Øyvind Davik (12)
4-5 Tommy Johannessen (21)
5-6 Øyvind Davik (23)

Norborg2 haldt lenge godt følge med Fjørtoft, men måtte til slutt likevel sjå seg slått med 3 mål. Dermed vart det 4 strake tap for dei glade trimmarane.

Tropp: Bjørn Tore Selbervik, Geir Magne Grande, Andre Larsen, Øyvind Davik, Tommy Johannessen, Alexander Holmeset, Bjarte Søviknes og Biarte Hånes.

Mål:

Øyvind Davik 3
Andre Larsen 2
Bjarte Søviknes 1
Biarte Hånes 1
Geir Magne Grande 1
Tommy Johannessen 1
Sjølvmål 1

Tabell

Brattvåg1 4 4 0 0 58- 5 12
SIF1 4 3 0 1 51- 9 9
Fjørtoft 4 1 1 2 13- 36 4
Hildre 4 1 1 2 12- 51 4
Norborg2 4 0 0 4 10- 43 0

Brattvåg vann gruppa suverent og går vidare til sluttspelet i Giskehallen første helga i desember.

Norborg1

Norborg1 bestod stort sett av spelarar i gutte/junioralder og fekk det som venta tøft mot øylaga Godøy og Valder, samt naboane Brattvåg2 og Skodje.

Valder-Norborg1 7-0
Valder fekk to raske mål i denne kampen, samt eit 3. mål som heilt klart burde ha vore annullert sidan ein Valder-spelar spete ballen over sidelinja og linjedommaren vinka for Norborg1 innspel. Men istaden for dette stjel Valder ballen. Tek innsparket og scorar aleine mot keeper Bjørnar Engeset, mens dei andre norborgarane har sprunge fram i angrep… Utruleg nok greidde hovuddommaren å dømme mål til oransjetrøyenes fortviling. Etter dette fekk begge lag lite til og stillinga 3-0 stod seg til sluttminutta. Då scora Valder 4 mål på 4 minutt og utklassa Norborg1 7-0.

Norborg1-Brattvåg2 4-8
1-0 Ståle Hurlen (3)
2-3 Kjell Terje Brusdal (13)
3-3 Ståle Hurlen (18)
4-7 Ståle Hurlen (24)

Norborg1 tok leiinga etter 3 minutt over Brattvåg sine nest beste, men slappt forsvarsspel gjorde sitt til at det stod 1-3 før 7 minutt var spelt. Norborg ga likevel ikkje opp og spelte god fotball dei neste ti minutta. To mål vart scort, blant anna eit perleskot i krysset avKjell Terje Brusdal, og fleire sjansar brent. Men så rota ein det skikkeleg til i forsvar og Brattvåg2 fekk enkelt avgjere kampen med 4 mål frp det 19. til det 23. minutt. Ståle Hurlen trivdes mot gamle lagkameratar og scora 3 mål.

Norborg1-Godøy 0-13
Oransjetrøyene hadde ingen sjansar mot eit aggressivt og godt heimelag. Godøy-dominans frå første til siste minutt.

Skodje-Norborg1 9-5
2-1 Ole Johan Urke (9)
4-2 Ole Johan Urke (12)
6-3 Kjell Terje Brusdal (15)
9-4 Vebjørn Grytten (24)
9-5 Kjell Terje Brusdal (29)

Norborg hadde eit visst håp om poeng i denne kampen, men når ein ikkje vakna før vaktmeisteren hadde sløkt lyset vart det tap i denne kampen også. Dei siste 5-6 minutta var likevel oppløftande for oransjetrøyene då Kjell Terje Brusdal viste fram sine spissegenskapar, men diverre for “Campo” Brusdal øydela dommaren for han med å annullere eit mål som hadde gjort han til toppscorar på Norborg1.

Tropp: Bjørnar Engeset, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal, Jan Even Drønnesund, Ståle Hurlen, Stein Erik Alvestad, Vebjørn Grytten, Martinus Grytten og Ole Johan Urke.

Mål:

Kjell Terje Brusdal 3
Ståle Hurlen 3
Ole Johan Urke 2
Vebjørn Grytten 1

Tabell:

Godøy 4 4 0 0 33- 9 12
Valder 4 3 0 1 28- 12 9
Skodje 4 1 1 2 25- 29 4
Brattvåg2 4 1 1 2 20- 28 4
Norborg1 4 0 0 4 _9- 37 0

Godøy vidare til sluttspelet i Giskehallen første helga i desember.

Strålande innsats av Norborg3
– vidare til sluttspelet med full pott

Det var knytt stor spenning til om Norborg gjorde rett i å toppe 3. laget sitt under helgas innleiande spel i Rica Parkett Cup. Laget famla litt i starten i første kamp mot Vigra, men etterkvart så gjekk det alldeles strålande med solid innsats frå samtlege spelarar.

