Ellingsøy-Norborg 6-1 (1-1)
Nes stadion, 23.04.02
Dommar: Arild Steinsbu
Tilskodarar: 4 ??!
0-1 Kim Idar Krogsethagen (3)
1-1 Kai Lorgen (30)
2-1 Lennart Clausen (50)
3-1 Ingolf Røren (75)
4-1 Harald Frostad
5-1 Kristoffer Hove
6-1 Øyvind Standal
Norborg tapte generalprøva før seriestart med 6-1 mot Ellingsøy. Sjølv om resultatet i seg sjølv er stygt, var det mykje positivt spel å spore hos Norborg.
Allereie etter 4 minutt slår Øyvind Farstad ei klarering opp i bakrommet til Ellingsøy. Der er Kim Idar Krogsethagen på løp, og lobbar ballen elegant over keeperen og i mål. Ei lekker skoring av Norborg sin notoriske måljeger. Utover i omgangen varierer spelet mykje fram og tilbake, uten at noen av laga kjem til dei store sjansane. På Ellingsøy går det meste av spelet innom rutinerte Ingolf Røren på sentral midtbane, men uten noko særleg tempo i spelet frå Ellingsøy si side, blir det ein lett jobb for Norborgforsvaret å demme opp. Etter ca. 30 minutt utliknar Ellingsøy på eit innlegg frå venstre som ein speler får stå heilt fri inne i feltet å heade i mål bak ein god Kurt Erik Grytten.
Norborg-dominans
Etter 5 minutt i 2.omgang går Ellingsøy opp i 2-1 etter at Lennart Clausen setter eit frispark direkte i mål frå 20 meter. Kurt Erik var sjanselaus. Etter dette er det Norborg som dominerer dei neste 20 minutta, mykje takka være godt kantspel av Alexander Gamlem, og ein aktiv Kim på topp. Kim har to ganger gode skotforsøk frå 16 meter, og i tillegg utfører han eit akrobatisk brassespark som keeperen reddar meisterleg.
Norborg raknar
Dei siste 20 minutta blir store deler av Norborg sin første 11´er bytta ut, slik at innbyttarane skal få kamptrening, og til tross for nokre redningar i verdsklasse av Kurt, kan han ikkje forhindre at Ellingsøy får skort fire enkle mål på dei siste 15 minutta.
Grei gjennomkjøring
Alt i alt, var dette ei bra gjennomkjøring for Norborg, fire dagar før seriepremiera mot Larsnes laurdag klokka 15.00. Men det viser at Norborg treng å få skada spelarar som Roger Grytten og Tarjei Urkedal på bana heller før enn seinare. Ellingsøy på si side kan gå ein tøff sesong i møte, med det spelet dei viste mot Norborg vil nok dette føre rett ned i 4.divisjon igjen, viss dei ikkje har nokre ekstra gir å sette inn når alvoret starter.
Norborg sitt lag: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Morten Kalvø, Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad – Christian Søvik, Kristian Søviknes, Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem – Steffen Grytten, Kim Krogsethagen
Innbytterar: Geir Ove Tennfjord, Geir Ove Grønli, Jan Vatnehol, Geir Magne Grande, Gustavo Pedreira, Frank Robert Grytten