Giske – Norborg 1-1

Gav poeng til Giske

Giske-Norborg 1-1 (1-1)
2. juni 2001

Mål: Eirik Urkedal York

Startoppstilling: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Christian Søvik, Roger Grytten, Vegard Vegsund – Eirik York, Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli, Tarjei Urkedal – Kenneth Gamlem, Steffen Grytten

Før kampen snakka alle om kor stor seieren skulle bli og at det bare var å møte opp for å få alle poeng, men som so mange ganger før skal kampen spelast først før en får poeng. Før kampen var det klart at Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad og Jan Even Drønnesund var ute med skade, mens Kim Idar Krogsethagen var småsjuk og starta heller ikkje. Norborg virka tafatte fra begynnelsen av. Nærmast alle mann spelte langt under pari. Litt uti omgangen ordna Christian Søvik corner, han satte selv ballen i mål på den påfølgende corneren. Bare så synd at det var i eget mål. Ei stund etterpå fiksa Eirik balanse i protokollen. 1-1 til pause var greitt nok. I pausa bestemte Norborgarane seg for å trå meir til. Kim og Alex kom inn for å skaffe laget meir teknikk og fart. Norborg hadde mange muligheter til å avgjere kampen, men det ville seg ikkje. Spelarar og supportarar (der var en del som tok turen utpå holmen) reiste skuffa heim igjen, mens heimesittarsupportarane ikkje trudde sine egne ører når dei ringte for å få resultatet. Norborg kan betre enn dette, og oss sei berre stakkars Giske når dei kjem oppi dalen.