Norborg-Larsnes 2-4
Uggedal stadion, 9/6/2001
1-1 (5) Kenneth Gamlem
2-2 (47) Kim Krogsethagen
Kampstatistikk:
6 avslutninger på mål 6
4 hjørnespark 3
8 frispark (mot) 17
1 gule kort 1
Lagoppstilling: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Kenneth Vegsund, Roger Grytten (Vegard Vegsund, 70), Øyvind Farstad – Christian Søvik (Eirik York, 57), Stein Erik Reitan (Steffen Grytten, 90) , Geir Ove Grønli (Christian Søvik, 80), Tarjei Urkedal (Geir Ove Grønli, 90) – Kim Krogsethagen, Kenneth Gamlem
Larsnes var det mest effektive laget i denne gruskampen, og drog i land en seier over eit frustrert heimelag tydelig ute av form. Kampen var prega av mange duellar og dårlige pasninga. Bana var imidlertid i bra stand sjølv etter store nedbørsmengder dei siste dagane.
Allerede etter 3 minutt låg ballen i nota bak Kurt Erik. Eit innlegg frå høgre blei heada i mål. Norborg kom seg raskt og utligna berre 2 minutt seinare. Christian kom seg ned på venstresida og slo eit fint innlegg som Kenneth G. heada i mål. Vi håpte da på en reprise av Austefjordkampen, men skulle fort få sjå nokke anna da en dommer med “falkeblikk!??” dømte straffe til Larsnes før 10 minutt var spelt. Stig var uheldig med ei klarering, og en Larsnesspeler fekk tak i ballen. Mottaket hans var for dårlig, så han slengte seg då han såg han ikkje nådde ballen. Ei svært tvilsom straffe som dei skora på.
Kampen dabba kraftig av etter den underholdande åpninga. Mange feilpasninga og duellspel på midten var det publikum fekk sjå i resten av omgangen.
2. omgang begynte like underholdande som 1. Christian kom seg fri på venstresida og la fint inn til Kim, som heada i mål. Da var det gått 2 minutt. Men nok en gong gjekk Larsnes opp i føringa. Det vart gitt eit billig frispark fra omtrent 20 meter. Frisparket satte larsnesingen rett i krysset. Heimelaget måtte begynne å jage utlikning nok en gong.
Norborg skapte sleit med å skape sjanser. Først etter halvspelt omgang fekk heimelaget en nevneverdig sjanse. Larsneskeeperen kom ut å bomma på ballen, men en forsvarsspelar fekk klarert foran Kenneth G. Bare eit par minutt seinare var Norborgforsvaret uheldig og Larsnes fekk punktere kampen. En larsnesspeler fekk plutselig springe igjennom. Aleine med keeper gjorde han ingen feil og trilla ballen sikkert i mål.
Like etter vart Roger Grytten skada. Roger vart liggande med store smerter i foten og vart hjulpen av bana. Ei vridning i kneet var årsaken. Det kan dermed gå lenge før han er tilbake i kampform.
Norborg prøvde å komme seg opp på bana, men fekk ikkje nokke anna en frispark frå forskjellig posisjonar på midtbana. Frisparka blei som regel slått inni 16 metersboksa, men var som regel litt for upresise i denne kampen. Den siste sjansen kom i det 82. minutt. Kim kjem seg fri og prøver på en lobb over keeper, men det vart med forsøket. Norborg sleit med både pasningskvaliteten, mottak og duellspelet i denne kampen. Spesielt i begynnelsen av kampen tapte Norborg mange dueller. Laget manglar den flyten og dei marginane som dei hadde i begynnelsen av sesongen. Norborg må få ned dei personlige feila og finne tilbake til dei taktene som en viste på dei 5 første kampane. Larsnes var ikkje skremmande gode, men vil nok bli eit av topplaga. Dei utnytta sjansene, og var disiplinerte og fysisk sterke. La oss få opp humøret og banke SIF2 på torsdag.