Slo opprykksfavoritt!
Norborg-Valder 2-1 (1-0)
Uggedal stadion, 9. mai-01
Kampstatistikk
4 skudd på mål 4
20 frispark mot 17
1 hjørnespark 2
1 gule kort 1
1-0 Kim Idar Krogsethagen (44)
1-1 Vebjørn Giske (48)
2-1 Tarjei Gjerset Urkedal (55)
Norborg: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Øyvind Farstad, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund (Geir Magne Grande, 85) – Christian Søvik, Eirik York, Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem (Steffen Grytten, 12),(Geir Ove Tennfjord, 80) – Tarjei Urkedal, Kim Idar Krogsethagen.
Norborg tok onsdag kveld nok en skalp med 2-1 over Valder. Kim Idar og Tarjei skorte heimelaget sine mål, mens Vebjørn Giske skorte et heldig mål for Valder. Kampen var i store perioder jamnspelt, men alt i alt var det en fortjent seier til Norborg.
Det var eit redusert Norborg som tok imot Sunnmørsposten sin opprykksfavoritt, Valder. Hodespesialist Kenneth Vegsund og toppskorer Kenneth Gamlem mangla av dei faste, medan aktuelle spelarar som Geir Ove Grønli, Vebjørn Grytten og Vegard Vegsund var ute av ulike grunnar. Og ikkje nok med det vart Alexander Gamlem skada etter 10 minutt.
Norborg åpna smånervøst og Valder fekk første sjansen, eit skudd frå 20 meter som gjekk over. Heimelaget tok seg sammen og vann stadig fleire duellar. Etter 14 minutt kom den første sjansen for heimelaget. Tarjei kom seg fri men avslutta for dårlig. Ti minutt seinare var Tarjei på farta igjen, denne gongen resulterte det i eit tverrliggarskot. Norborg var inne i ein god periode og Kim fekk sjansen fra kloss hold etter eit herlig ballmottak, men avslutninga var nok ein gong for dårlig. Etter dette roa spelet seg der ingen av laga fekk noko spelemessig overtak. Like før pause kombinerte Tarjei og Eirik bra ute på høgrekanten. Tarjei la tilbake til Eirik som såg Kim på bakerste. Eirik la fint inn til Kim som dempa ballen for so å tåe den forbi keeper. Fortjent leiing til Norborg over eit surmulande Valder-lag.
2 omgang begynn med eit spelemessig overtak til heimelaget, men so sovna forsvaret for ein gongs skyld. Norborg taper ballen på Valder sin banehalvdel og gjestene sett i gang ei kontring. Valderspissen går seg tilsynelatande inn i trøbbel med tre forsvarar, so han roper på frispark, ballen ligg dø mens forsvararane står og ser på. Då dukkar Vebjørn Giske opp og skrur ballen rundt Kurt Erik Grytten og i mål. Ein situasjon Norborg burde ha hatt kontroll på. Norborg styre kampen og fekk lønn for strevet då Steffen Grytten stussar eit oppspel inn i 16-meteren. Steffen forfølge sin egen stuss, mens keeper kjem ut for å plukke ballen. Ballen sprett høgt so keeperen får bare slått ballen opp i lufta i duellen med Steffen. Ballen lander i Tarjei sine bein som sett ballen i mål. Etter dette har Norborg kontroll på kampen, men kjem seg bare til noen halvsjanser. Blant annet hadde Steffen eit brukbart skot like utafor. Dei siste 5-10 minutta tok Valder over, og fekk seg nokre farlege frisparksituasjonar utan resultat. Publikum og spelarar var tydeleg letta då dommaren blåste av kampen.
Dette var først og fremst en lagseier der alle mann jobba hardt og spelte opp mot sitt beste på ei tørr grusbane. Likevel kan ein framheve Roger Grytten og Stein Erik Reitan. Dette er spelarar som tør og klarer å halde på ballen og skaper ro rundt seg. Vi ser fram mot fortsettelsen.