Norborg – Fredrikstad B 4-2

Norborg-Fredrikstad XI 4-2 (3-1)
Aars treningsbane, 24.03.02

1-0 Kim Idar Krogsethagen (13)
1-1 ? (20)
2-1 Kristian Søviknes (str., 39)
3-1 Kim Idar Krogsethagen (43)
4-1 Tarjei Gjerset Urkedal (55)
4-2 ? (65)

Norborg reiste frå Haram tidleg laurdag morgon, og etter ein lang dag på buss, og ei natt på danskebåten, kom laget til Aars søndag morgon. Umiddelbart etter innsjekkinga på hotellet gjennomførte Norborgarane si første trening på dansk jord. Norborg er tildelt to baner av bra kvalitet, og veret er strålande. Etter ei lett trening og avslapping, var det klart for kamp mot Fredrikstad.

Norborg spelte ein god kamp mot eit ungt Fredrikstad lag, og vann 4-2. Kampen var jamspelt, men Norborg var mest effektive framfor mål. Kim Idar Krogsethagen ser ut til å trivast i Danmark, og utgjorde den store forskjellen på laga med sine to mål. Kristian Søviknes skorte på straffe, medan Tarjei Gjerset Urkedal fortsette sin fine trend med å lage Norborg sitt siste mål.

Fredrikstad stilte stort sett med juniorspelarar. Dei hadde eit jamt bra lag, men fysikken vart for dårleg i møtet med Norborg.

Startoppstilling: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad, Vebjørn Grytten – Kristian Søviknes, Eirik York, Tarjei Gjerset Urkedal, Alexander Gamlem – Kim Idar Krogsethagen, Kenneth Gamlem

Trenar Sindre Hildre gjorde mange bytter i løpet av kampen, og alle fekk prøve seg. Jan Vatnehol og Steffen Grytten var ikkje med i troppen mot Fredrikstad på grunn av skade.