Valder-Norborg 2-1
Sunnmørshallen, 16.03.02
1-0 Tom Gøran Jønsson (30)
1-1 Tarjei Gjerset Urkedal (75)
2-1 ? (85)
Kim Idar Krogsethagen
Vebjørn Grytten
Norborg gjorde ein god kamp mot ambisiøse Valder. Det vart til slutt eit knapt tap, men det kunne fort ha godt annleis. Norborg var det førande laget gjennom store delar av kampen, men var ikkje dyktige nok framfor mål. Norborg sin bestemann, Tarjei Gjerset Urkedal, skåra Norborg sitt mål.
1. omgang
Valder var på førehand klare favorittar i denne treningskampen mot eit noko reserveprega Norborglag. Det var likevel Norborg som opna best, og kom seg til nokre halvsjansar dei første 5 minutta. Så tek Valder gradvis over spelet, og etter 15 minutt skyt ein Valderspelar i stolpen. Etter dette kjem det ein periode der kampen fell i kvalitet, og det blir skapt få store sjansar. Etter ein halvtime skårar Valder. Ballen blir slått opp frå egen banehalvdel, Tom Gøran Jønsson er på løp, mottar ballen, spring mellom Øyvind Farstad og Vebjørn Grytten, og sett ballen i mål. Like etter målet skaper Norborg sin største sjanse. Alexander Gamlem og Kim Idar Krogsethagen kombinera bra ute på høgrekanten. Ballen blir slått inn mot Kristian Søviknes, som diverre skyt utafor. Ein stor sjanse til Norborg, som burde ha resultert i mål. 10 minutt seinare får Norborg frispark. Søviknes legg ballen på hovudet til Kenneth Vegsund, som headar rett på keeper. Like etter er det Valder som er i angrep. Etter dårleg forsvarsspel av Norborg, får ein Valderspelar avslutta like utafor.
Ein jamspelt 1. omgang der Norborg hadde fortent uavgjort, men det er tydeleg at fleire faste og rutinerte spelarar er borte.
2. omgang
Sjansefattig opning av 2. omgang. Det tek 10 minutt før Norborg får til eit skikkeleg angrep. Nok ein gong er det Alexander og Kim Idar som kombinera på høgresida, og legg inn til Kristian, som lurer framfor mål. Kristian får til eit skot, men det blir avverja til hjørnepark. Hjørnesparket renn ut i sanden. Norborg gjer midtvegs i omgangen nokre bytte. Juniorane Torstein Volstad og Ole Jonny Gamlem kjem inn. Norborg har stadig eit lite spelemessig overtak, men lite skjer fram til Tarjei utliknar i det 75. minutt. Tarjei kjem igjennom på høgresida, luskar seg fram mot mål, ventar ut keeper, og sett ballen roleg i motsett hjørne frå skrått hald. Ei fortent utlikning. Etter utlikninga vakna kampen. Først er det Valder som er frampå med ein sjanse, men Kurt Erik Grytten tek seg lett av avslutninga. Minuttet seinare er Tarjei nok ein gong igjennom på høgresida. Keeperen kjem ut og feller han, alle ventar på straffe, men dommaren markerer for frispark på 16-meteren. Frisparket resulterer i eit hjørnespark, som går rett i klypene på keeper. Fem minutt før slutt skårar Valder. Ein Valderspelar kjem åleine mot Kurt Erik, men Kurt Erik gjer ei glimrande beinparade, ballen går i returrom der ein Valderspelar sender av garde eit skot som går i boge over Kurt Erik og i lengste hjørne. Dermed 2-1 til 4. divisjonslaget Valder. Etter dette har Valder full kontroll, og skaper i tillegg eit par sjansar, men Kurt Erik står ein bra kamp og reddar glimrande.
I følgje våre rapportar var det Tarjei Gjerset Urkedal, Øyvind Farstad, Stein Erik Reitan og Kurt Erik Grytten, som viste seg fram frå ei positiv side.
Laget: Kurt Erik Grytten – Jan Even Drønnesund, Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad, Vebjørn Grytten – Kristian Søviknes, Stein Erik Reitan, Tarjei Gjerset Urkedal, Alexander Gamlem – Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten
Innbyttarar: Torstein Volstad, Adrian Volstad, Ole Jonny Gamlem og Frank Robert Grytten
Takk til Frank Robert og Espen, som var flittige til å notere i denne kampen.