Norborg3-Vigra 5-2
1-1 Tarjei Urkedal (5)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (12)
3-1 Eirik York (13)
4-2 Adrian Håbet (28)
5-2 Tarjei Urkedal (29)

Vigra tok leiinga i denne kampen ved Rune Akslen, men Norborg kom seg raskt til hektene og var oppe i 3-1 leiing før samme Akslen fekk redusere på straffe. Dette var for øvreg Akslen sitt 4. straffemål på Norborg i år. Norborg produserte mange store sjansar, men hadde proble med effektiviteten. Men i sluttminutta vart endeleg sjansane omsatt i mål, og ein kunne juble for tre poeng mot hardtarbeidande vigringar.

HaNo-Norborg3 3-4
0-1 Tarjei Urkedal (13)
0-2 Stein Erik Reitan (14)
2-3 Kim Idar Krogsethagen (25)
3-4 Edward Laverton (29)

Norborg opna famlande mot sine naboar frå Nordøyane, men med to raske mål omtrent midtvegs i kampen såg dette ut til å gå vegen. 2-0 målet vart for øvreg scora av Stein Erik Reitan! Men HaNo gir seg aldri, og to mål på eitt minutt av Stian A. Haram sørga for balanse i målprotokollen etter sløvt forsvarsspel av oransjetrøyene. Gleda varte likevel ikkje lenge for HaNo. Fire minutt seinare sørga Kim Idar Krogsethagen for ny Norborg-leiing. Men så klinka HaNo-keeper Håkon Sæterøy inn ny utlikning for blåtrøyene. Med knappe 3 minutt igjen å spele såg det ut til å gå mot uavgjort, men då dukka Edward Laverton opp framfor mål å sette inn sitt første mål for dagen. 4-3, og Norborg på god veg mot sluttspelet.

Rollon-Norborg3 4-8
0-1 Kim Idar Krogsethagen (1)
0-2 Tarjei Urkedal (2)
0-3 Kim Idar Krogsethagen (3)
0-4 Tarjei Urkedal (5)
1-5 Adrian Håbet (12)
3-6 Tarjei Urkedal (15)
3-7 Tarjei Urkedal (21)
4-8 Edward Laverton (29)

Norborg har hatt eit Rollon-kompleks ute i år, og var i denne kampen tydeleg bestemt på å vise Elling Kjerstad & co. at ein kan å spele fotball på Grytastranda/Søvik også. Norborg gjekk dermed ut i eit voldsamt tempo og leia 4-0 før fem minutt var gått. Etter dette fall tempoet litt, men ein hadde god kontroll på kvittrøyene kampen igjennom. Verdt å huske frå kampen var Adrian Håbet sin fenomenale lobb som ga 5-1.

Norborg3-Ravn 8-3
1-0 Sjølvmål (3)
2-1 Tarjei Urkedal (8)
3-1 Tarjei Urkedal (11)
4-1 Adrian Håbet (16)
5-1 Kim Idar Krogsethagen (18)
6-1 Kim Idar Krogsethagen (19)
7-1 Edward Laverton (22)
8-3 Adrian Håbet (30)

Norborg var i realiteten vidare til sluttspelet før denne kampen sidan ein hadde klart betre målforskjell enn Vigra som låg på 2. plass. Som gode naboar opna kvart lag med å scora kvart sitt sjølvmål før ein sette igong kampen for alvor… Då viste Norborg seg som eit hakk for gode for krinsmeisteren i 6. divisjon og avgjorde kampen med 6 mål før Ravn fekk pynte på resultatet med to mål. Heilt på tampen fastsette Adrian sluttresultatet til 8-3.

Tropp: Kurt Erik Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Eirik York, Adrian Håbet, Tarjei Urkedal, Stein Erik Reitan, Kristian Søviknes, Edward Laverton og Steffen Grytten.

Mål:

Tarjei Urkedal 9
Kim Idar Krogsethagen 6
Adrian Håbet 4
Edward Laverton 3
Eirik York 1
Stein Erik Reitan 1
Sjølvmål 1

Tabell:

Norborg3 4 4 0 0 25- 12 12
HaNo 4 2 0 2 21- 15 6
Vigra 4 2 0 2 16- 20 6
Rollon 4 1 1 2 17- 20 4
Ravn 4 0 1 3 20- 30 1

Norborg er dermed kvalifisert for sluttspelet for 3. år på rad. Dette går av stabelen i Giskehallen 3. desember.

Vi nyttar også anleiinga til å gratulere Godøy IL med eit flott arrangement.