MSIL/Langevåg2 – Norborg 1-0

MSIL/Langevåg2-Norborg 1-0 (1-0)
Mauseidvåg stadion, 21.08.02

7 sjansar 7
7 hjørnespark 1
0 2


1-0 Geir harald Eikrem (44)

Morten Kalvø og Kristian Søviknes
Dommar: Per Bjarte Ludviksen, Hundeidvik -4

Laget: Steffen Grytten – Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Jan Even Drønnesund (Vebjørn Grytten, 59) – Kristian Søviknes, Jan Vatnehol, Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem – Geir Ove Grønli (Eirik York, 68), Kim Idar Krogsethagen

Norborg tapte 1-0 i toppoppgjeret i 5. divisjon mot eit veldig godt MSIL/Langevåg2 lag. Heimelaget dominerte 1. omgang kraftig og tok leiinga like før full tid. I 2. omgang er det Norborg som tek over og skaper fleire gode moglegheiter til å skåre, men i dag ville ikkje ballen inn. I tillegg hadde Geir Roar Gamlem ein svært god dag i MSIL/LIL2 målet.

Kraftig dominans av heimelaget

Heimelaget stilte med fleire rutinerte Langevågspelarar og la umiddelbart press på Norborg. Med teknikk og ro rulla dei opp fleire angrep av høg standard, men eit godt Norborg-forsvar greidde å forhindre mål. I 1. omgang kunne vi notere 7 store sjansar for heimelaget, der to av avslutningane gjekk i stolpen. MSIL/LIL2 gjekk dermed fortent opp i 1-0 like før pause. Målet kom etter fleire gode moglegheiter. Først må Steffen gi retur på eit godt skot, returen hamnar hos ein MSIL/LIL2 spelar som legg inn i feltet. Der får Geir Harald Eikrem avslutte, men Steffen får avverja igjen, returen går så tilbake til Eikrem som skårar frå kloss hald.

Grønli med to store
Kva så med Norborg? Oransjetrøyene vart til tider utspelt, men kom seg likevel fram til nokre gode sjansar i løpet av 1. omgangen. Etter 18 minutt kom den første. Kim Idar lurer av ein mann og gir til Grønli, som skyt utafor når han er aleine med keeper. Den andre sjansen er det også Grønli som får. Denne gongen er det Stein Erik som speler han igjennom, men skotfoten var ikkje godt nok innstilt og keeper reddar. Like etter prøver Kim seg med eit skot frå over 20 meter. Skotet duppar kraftig, men ikkje nok til å gå under tverrliggaren.

Eks-Norborgkeeper imponerte
I 2. omgang framstår Norborg som eit nytt lag. Ein greier å flytte opp spelet og er aggressiv. Etter 57. minutt får Grønli ein stor sjanse. Christian la eit godt innlegg frå venstrekanten, Grønli heada frå 5 meter, men keeper redda glimrande med beina. Returen går til Kim, men hans skot blir også avverja. Dette var ein skikkeleg dobbelt sjanse som på ein god dag hadde gitt mål.

Kampen går så inn i ein periode med mange duellar og litt for høgt tempo til at teknikken haldt følgje. Ingen av laga greidde å skape det heilt store før i det 75. minutt. Då kjem Kristian seg fri på venstrekanten, han legg inn til Eirik som skyt frå ca. 15 meter, men skotet har Geir Roar få problem med å redde. I det 85. minutt bryt Morten eit MSIL/LIL2 angrep. Ballen blir slått fram til Kim som kjem seg fri, men frå litt skrått hald går skotet i nettveggen. Minuttet etter Norborg frampå igjen. Norborg har fått frispark godt inne på heimelaget sin banehalvdel. Frisparket blir lagt inn i feltet der Eirik headar like utafor.

Stor sjanse på overtid
På overtid får Norborg sin siste sjanse, og den er i tillegg gedigen. Kim driblar av eit par mann, gir til Kristian som stormar inn i 16meteren, men nok ein gong er avslutninga for dårleg, og Geir Roar reddar. Dette vart den siste sjansen for Norborg og kampen enda med 1-0 til heimelaget.

Basert på 1. omgang tok heimelaget ein fortent siger. Norborg vart i store delar rundspelt av eit spelande heimelag. Heimelaget skapte då 7 gode sjansar og fleire halvsjansar. Men totalt sett skapte Norborg like mange sjansar som heimelaget, og med litt flaks kunne ein ha fått med seg eit poeng.

På Norborg spelte midtstopparane Kenneth Vegsund og Morten Kalvø svært godt kampen igjennom. Dommar Ludviksen gjorde nokre feil i ein vanskeleg kamp prega av høgt tempo og mange duellar.

Spelarvurdering

Steffen Grytten: 7
Norborg sin uortodokse keeper gjer nokre gode redningar, men blir trekt for å ta ballen ved to tilbakespel og for å gi mange returar.

Christian Søvik: 8
Spelar ein bra kamp mot tøff motstand. Har bra fart og redda Norborg ved nokre situasjonar pga den.

Kenneth Vegsund: 9
Gjer sin beste kamp for sesongen. Vinn i lufta, tacklar og klarerer godt. God teknikk og var konsentrert gjennom heile kampen.

Morten Kalvø: 9
Spelar nok ein god kamp. Er svært aktiv både framme og tilbake på bana. Les spelet godt, flink en mot en, flink til å bryte motstandarens angrep, og styrer dei andre slik ein kaptein skal gjere.

Jan Even Drønnesund: 7
Tacklar godt og har enkelte tjuvtriks på lur, men var sein tilbake i forsvar og stod ofte feilplassert.

Kristian Søviknes: 6
Fekk ikkje til så mykje offensivt. Innlegga vart ofte for upresise. Jobbar likevel godt og kunne ha blitt den store helten på overtid, men den gong ei.

Jan Vatnehol: 6
Blei løpande mykje imellom i 1. omgangen og fekk til lite, men heva seg i 2. omgang og begynte å vinne duellar.

Stein Erik Reitan: 7
Jobba godt mot ei midtbane beståande av to tidlegare eliteseriespelarar. Fint gjennomspel til Grønli i 1. omgang. Var best av midtbanespelarane.

Alexander Gamlem: 6
Kom seg av og til rundt på kanten, men innlegga vart som regel for svake. Litt for dårleg defensivt i 1. omgang. Fekk spele spiss i halve 2. omgangen, men vart litt for veik mot tøffe Langevågstopparar.

Kim Idar Krogsethagen: 8
Var den som hadde teknikken og fysikken i Norborgangrepet. Hadde en i stolpen/nettveggen og eit par andre brukbare skot. Spelte også andre fri, speiselt da han uselvisk ga til Kristian på overtid etter å ha dribla eit par mann. Kanskje du burde ha avslutta sjølv? Trekk for ei horribel tversoverpasning i 1. omg. Kunne ha gitt baklengs.

Geir Ove Grønli: 6
Er den som har dei fleste store sjansane til Norborg, men dette var dagen då ingenting lukkast. Sleit på ei stor bane.

Vebjørn Grytten: 7
Kjem inn og er positiv dei første minutta med god teknikk og gode framspel, men utover omgangen vart det litt for smått samtidig som framspela aldri hadde rett addresse. Bra kontroll defensivt.

Eirik York: –
Kjem inn og gjer ein bra figur. Har teknikk og gode pasningar. Kunne ha utlikna på ei heading like før slutt.