Austefjord/Volda2-Norborg 1-6 (0-2)
Vollane grus, 22.05.02
4 sjansar 12
3 hjørnepark 7
1 gule kort 1
Tilskodarar: 15
Dommar: Atle J. Hole, VRF -10
0-1 Geir Ove Grønli (8)
0-2 Tarjei Gjerset Urkedal (14)
0-3 Kenneth Gamlem (54)
0-4 Sjølvmål (60)
1-4 Stian Bjørkedal Fylling (64)
1-5 Kim Idar Krogsethagen (79)
1-6 Jan Vatnehol (84)
Geir Ove Grønli
Laget: Kenneth André Vegsund – Christian Søvik, Øyvind Farstad, Morten Kalvø, Vebjørn Grytten (Jan Even Drønnesund, 80) – Kristian Søviknes (Eirik York, 67), Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli (Frank Robert Grytten, 86), Tarjei Gjerset Urkedal (Stig Wold, 49) – Kenneth Gamlem (Jan Vatnehol, 67), Kim Idar Krogsethagen
Norborg utklassa heimelaget heile 6-1, og tok sin første bortesiger for året. På ei trong og hard grusbane vann Norborg dei fleste duellane, og viste angrepsspel av god kvalitet. Jan Vatnehol skåra sitt første mål i Norborgtrøya med eit elegant hælspark nokre minutt før full tid.
Norborg reiste onsdag til Austefjord utan sin einaste keeper, Kurt Erik Grytten. Han måtte kaste inn handkledet grunna ein skade. Forsvarskjempen Kenneth Vegsund måtte dermed ta på seg keeperhanskane.
Pangstart
Norborg gjekk rett i angrep etter avspark. Christian Søvik braut eit langt oppspel frå Austefjord, forserte framover på venstresida og spelte Kristian Søviknes igjennom. Innlegget fører til mykje klabb og babb inne i feltet før ein Norborgspelar får skote, men diverre for oransjetrøyene gjekk det like utafor. Tonen for kampen var likevel sett.
Etter åtte minutt får Norborg kast langt oppe på Austefjord sin banehalvdel. Eit langt innkast blir stussa vidare av Geir Ove Grønli, og etter litt fram og tilbake får samme mann ein retur som han breisider i mål til 0-1.
Etter fjorten minutt blir det 0-2 ved Tarjei Gjerset Urkedal. Nok ein gang er det på venstresida angrepet blir bygd opp. Christian kastar til Kristian som drar seg rundt backen, slår inn i feltet der Tarjei står heilt åleine å headar ballen kontant i mål frå ca. 11 meter. Eit flott angrep av Norborg, der rørsle og presisjon stemte heile vegen.
Etter dette kjem Austefjord litt meir inn i kampen, men Norborg er nærmare tre mål enn dei er redusering.
Etter 25 minutt slår Stein Erik et innoverskrudd hjørnespark som Kristian stussar på fremste stolpe. Ballen går litt fram og tilbake i feltet, før den igjen hamnar hos Kristian på fremste, som får fyrt av eitt skot som keeperen flikkar rett over tverliggaren. Det påfølgjande hjørnesparket fører også til ein stor moglegheit, der Morten skyt like utafor frå 16 meter.
Ti minutt seinare bryt Christian eit Austefjord angrep, slår ballen igjennom til Kristian på venstresida. Han slår tidleg ein ball langs bakken og inn i rommet bak forsvaret der Kim Idar lurar. Kim kjem heilt åleine med keeperen, men skyt dessverre rett på Austefjord sin gode keeper.
Norborg gjennomførte ein god første omgang Norborg vann duellane på midtbana, samtidig som Morten og Øyvind hadde full kontroll bakover i lag med resten av forsvaret. Dødballane var det også høg kvalitet over, spesielt frå Stein Erik.
Målkongen tilbake
Tarjei fekk ein smell i låret midtvegs i første omgang, og måtte dessverre for Norborg sin del gi seg etter nokre minutt i andre til fordel for Stig Wold. Og Stig brukte ikkje lange tida på å markere seg positivt. Etter 54 minutt får han lagt inn frå høgresida til Kenneth Gamlem i feltet. Han dempar ballen og sett den sikkert i mål til 0-3.
Like etterpå blir ein austefjording spelt igjennom åleine med Kenneth i Norborgmålet, men avslutninga blir meisterleg redda til hjørnespark.
Norborg sitt fjerde mål kjem på eit sjølvmål. Norborg har frispark på venstresida midt inne på Austefjord sin banehalvdel. Stein Erik legg eit hardt innoverskrudd frispark mot bakarste stolpe som ein austefjording stussar i eige mål, og kampen var vel i realiteten avgjort.
