Norborg-Austefjord/Volda 2.lag 6-2 (4-1)
Norborg gras 30/5/2001
11 avslutninger på mål 4
8 hjørnespark 3
12 frispark mot 11
2 gule kort 2
0-1 (7)
1-1 (8) Kenneth Gamlem
2-1 (15) Kim Idar Krogsethagen
3-1 (23) Christian Søvik
4-1 (38) Kenneth Gamlem
4-2 (73)
5-2 (80) Stein Erik Reitan
6-2 (83) Geir Ove Grønli
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Roger Grytten, Stig Wold – Eirik York (Vegard Vegsund, 69), Stein Erik Reitan (Geir Ove Grønli, 82), Geir Ove Grønli (Steffen Grytten, 63), Tarjei G.Urkedal (Alexander Gamlem, 46) – Kenneth Gamlem, Kim Idar Krogsethagen (Geir Ove Tennfjord, 82)
Norborg fortsetter å cruise gjennom heimekampane og tok en komfortabel seier over Austefjord/Volda 2. lag. Men gjestene sjokkerte ved å ta ledelse allerede etter 7 minutt, men derifra og inn styrte Norborg omgangen og skorte 4 mål. 2. omgang var jamn og mållaus fram til Austefjord/Volda 2. lag reduserte omtrent kvarteret før slutt, men då våkna heimelaget igjen og putta på 2 mål.
Etter 7 minutter fikk A/V2 innkast omtrent 10 meter fra hjørneflagget. Ballen hamna inne i feltet der en Austefjording fekk stå heilt aleine å skyte i mål frå 11-12 meter. En kombinasjon av dårlig markering og en litt uheldig keeper gjorde at det sto 0-1. Norborg kom seg raskt til hektene og skorte umiddelbart. Geir Ove Grønli slo til Kenneth Gamlem som skaut i mål fra 13-14 meter. Etter eit kvarter heada Kenneth G. til Kim Idar Krogsethagen som kom aleine med keeperen. Kim gjorde ei lita finte og sette ballen nede ved stolperota fra kloss hold. Berre 2 minutt seinare var Kim på farta igjen. Kim gjekk på løp tok herlig ned ballen og kom aleine med keeper, men dessverre skaut han over mål. Halve omgangen var gått da Stein Erik Reitan la en corner som Christian Søvik sette haudet på. Dermed 3-1. Norborg fortsette å spele god fotball. Fine kombinasjoner og bruk av kantane førte til fleire brukbare muligheter. Etter 38 minutt kjempa Kim godt og fikk gitt ballen til Kenneth G. som dunka inn ballen heilt inne ved stolpen og ga dermed heimelaget en komfortabel ledelse ved pause.
2. omgang var berre 6 minutt gammel då Geir Ove Grønli heada i stolpen etter en corner. Publikum trudde då at Norborg skulle fortsette å kjøre over motstandaren, men då måtte dei tru om igjen. Norborg fikk ikkje til det spele dei hadde før pause, mens AV2 heva seg litt. Gjestane fikk 3 cornere på rad der 2 av dei var farlige. En av dei gjekk via Christian og på utsida av stolpen. Etter 73 minutt fikk AV2 reduseringa si og såg ut til å vere tilfreds med det. Norborg tok over kampen igjen og 10 minutt før slutt runda Stein Erik keeper og sette inn 5-2. Nokre minutt etter viste Kim fint initiativ. Han drog av eit par mann og skaut hardt, men keeperen fekk slått skuddet til corner. Før corneren gjekk Kim og Stein ut og Geir Ove’ne kom inn. Genialt bytte for Geir Ove Grønli fastsatte sluttresultatet til 6-2 på corneren som blei slått av Kenneth Vegsund. Før kampen var vi spente på kor gode AV2 var, for dei er det einaste laget som har slått Norborg i år. Dei ga oss eit lite sjokk i begynnelsen, men det vart med det. Norborg hadde betre teknikk, var raskare, betre trent og ikkje minst meir samspelt. Fortsette dette vil Norborg fortsette å vere eit topplag utover sesongen.