Åheim-Norborg 0-5 (0-2)
Åheim gras, 08.06.02
5 sjansar 15
4 hjørnespark 7
0 1
0-1 Kristian Søviknes (13)
0-2 Tarjei Gjerset Urkedal (45)
0-3 Tarjei Gjerset Urkedal (49)
0-4 Steffen Rosenborg Grytten (85)
0-5 Kim Idar Krogsethagen (87)
Dommar: Mevlvdin Ribic, VRF -7
Stein Erik Mårstøl
Laget: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Vebjørn Grytten (Roger Grytten, 70) – Kristian Søviknes, Stein Erik Mårstøl (Jan Even Drønnesund, 75), Stein Erik Reitan, Tarjei Gjerset Urkedal – Kim Idar Krogsethagen, Jan Vatnehol (Steffen Grytten, 55)
Norborg spelte ein god kamp mot Åheim, og tok med seg tre poeng heim til Haram. Laget klarte å spele god fotball langs bakken på den fine grasbana i Åheim. Etter ein forholdsvis jamn og velspelt 1. omgang gjekk Norborg av bana med 2-0 leiing. I 2. omgang var Norborg det klart beste laget og vann fortent 5-0.
Norborg mangla både trenar Sindre Hildre, og spelarane Christian Søvik, Geir Ove Grønli og Kenneth Gamlem i denne kampen. Det positive før kampen var at tidlegare Hødd-spelar Stein Erik Mårstøl re-debuterte for Norborg.
Norborg-flaks
Dei første 10 minutta var jamspelte og utan dei heilt store sjansane, men så vakna kampen til liv. Først er Stein Erik Reitan frampå for Norborg, før Åheim får tre gode moglegheiter. Først fintar ein Åheim-spelar vekk halve forsvaret før han fyrte av mot mål, men Morten Kalvø fekk redda avslutninga på streken og gitt til corner. På hjørnesparket oppstår det panikk i Norborg-forsvaret. Først blir det nok ei redning på strek før ein Åheim-spelar skyt over mål frå 5 meters hald. Norborg hadde flaks som ikkje låg under her.
Søviknes på rett plass
Norborg kjem raskt til hektene og får innkast langt oppe på Åheim sin banehalvdel. Innkastet blir stussa inn i feltet av Stein Erik Mårstøl, Kristian Søviknes er aggressiv og god inni 5-meteren og gir Norborg leiinga.
Norborg dominera
Etter 20 minutt er det Kim Idar Krogsethagen og Jan Vatnehol som kombinera fint. Jan spelar Kim Idar igjennom, men keeperen når ballen så vidt før Kim Idar og avverjar. Ved halvspelt omgang kjem Norborg seg fram på venstresida. Ballen endar hos Jan som skårar frå kloss hald, men diverre for oransjetrøyene blir målet annullert for offside. Noko som såg ut til å vere korrekt. Jan gjorde ein god 1. omgang og var snart på farta igjen. Denne gongen med eit godt skot frå ca. 20 meter, men ballen sneik seg på feil side av stolpen.
Viktige Tarjei mål
Etter denne gode Norborg perioden jamnar kampen seg ut. Spelet bølgjar fram og tilbake mellom 16 metrane og dei store sjansane uteblei. I omgangen sitt siste minutt bygg Norborg opp eit fint angrep. Mårstøl slår til Kim Idar, han får slått inn til Tarjei Gjerset Urkedal som headar i mål frå 3 meter, og skaffar gjestane 2-0 leiing til pause.
Norborg går hardt ut i 2. omgang og skaffar seg hjørnespark allereie i opningsminuttet. Stein Erik Reitan slår ein god corner som Jan får hovudet på, men ballen blir redda på streken. Nokre minutt seinare kjem Tarjei seg rundt på høgrekanten, legg over til Kristian som headar 45° ut til Kim Idar, han driblar av eit par mann før ballen hamnar hos Tarjei som ordnar 3-0.
Minuttet etter får Åheim rom på høgresida si, spissen kjem seg inn i 16 meteren, men ein vaken Kurt Erik Grytten er fint ute å reddar forsøket.