Etter 64 minutt gjer Morten ein av sine sjeldne feil når han misser på ei klarering, og det påfølgjande skotet frå 20 meter går i det lengste hjørnet for Kenneth.
Etter dette gjer Norborg ein del bytte. Jan Vatnehol kom inn på topp for Kenneth, og Eirik avløyste Kristian på venstresida.
Etter 75 minutt blir Kim spelt igjennom åleine med keeper av Jan, men nok ein gong avsluttar han rett på keeper. Nokre minutt seinare drar Geir Ove og Kim opp eit fint angrep der dei på ein-touch spelar seg igjennom heile Austefjordforsvaret, og Kim kan breiside inn 1-5 frå sju meters hold.
Vatnehol delikatesse
Fire minutt før slutt kjem dagens frekkaste mål, signert Jan Vatnehol. Han mottek ballen inne i sekstenmeteren heilt åleine med keeperen, og nærmaste forsvarsspiller femten meter unna. Likevel presterer han å ta ei kjempedragning som finter ut alt av med og motspillera før han hæler ballen inn til sluttresultatet 1-6, og ellevill jubel på Norborgbenken.
På slutten gjer også Jan Even Drønnesund sin seriedebut får året etter å ha vore ute med skade.
Norborg gjennomførte ein god kamp, mot middels motstand der duellspelet heile tida var den avgjerande faktoren. Forsvaret fungerte bra, midtbana jobba utrøtteleg heile kampen, og på topp var dei vakne og gode i duellane.
Dommar Atle J. Hole var fabelaktig.
Neste kamp for Norborg er heime mot ustabile Stranda2 onsdag 29.mai, då er det berre å møte opp og skape god stemning i dalen !
Spelarpoeng
Kenneth Vegsund 7
Måtte steppe inn då Kurt Erik Grytten vart skada. Gjer ein OK kamp. Burde kanskje ha tatt målet, men gjer ei god redning då ein Austefjording var igjennom.
Christian Søvik 8
Full kontroll kampen igjennom, men slurvar litt med pasningane.
Morten Kalvø 8
Nok ein god kamp av kapteinen, men minus for nokre klareringar. Missa på ei då baklengsmålet kom.
Øyvind Farstad 8
Spelar veldig bra saman med Morten i midtforsvaret. Både han og Morten var betre sist, men begge godt over gjennomsnittet. Taper noen duellar han skulle ha vunne, flink til å spele ballen raskt ut på sida\back når han bryt angrep.
Vebjørn Grytten 7
Til tider feilplassert og litt ivrig på å gå framover. Litt slurvete på nokre framspel, men gjer elles ein bra kamp.
Kristian Søviknes 8
Gjer sin beste kamp på venstresida for sesongen. Kjem seg rundt og får lagt inn.
Stein Erik Reitan 8
Aggressiv, gode dødballar, jobber bra. Har gode pasninger mellom back\ving\spiss\sentral. Trekt på grunn av ei lita periode då han datt litt ut av kampen.
Geir Ove Grønli 7
Spelar veldig godt så lenge kondisen held. Skorer det viktige første målet, vinn over 80% av duellane på midten. Men både han og Stein Erik blir litt lett utspelt av og til, og det når Austefjord speler kjapt langs bakken. Tydleg sliten siste halvtimen i andre omgang.
Tarjei Gjerset Urkedal 8
Jobbar godt, men greier ikkje å komme skikkeleg rundt på kanten for å legge inn framfor mål. Skårer eit fint mål, jobber veldig godt defensivt heilt fram til han blir skada (25-30 min av første) etter det dett han av, og blir heilt korrekt bytta med Stig.
Kim Idar Krogsethagen 8
Skårer eit mål på slutten, og det var på tide ettersom han bommer 2 eller 3 ganger åleine med keeper etter svake avslutningar. Litt slurvete med teknikken, og litt glad i ballen. Har teknikk til å spele på en-touch og bør gjer det litt oftare. Jobba godt og var ein stadig trussel.
Kenneth Gamlem 7
Speler bra, men manglar vel ein del på forma endå. Godt å ha han på topp i lag med Kim, skårar eit mål, og burde kanskje skort et til i 1.omg. God i duellane.
Stig Wold 7
Kjem inn for Tarjei tidleg i 2.omgang. Brukte ofte farta si på kanten, og skapte på den måten innlegget til Kenneth sitt mål. Slurva med klareringane, blant anna ei rett mot eige mål!