Gursken – Norborg 1-10

Gursken-Norborg 1-10 (0-6)
Gursken stadion, 21.09.02

5 sjansar 22
7 hjørnespark 4

Kim Idar Krogsethagen (5, 42, 45)
Geir Ove Grønli (17, 25, 37)
Eirik York (57)
Christian Søvik (82)
Tarjei Gjerset Urkedal (83)
Gustavo (89)

Gursken: Lennart Fylling (85)

Dommar: Odd Arne Grande, Skodje -6

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Kristian Søviknes, 87), Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Jan Even Drønnesund (Vebjørn Grytten, 62) – Kristian Søviknes (Alexander Gamlem, 46), Jan Vatnehol, Stein Erik Reitan (Tarjei Gjerset Urkedal, 75), Eirik York (Kim Idar Krogsethagen, 86)- Kim Idar Krogsethagen (Gustavo, 62), Geir Ove Grønli (Geir Ove Tennfjord, 62)

Norborg spelte ein særs god kamp mot Gursken å sikra opprykket til 4. divisjon på ein overbevisande måte. Norborg tok kommandoen frå start av, og varta opp med flott spel og god effektivitet framfor mål.

Det var ein optimistisk, men spent gjeng frå Søvik/Grytastranda som tok turen til Gursken. Norborg hadde sin faste keeper Kurt Erik Grytten tilbake i mål, og i tillegg hadde Tarjei Urkedal tatt turen frå Lillehammer. På Gursken si lagoppstilling mangla det vande midtstopparparet.

Tok kommandoen frå start
Allereie i opningsminuttet spelte Norborg seg til ein stor sjanse då Reitan spelte Krogsethagen igjennom, men aleine med keeper skaut han like utafor stolpen. Det skulle likevel ikkje gå lenge før Krogsethagen skulle få tegne seg på skoringslista. Fem minutt er spelt når Norborg får innkast høgt oppe på bana. Vatnehol kastar langt inn. Søviknes stussa vidare til Krogsethagen, som frå 7 meter sette ballen i mål.

Grønli på hugge
Etter 17 minutt blir Grønli spelt igjennom av Vatnehol. Han rundar keeper å sette ballen nede ved bortaste stolpe frå nærast død vinkel. Norborg fortsette å produsere målsjansar og etter 25 minutt gjer Grønli 3-0. Målet kom slik: Søvik er offensiv og god på venstrekanten, sentra tilsynelatande til Vatnehol, men han lurer alle ved å hoppe over den, ballen går til Grønli som enkelt breisida ballen i mål frå 10 meters hald.

Gursken meir med
Etter dette kjem ein 10 minutts periode der Norborg slappar av og gjer enkle feil. Gursken spelar seg til nokre hjørnespark utan resultat. Farlegast blir det når dei får frispark på ca. 18-19 meter, men Anders Vaagen skyt utafor.

To hat-trick’s
Så vaknar gjestane igjen. Norborg får frispark 15 meter inne på Gursken sin banehalvdel. Vegsund slår eit presist innlegg som Grønli sette hovudet på å gjer 4-0. Fem minutt etter er det fint samarbeid mellom Grønli og Krogsethagen som gir 5-0. Grønli stussar eit oppspel i bakrommet, der kjem Krogsethagen i stor fart. Tar med seg ballen mot mål, ventar ut keeper og skåra sikkert. 6-0 kjem like før pause. Reitan legg inn frå høgresida, Krogsethagen slenger seg fram og får tåa ballen i mål.

God Gamlem
2. omgang startar med ein halvsjanse til Gursken. Dei kjem seg rundt på venstresida, legg mot Vaagen på lengste, men Søvik får gitt til corner. Etter dette kjem nok ein periode med Norborg dominans. Grønli får tre store sjansar til å auke målkvota si, men ballen ville ikkje inn. To av sjansane kom etter godt forarbeid av Gamlem på høgrekanten.

7-0 kom likevel ganske kjapt. Grønli spelar York fri på venstrekanten, han tek seg god tid før han dunkar ballen i mål inne ved stolpen.

Etter ein times spel får Gursken sin største sjanse. Vaagen står i offside på høgrekanten, men dommaren vinkar spelet vidare. Han rundar keeper, men frå skrått hald blir avslutninga for dårleg.

I løpet av dei 10 siste minutta får vi sjå heile fire mål. Tre av dei til Norborg. Først gjer Søvik 8-0 frå kloss hald etter ein corner. Så fiksar Urkedal 9-0. Målet kom etter eit oppspel frå Vatnehol, ein Gursken-spelar stussar bakover til Urkedal, som enkelt sette ballen til side for keeper.

