Norborg – Stranda2 5-2

Norborg-Stranda 2. lag 5-2 (2-1)
Norborg gras, 29.05.02

15 sjansar 5
9 hjørnespark 1

1-0 Stig Wold (10)
2-0 Kim Idar Krogsethagen (21)
2-1 (26)
3-1 Geir Ove Grønli (56)
3-2 (61)
4-2 Krogsethagen (77)
5-2 Stein Erik Reitan (90+1)

Tilskodarar: ca. 70
Dommar: Harald Thorsen, Spjelkavik -7

Laget: Kurt Erik Gytten – Vebjørn Grytten, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Øyvind Farstad (Thorstein Volstad, 87) – Kristian Søviknes, Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli (Jan Vatnehol, 84), Steffen Grytten (Eirik York, 65) – Kim Idar Krogsethagen, Stig Wold (Roger Grytten, 68)

Norborg viste seg som eit klart betre lag enn Stranda2, men misbrukte sjansar og tafatt forsvarsspel ga publikum ein spennande kamp. Heimelaget tok tidleg leiinga og haldt den kampen igjennom, men det tok godt over timen før kampen var punktert.

Norborg mangla Kenneth Gamlem, Tarjei Gjerset Urkedal og Christian Søvik til denne kampen. Dette førte til ein del rokeringar på laget, blant anna fekk Stig Wold sjansen som spiss.

Norborg dominans
Norborg tok tak i kampen frå start av, og allereie i det første minuttet kom Kim Idar Krogsethagen aleine med keeper, men avslutninga hans gjekk utafor. Etter 10 minutt skårar heimelaget dagens første mål. Stig Wold bruker farta si og kjem seg forbi ein forsvarar, tek ned ballen, rykker frå forsvararen og sett ballen sikkert i mål aleine med keeper. Sterkt gjort av Stig. Norborg fortsett å trykke gjestane tilbake på bana, og like før halvspelt omgang får Kim Idar igjen sjansen aleine med keeper, og denne gongen bomma han ikkje.

Ny spenning
5 minutt seinare får Stranda2 eit frispark midt inne på Norborg sin banehalvdel. Ballen blir skrudd inn mot mål der ein umarkert stranding får heade i mål. Dette var Stranda2 sin einaste reelle sjanse i 1. omgangen. Norborg fortsett å styre kampen utan å få dei heilt store sjansane. Men 5 minutt før pause får Kristian Søviknes til eit skikkeleg innlegg. Ballen går til Geir Ove Grønli som dempar ballen til Kim Idar, men skotet hans går i stolpen. To minutt seinare får Kim Idar sjansen igjen etter fint forarbeid av Stein Erik og Stig, men aleine med keeper skyt han tre meter utafor.

Norborg styrte 1. omgang og skapte 8 store sjansar mot Stranda2 sin eine. Heimelaget er derimot både uheldig og udyktig i avslutningsfasen.

Kristian aktiv på kanten
Andre omgang startar litt tafatt, men etter ni minutt blir Kim Idar spelt fri av Kristian. Kim Idar har derimot ikkje marginane på si side og skyt i stolpen. To minutt seinare kjem Kristian seg rundt på venstrekanten, han legg fint ut til ein upressa Geir Ove som skyt ballen utagbart i mål frå ca. 16-17 meter.

Forsvarsproblem
Stranda2 kjem no inn i ein god periode. Etter eit kvarter spring ein Stranda2 angripar ifrå Kenneth Vegsund og kjem aleine med keeper, men avslutninga går til side for mål. Minuttet etter kjem reduseringa etter ei misforståing mellom keeper og forsvar. Ballen rullar forbi keeper og i mål. Ved halvspelt omgang blir Kenneth nok ein gong sprunge ifrå, men Kenneth og Norborg er heldig for avslutninga til Stranda2 spissen går utafor.

