Norborg-Herd/Spjelkavik 2.lag 6-0 (0-0)
Uggedal grus, 23/5-01
16 frispark mot 15
9 avslutninger på mål 5
8 avslutninger utenfor 4
4 hjørnespark 7
0 gule kort 1
1-0 Kenneth Gamlem (49) 2-0 selvmål (58) 3-0 Christian Søvik (62) 4-0 Eirik York (75) 5-0 Stein Erik Reitan (84) 6-0 Kenneth Gamlem (87)
Lagoppstilling: Kurt Erik Grytten – Jan Even Drønnesund (Vebjørn Grytten, 57), Øyvind Farstad, Kenneth Vegsund, Stig Wold (Geir Ove Tennfjord, 82) – Tarjei Gjerset Urkedal (Geir Ove Grønli, 57), Stein Erik Reitan, Eirik York (Robin Sande, 85), Christian Søvik – Kim Idar Krogsethagen (Kenneth Gamlem, 83), Kenneth Gamlem (Steffen Grytten, 70)
Etter en jamn og mållaus 1. omgang viste Norborg effektivitet foran mål i 2. omgang. Heile 6 baller måtte Herd-keeperen plukke ut av nettet. I banespel var nok kampen jamnare enn resultatet tilsei, men heimelaget viste en målappetitt en må leite lenge etter.
Kampen begynte med midtbanekrig og dårlig spel. Det florerte med feilpasninga frå begge lag. Norborg fekk sin første halvsjangse etter eit kvarters spel ved Kim, men avslutninga hans med venstra var for svak. Etter en halvtime kom den første store sjangsen då en Herdspeler kom seg fri og skaut forbi Kurt, men heldigvis var Øyvind på plass og redda på streken.
Norborg våkna etter dette. Først heada Christian like utanfor, så får han en ny sjangse etter eit godt framspel frå Kenneth G., men keeper kommer ut og får blokkert muligheten. Like etter er Tarjei på farta nede ved dødlinja. Han dribler seg forbi et par mann på veg mot 5-meteren, men avslutninga frå skrått hold blir klarert av en Herd forsvarar, klareringa går ut til Stein Erik som skyt høgt over.
Det er Herd/SIL 2. som starter 2. omgang best. Etter 2 minutt blir heimeforsvaret sprønge ifrå, men Kurt rykker fint ut og gjer en glimrende beinparade på skuddet til herdspissen. Så får Norborg frispark omtrent midt på bana. Kenneth V. sentrer til Jan Even som legg fint inn i 16-meteren, der Kim stusser ballen videre til Kenneth G. som header ballen, tilsynelatande, mellom beina på keeper og i mål. Ti minutter seinare kontrer Norborg inn 2-0. Stein gir ut til Stig på høgrekanten. Stig kjem seg inn i 16-meteren ved å bruke farta si, han legg så hardt inn foran mål der en Herdforsvarar er uheldig og sett ballen i eget mål. Noen minutter senere har Norborg fått corner. Stein Erik la corneren på haudet til Christian som satte ballen i mål.
Etter dette tok Herd over spelet for en periode. Dei fekk blant anna 3 cornere på rad der dei to første var svært farlige, men Kurt og forsvaret fekk avverga. Så kontrer Norborg igjen ved Stig. Han legg over til Eirik på bakerste som setter ballen i mål. 4-0 og kampen var iallfall punktert. Herd ga seg ikkje og kom seg fram til eit par gode sjangser, men en kombinasjon av at Herd var dårlige framfor mål og at Kurt stod sikkert, førte til at dei ikkje fekk mål.
Norborg skifta en del på laget mot slutten, men det hindra dei ikkje i å skore fleire mål. Nokre minutt før slutt spelte Stein Erik vegg med Kenneth G. før han sette ballen sikkert i mål frå 12-13 meter. Like før slutt fekk heimelaget corner. Kenneth Vegsund la ballen inn i feltet der Kenneth G. heada i mål, muligens via Robin Sande.
Heimepublikummet kunne dermed nok en gong gå blide og fornøgde heim etter å ha sett en litt rar kamp. Etter en svak første omgang der dei fleste spelarane på heimelaget var langt under pari, fekk vi ei oppvisning i effektiv fotball etter pause. Måtte vi få en slik effektivitet mot Austefjord/Volda 2. lag også, laget som sist slo oss.