Nivåforskjell
Frå det 55. til 65. minutt kjører Norborg totalt over Åheim og skapar mange sjansar. Først kombinera Kim Idar og Kristian, der sistnemde kjem seg fri, men aleine med keeper avslutta han svakt midt på keeper. Minuttet seinare kjem Kim Idar seg fri, men frå skrått hald skyt han i nettveggen. Så headar Mårstøl like over etter ein corner, før Kim Idar igjen skyt utafor.
Ved halvspelt omgang får Åheim frispark frå ca. 25 meters hald. Åheim-spelaren får bra fart på ballen, men skotet gjeng like utafor. Etter dette roa kampen seg i den sterke varmen på Åheim gras, men i dei siste 5 minutta av kampen vakna Norborg igjen. Steffen Grytten skåra sitt første seriemål for Norborg med eit utsøkt tåskot. Minuttet etter får vi kampen sitt beste angrep. Roger Grytten snurra rundt på midten, spelar vegg med Steffen, og spelar Kim Idar igjennom, som skåra aleine med keeper. Eit angrep tatt ut av læreboka frå Grytestrand-trioen.
Norborg viste seg etterkvart som eit klart betre lag enn motstandar Åheim. Heimelaget si midtbane var spesielt svak defensivt, og Norborg sine spelarar fekk nærmast fritt spelerom. Dette ga underhaldande spel og mange sjansar. Skal Åheim ta poeng må dei spele med litt meir kløkt og aggressivitet enn det dei gjorde mot Norborg. Norborg prøvde å spele langs bakken i denne kampen og greidde det veldig bra. Bare så synd at slikt spel ikkje let seg gjennomføre på den ujamne bana heime i Søvikdalen.
Neste kamp for Norborg er heime mot Gursken på onsdag.
Spelarvurdering:
Kurt Erik Grytten: 7
Har lite å gjere i denne kampen. Opptrer stødig, men kan ved enkelte situasjonar virke litt passiv.
Stig Wold: 7
Stig fekk mykje å gjere i 1. omgang. Åheim angreip stadig på denne sida, og motspelaren var heimelaget sin beste. Etter ein litt trøblete start fekk Stig kontroll defensivt, men så var det oppspela då Stig.
Kenneth Vegsund: 8
Vinn alt i lufta. Har teknikk og gode klareringa, men spelte av og til litt dristig.
Morten Kalvø: 9
Er reddande engel tidleg i kampen. Spelte sikkert, jobba og ga beskjeder. Lite å trekke for.
Vebjørn Grytten: 7
Har kontroll defensivt, men så var det stort sett på andre sida Åheim angreip. Var dagens andre Norborg-spelar som redda på streken. Innlegga var ikkje av kjent klasse. Viser ofte at han har god ballbehandling.
Kristian Søviknes: 7
Løpsvillig og mykje involvert. Skorte eit mål, men innlegga var ikkje gode. Kunne med fordel valgt andre løysningar.
Stein Erik Mårstøl: 9
Viser stor ro, teknikk, gode pasningar og tacklingsvillig. Lagar enkelte frispark på grunn av tempoproblem. Var del av ei særs god midtbane som turte å spele ball, men så var jo midtbana til Åheim knapt nok til stades.
Stein Erik Reitan: 9
Jobbar utrøtteleg, får i dag stort rom og spelar ein god kamp. Målet mangla, og det burde vel også ha kome då han fekk avslutte upressa innafor 16-meteren.
Tarjei Gjerset Urkedal: 8
Skorte 2 mål, og jobba godt defensivt. Tok litt tid før han kom med i kampen offensivt.
Kim Idar Krogsethagen: 8
Var aktivt med i det offensive spelet. Var med på kombinasjonar, bit frå seg i duellspelet, og fekk til slutt målet sitt også.
Jan Vatnehol: 7
Var aktiv og kom seg til nokre avslutningar. Manglar fart. Kan jobbe meir rasjonelt defensivt. Likte ikkje å bli bytta ut, og viste det tydeleg.
Steffen Grytten: 7
Skorte sitt første seriemål i 5. divisjon. Spelte kanskje sin beste kamp på a-lagsnivå. Løpsvillig, haldt på ballen og var ein del av kampens beste angrep.
Roger Grytten:
Var litt rusten i starten, men vakna så kraftig. Arkitekt ved 5. målet.
Jan Even Drønnesund:
Hadde nokre innlegg av klasse i dei minutta han spelte. Får nok meir speletid utover sesongen.