Kim sikrar tre poeng
Etter 10 dårlege Norborg minutt tek heimelaget igjen over spelet. Først slår Kristian eit frispark i stolpen. Så får samme mann god tid på kanten til å slå eit perfekt innlegg til Kim Idar som headar i mål. 4-2 og 13 minutt igjen av ordinær tid. Ti minutt før slutt får gjestane frispark frå ca. 20 meters hald. Skotet blir skrudd rundt muren og like over krysset. Ikkje langt frå ei redusering i den situasjonen. Ikkje lenge etter er det Norborg og Kristian som er i fokus. Kristian står upressa i feltet når eit overlegg kjem, men volleyskotet hans går like utafor. Når ordinær tid snart er over kjem Stranda2 på ein visitt. Norborg ser ut til å ha kontroll, men nok ein gong er kommunikasjonen mellom forsvar og keeper dårleg. Ein strandaspelar får pirka ballen forbi Kurt Erik, men stolpen stod i vegen for Stranda2 og returen tek Thorstein Volstad seg av. På overtid sette heimelaget i gang ei kontring tatt rett ut av læreboka. Kenneth avklarar til Kristian. Norborg kjem i ein 3 mot 1 situasjon. Kristian legg fint inn til Roger, som aleine med keeper velje å spele ut til Stein Erik som skyt i mål via stolpen. Veldig bra kontring av Norborg.

Norborg skårar 5 mål på ein dag då effektiviteten ikkje var av beste klasse. Mot ein betre motstandar kunne dette ha blitt svært kostbart. Norborg hadde 15 veldig gode moglegheiter og ein rekke halvsjansar. Konsentrasjonen i avslutningsfasen må betrast. Norborg stod i tillegg svært høgt, og med eit tregt midtforsvar kunne ein fort ha blitt hardt straffa.

Spelarvurdering

Kurt Erik Grytten: 5
Har lite å gjere, og opptrådde usikkert når han var involvert. Må ta på seg skylda for Strandas andre mål. Dårleg kommunikasjon med forsvaret. Hadde ikkje ei einaste kvalifisert redning og spelte sin dårlegaste kamp for sesongen.

Vebjørn Grytten: 6
Høgrebeinte Vebjørn greidde seg stort sett bra på feil side! Måtte stadig legge ballen over på høgra og dette tek tid. Har elles stort sett kontroll, men er tam framover.

Kenneth Vegsund: 6
Likar seg ikkje når Norborg står så høgt på bana. Blir sprunge i frå, og ved eit par tilfelle kunne det ha gitt mål imot. Ved den eine situasjonen greier han imidlertid å få Strandaspelaren ut av balanse slik at skotet blir for dårleg. Vinn det meste i lufta, og har enkelte gode langpasningar. Svak 6’ar.

Morten Kalvø: 6
Er saman med Kurt sterkt involvert i det andre baklengsmålet. Virka i enkelte situasjonar litt ukonsentrert, for så å ta fram det beste like etter. Slit med klareringane. God i lufta.

Øyvind Farstad: 7
Speler ein grei kamp på høgrebacken. Har få problem mot ein svak motstandar defensivt, men burde ha vore betre framover. Kunne ha forhindra 3-2 redusringa, men han skal ikkje få skylda for målet.

Kristian Søviknes: 8
Kristian treng ikkje å sette 1. omgangen på CV’en sin, men i andre var han god. Har to målgjevande og kunne fort hatt fleire av dei. Er også nær ved å skåre ved eit par tilfelle. Jobbar godt gjennom heile kampen.

Stein Erik Reitan: 8
Spelte bra både på sentral midtbane og på høgrevingen. Jobbar godt, les spelet og har både mål og målgjevande. Er mykje involvert og det fører også til at han gjer nokre feil, men er dynamoen i laget.

Geir Ove Grønli: 7
Vinn duellane og skårar eit mål. Er ikkje alltid like involvert i spelet, men vise ro og styrke. Har problemer når det går fort langs bakken.

Steffen Grytten: 6
Steffen skal få for innsatsen, men føler seg ikkje heime på vingen. Blir litt for treg og dei fleste innleggsforsøka er lette å blokkere.

Stig Wold: 7
Skårar nok eit fint mål. Har fart og arbeidskapasitet, og det burde ha blitt utnytta i ein større grad av medspelarane. Er litt upresis i avleveringane, men gjer sin beste kamp for sesongen.

Kim Idar Krogsethagen: 8
Kim skårar to mål, men det burde ha vore endå fleire. Bomma på fleire opplagte sjansar, men det positive er at han kjem seg til dei.