Fylling kanon
Sjølv om Norborg skorte 10 av 11 mål i denne kampen er det likevel Gursken sitt mål som blir huska som det vakraste. Lennart Fylling, frå Hildre, lurer ein Norborg-forsvarar og kliner ballen i mål oppe ved krysset. Ein flott prestasjon som ga applaus også frå norborgarane.

Like før slutt får Norborg sitt 10. mål. Vegsund slår inn i 16-meteren, ballen går ping-pong mellom nokre Gursken-spelarar før den hamnar hos Gustavo, som får ein enkel jobb med å skåre frå ca. 10 meter.

Norborg gjorde ein veldig god kamp mot Gursken, og sigeren kunne faktisk ha vore endå større, men dommar Grande blåste tvilsomt for offside i nokre angrep. Bl.a. fekk Krogsethagen annullert eit mål for offside. Elles greidde Grande seg bra.

KM-tittel neste helg?
Keeper og forsvar var som vanleg solid, midtbana jobba godt og spissane skåra som vanleg mål. Det skal bli veldig artig å følgje dette laget i 4. divisjon neste år, men sesongen er ikkje ferdig. Neste søndag møter ein Herd/SIL2 på heimebane. Med siger her vil KM-tittelen vere i Norborg sine hender. I tillegg vil ein med siger gå gjennom serien utan poengtap på heimebane. Ingen andre lag på Sunnmøre kan vise til matche dette i sesongen 2002.

Elles var det positivt at mange supporterar var med på bussen til Gursken. Heile 13 stk. var med til Gursken å såg denne kampen som gjekk samtidig med AaFK sin semifinale.

Spelarvurdering:

Kurt Erik Grytten: 7
Hadde lite å gjere, og dei få gongane han måtte i aksjon var han sikker.

Christian Søvik: 8+
Sikker defensivt og bra med offensivt. Bra kamp av Christian.

Kenneth Vegsund: 9+
Gjer ein av sine beste kampar nokon sinne. Ryddar opp, solide pasningar, gode dødballar, og framstår som ein sjef. Mislykkast diverre med ein tunell på Fylling på stillinga 9-1.

Morten Kalvø: 8+
Er som vanleg god, men hadde eit par slurvar i 1. omgang. Men midtstopparparet hadde i dag full kontroll på Gursken sin gode spiss Anders Vaagen.

Jan Even Drønnesund: 7
Litt slappare i denne kampen enn sist, men har stort sett kontroll. Kunne ha utnytta betre dei offensive moglegheitene.

Kristian Søviknes: 7
Assist på 1-0 målet. Nær mål på eit skot. Elles ein kamp på det jamne av Kristian.

Jan Vatnehol: 8+
Spelar sin beste kamp i den oransje trøya. Er involvert i tre mål. Vann duellar og kosa seg i dag.

Stein Erik Reitan: 8+
Nok ein god kamp av Stein Erik. Gode pasningar, vinn ballen og noterer seg for ein assist.

Eirik York: 8
Trakk litt for mykje innover på bana i 1. omg., men det skapte rom på kanten for Jan Even. I 2. omg. kom han over på si vande side og fekk seg eitt mål. Kjempa godt, vinn dullane og har gode pasningar.

Kim Idar Krogsethagen: 8+
Skåra tre mål, men vi forventar endå litt meir av målkongen. For i dag var motstanden svak. Var nok litt prega av skaden sin.

Geir Ove Grønli: 9+
Vann absolutt alle duellar. Skorte 3 mål + 2 assist. Kunne med litt meir flaks skåra mange fleire mål. Veldig bra kamp av sogningen.

Alexander Gamlem: 8
Alexander gjorde ein veldig bra kamp på høgresida. Brukte farta si til å kome rundt. Veldig gode innlegg.

Vebjørn Grytten: –
Kom inn og imponerte med tekniske detaljar. Offensivt lykkast han med alt, men vart lurt på baklengsmålet (men kven hadde ikkje blitt det).

Gustavo: –
Vart springande litt imellom i starten, men fekk seg eitt mål.

Tarjei Gjerset Urkedal: –
Fekk spele eit kvarter. Jobba godt og fekk seg eitt mål.

Geir Ove Tennfjord: –
Imponerte med oransje sko før kampen, og gjorde eit bra innhopp i sjølve kampen.