Åheim – Norborg 2-1

Bittert bortetap
Åheim-Norborg 2-1 (1-1)
Åheim gras, 23/6/2001

5 skudd på mål 11
5 skudd utenfor 12
2 hjørnespark 4
14 frispark (imot) 10
1 gule kort 0

1-0 (7)
1-1 Kenneth Gamlem (25)
2-1 (87)

Norborg fekk ei dårlig oppladning til denne kampen. Fleire timar på buss i steikande sol, og berre 10 minutts oppvarming. Likevel dominerte Norborg denne kampen, og skapte eit utall av sjansar, men effektiviteten foran mål var dårlig. Norborg fekk berre eit mål på dei totalt 23 avslutningane. Åheim utnytta to forsvarstabbar, og fekk dermed tre heldige poeng.

Norborg hadde før kampen to av sine beste spelarar ute. Kim Idar Krosethagen hadde karantene, mens Roger Grytten fortsatt er skada. Ein hadde likevel stor tru på seier mot eit av avdelingas dårlegaste lag. Allereie på dei fem første minutta hadde Norborg to gode sjansar ved Steffen Grytten og Kenneth Vegsund, men avslutningane gjekk rett på keeper. Etter sju minutt får Åheim frispark omtrent midt på bana. Frisparket blir slått inn i 16-meteren der ein åheimspelar står umarkert og headar ballen i mål frå 5 meter.

Eit kvarter var gått då Kenneth V. slo eit frispark, som Kenneth Gamlem stussa vidare til Tarjei Gjerset Urkedal, som upressa heada over frå 5 meter. Norborg fekk sitt fortjente utlikningsmål etter 25 minutt. Christian Søvik kom rundt på venstrekanten, la fint 45 grader ut til Kenneth G., som sette ballen i mål fra 12 meter. Etter utlikninga vart Åheim totalt utspelt ved fleire anledningar. Både Kenneth G., Kenneth V., Christian Søvik og Stein Erik Reitan hadde store muligheter i løpet av 1. omgangens siste kvarter, men ballen ville ikkje i mål. At det stod uavgjort til pause kunne Åheim vere svært glade for.

Åheim begynn derimot 2. omgangen best, og skaper eit par farlige situasjoner foran Norborg sitt mål, men utan resultat. So begynn Norborg igjen å ta over, om enn ikkje so kraftig som i første omgang. Etter ti minutt kjem Stig Wold rundt på venstrekanten, men innlegget hans vart heada rett på keeper av Kenneth G. Fem minutt seinare kom Alexander Gamlem seg rundt på høgrekanten, han la hardt inn langs bakken, men Kenneth G. mangla nokre få cm på å sette ballen i mål. Tre minutt seinare skaut Geir Ove Grønli i stanga frå ca. 10 meters hald. Norborg styrte kampen, og vi var sikker på at målet snart kom, men det begynte å haste. Ti minutt før slutt skaut Tarjei i tverrliggar og ned. Ballen var kanskje over streken, men dommaren stod for langt unna til å kunne sjå det. Dermed fortsatt 1-1. I det 87. minutt mister Norborg ballen på eigen banehalvdel. Åheim får til eit innlegg frå høgresida, ballen går over til ein umarkert åheimspelar på kanten av 16-meteren. Han tar seg god tid før han skyt ballen i mål, og dermed ei svært ufortjent Åheim leiing. Norborg angreip dei siste minutta med alt dei hadde, men greidde ikkje å utlikne. Dermed vart det ein tung busstur heim igjen.

Laget: Kurt- Stig (Christian, 64), Kenneth V., Øyvind F., Jan Even (Stig, 88), Christian (Grønli, 46), Eirik (Vegard, 70), Stein, Tarjei (Alex Gamlem, 46)(Tarjei, 70), Steffen (Bjørn, 46), Kenneth G.